Valgets kvaler!

16.08.2019, 08:12

     JA, DET NÆRMER SEG, VALG! 

Me må snart bestemma oss. Me er mange frustrerte innbyggere i Karmøy kommune. Me er opprørte over det som skjedde med sykehjemmet i Skudeneshavn, der et flott, forholds nytt bygg blei revet. Me er ikkje ein gjeng med tankeløyse veljarar, me skjønnar ikkje logikken bak dette. Me lurer på korfor desse me har valgt, ikkje høyrer på grasrota. Lokalpolitikk handlar vel om å ivareta innbyggjarane sine interesser? Og lytta til kva dei seier? Mange av oss har stor forståelse for at politikarane må foreta vanskelige valg. Men det bør væra ein viss form for logikk i desse valga. Hadde eg eit flott, arkitekttegna , forholdsvis nytt hus, hadde eg vel ikkje reve det, for kanskje, bare kanskje, fått bygd eit nytt der eg kunne leva mine siste dagar?

Gjort er gjort. Dei som budde i huset er flytta nordover på øya. Dei får foreløpig ikkje bruka sin umistelige siste tid på heimplassen sin i Skudeneshavn. Dei pårørande må bruka lengre tid på besøk, kanskje ikkje alle har bil. Dei som trivdes på sykehjemmet skjønner ikkje korfor dette måtte skje. Me gråter over slike valg!

Men no skal me igjen velga. Hører ofte kommentarer som; " ingen vits i å velga, dei høyre ikkje på oss, uansett".  Eller;, " det er det samme kim som styrer politikken, alle er like". Det er ikkje sant! Me som innbyggjarar er med på å forma kommunens politikk, går me ikkje til valgurnene, kan me heller ikkje væra med på å forma kommunens politikk. No er det jo også slik at mange av våre dyktige politikere har partitilhørighet, og må velga i overensstemmelse med moderpartiet. Som blir styrt fra storpolitikken . Det betyr at ein kanskje må stemma mot sin egen overbevisning!

Susan Borg har opplevd dette. Susan, kjent politiker bosatt på Sør-Karmøy, blei ekskludert fra Fremskrittspartiet da ho stemte med sin egen overbevisning, det ho meinte var best for øya og innbyggjarane. Vel, det var partiet sitt tap. Dei mista ein profilert politiker med stor tilhengerskare. Ein modig politiker som snakka " Rom midt imot". Ikkje bare ho, men fleire tok hatten sin og forlot partiet. Men ikkje for å gi opp! Nei, for å styrka lokalpolitikken kontra storpolitikken.

For no har dei danna eit reint lokalparti. Karmøylista. Som kun jobbar for innbyggjarane i Karmøy, og for sine hjertesaker. Eg skal ikkje ramsa opp dette her, men anbefaler å lesa programmet deiras. Dei vil jobba for dei nære ting, uavhengig av kva Erna, Jonas eller Siw meinar. 

( bilder er lånt fra partiets Facebookside)

Kim skal me stemma på? Eg er enda ikkje heilt sikker. Eg har stemt meir mot venstre enn mot høgre. Eg har vore medlem av LO i alle år, og takk og pris for det. Eg har fått uvurderlig hjelp. Eg har jobba hardt, i eit lavtlønnsyrke, der eg måtte sloss for mine rettigheter. Så eg har stemt etter hjerta mitt, der eg har følt at Arbeiderpartiet var nærmast. Men, eg har finlest Karmøylista sitt program. Eg har hatt gode samtaler med Susan. Ho er rådyktig, og svært engasjert i å gjera det beste for øyas befolkning. Eg trur dei kjeme til å gjera eit brakvalg. På samme tid synes eg Jarle Nilsen har vore ein fantastisk ordførar, ein flott representant. Han er ein flott og dyktig politikar, også interessert i det beste for Karmøy!

Så valgets kvaler slite eg med. Karmøylista har eg fått stor respekt for. Og ønskjer at dei får mange stemmer, eg trur dei kan gjera ein forskjell i lokalpolitikken. Også rusproblematikken har fått plass hos dei. Ungdom og rus er et stort problem i Karmøy, kanskje større enn me i vår beskytta tilværelse er klar over. Og dei som er så heldige å komma i behandling, trenge et støtteapparat i etterkant. Studieplass, jobb, bolig, oppfølging. Forebygging er veldig viktig. Rusmisbruk rammer så vidt, familie og venner blir berørt. Dette er viktig å åpna augene for i vårt lille samfunn!

Det er enda litt tid igjen. Til å lesa partiprogrammene. Til å høyra på politikarane. Men trur me på dei? Det er trist hvis me heilt mister tilliten til dei folkevalgte. For det er tross alt dei som skal avgjera koss lokalpolitikken skal bli dei nærmaste åra. Og drømmen min er eit lite øysamfunn der me bryr oss om kvarandre. Ikkje bare mela vår eiga kake. Der det skal væra trygt for våre unge å veksa opp, der ulike fritidstilbud står klar for dei. Og at alle blir fanga opp, også dei som faller litt utenfor. Eit lokalmiljø der me tar godt vare på våre gamle, ( begynne jo å bli godt vaksen sjøl), der politikarane høyre på veljarane sine. Håper ikkje det bare blir med drømmen!

Så stem, folkens! Ikkje la oss bare sitja og klaga, vær med på å velga! Om det blir Karmøylista eller andre, vær med på å bestemma!

Eg ønskjer Karmøylista masse lykke til med valget! Eg ønskjer Jarle Nilsen og Arbeiderpartiet lykke til! Og sjølsagt dei andre partiene, sjøl om dei ikkje får min stemme. Trur eg...

GOD HELG, OG GODT VALG!

Del artikkel:

BloggiShop

Relaterte artikler