Om hundre år!

30.07.2019, 07:26

2 kommentarer

     Det er duggvåt i graset der eg trør. Sola er på veg opp, i stillheten kan eg høyra fuglane kvitra sine historier. Turistane, ein heil masse av dei her på campingplassen, sover visst enda. Me er sør i Tyskland, ved byen Mainflingen, ved elva Main, som navnet seier.

     Me har kjørt langt dei siste dagane. Kjørt fra vakre, varme Kroatia, gjennom Slovenia, og til Østerrike. Der sov me ei natt, på ein overfylt campingplass. Så bar det videre inn i Tyskland, til den lille, koselige byen Bernau. Blei nok ein smule våt i tidenes regnvær der, men festivaltelt stod like ved siden av oss, så me fekk ompamusikk til frokost, lunsj og middag. Heile befolkningen trossa været, og stilte opp i sine flotte folkedrakter. Alt me får oppleva!

     Men tanken på Kroatia har ikkje heilt forlatt meg enda. Fortsatt tenker eg på det fantastiske landet, naturen og menneskene. Og ja, eg vett eg er ein smule opphengt, blir lett begeistra. Den siste byen me besøkte, NIN, var ein heilt spesiell opplevelse. Og bare så tilfeldig at me havna der! Me hadde tenkt oss til Zadar...

     Fordi alle campingplasser var fulle, kjørte me litt på måfå, og fant til slutt ledig plass til våre to bilar der. Og me angra ikkje et sekund!

      NIN er den eldste byen i Kroatia, ligger på ei øy, og er forbundet med fastlandet med to bruer. Den lille byen er full av historie, og har verdens minste katedral. Den har ein 3000 år gammal historie. Den var den første politiske, religiøse og kulturelle senter i Kroatia. 

     Her budde biskop Gregory of NIN. Ein staut herremann , sentral i Nins historie. Ein stor statue av biskopen finnes her, med ei overdimensjonert tå. Legenden seier nemlig at den som berører biskopens tå, kan få ønsker oppfylt. Gjett om me berørte tåa hans! Eg som generelt helst ikkje berøre andres tær, kjælte lenge med denne...

     Byen er mykje meir enn biskopar og tær. Trange gater med vakre, gamle bygg. Utgravninger av gamle buplassar foregår. Og selfølgelig, her er turisme på høgt nivå. "Jallasjapper", kafeer og restauranter i fleng. Og midt oppi dette, kroater som lever sitt vanlige liv. Som spiser sin frokost på terrassen, tutler litt i huset, og tar vare på dagliglivet sitt. Her er også flotte strender, og det foregår saltutvinning. Det virker som økonomien i området er bra, mange flotte hus å sjå!

     Eg kunne skreve mykje om NIN. Byen, og den vakre naturen gjorde inntrykk. Og når ein går rundt, midt inni historien, får ein litt perspektiv på ting. Alle desse menneskene som skapte denne historien. Dei er alle blitt til støv. Bortsett fra biskopen med tærne, er det ingen som huskar dei. Alle desse, med kvar sin historie, er borte og gløymt. Og det får meg til å tenkja på generasjonene som lever i verden no. Om hundre år er me antagelig alle borte, og gløymde. Me er bare smuldrende bein på kjerkegården. Om ikkje då forskning og teknologi er kommen så langt at me får ny ungdom....

     Me får vår tilmålte tid. Og eg er takknemlig for det. Me er heldige, privilegerte. Me lever godt, kan farta rundt i MR Carver, og sjå sånne utrolige plasser. Og få dela dette med venner, det er det beste av alt. Så glade for at Susan og Hans ville væra ein del av dette. Uten Hans sin ekspertise, ville me nok væra litt "lost". Han har oss under stadig opplæring. Susan er vår matguide, den som finner dei beste restaurantene. Og slik blei det i NIN også, me fekk herlig mat. Sjøl om myggen satt i hekken ved min side, og bare venta på å få bora litt i nytt kjøtt.( les:meg).

     Hvis me lever, og har helså, blir det kanskje ein ny tur til NIN neste sommar. Og til Pula, Trogir, Rovinsj, Fazana og alle dei fantastiske stedene me har besøkt. Me er på veg nordover i flotte Tyskland, og gler oss til fine opplevelser her også. 

     Og så lengtar eg litt. Savner barn og barnebarn. Familie og venner. Lindy og Steinar som me elskar å kjøra saman med. Men sommaren er ikkje over enda. Nye eventyr kan venta på oss!

     Ønsker alle ein strålande dag! Og gjere eg noko dumt, huskar eg på at om hundre år er alt gløymt!

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler