Skal, skal ikkje??

22.02.2021, 20:57

10 kommentarer

DET ER LENGE SIDEN eg har vore inne på bloggen. Så lenge siden, at eg nesten har gløymt at denne bloggen min eksisterer. Det stoppa litt opp med skrivinga, og eg følte vel at eg gjentok meg sjøl ein smule..

SÅ EG MÅ KANSKJE ta ein avgjerelse? Skal eg fortsetja å blogga, fortsetja å plaga mine stakkars medmennesker med trivielle ting og mine nokon gongar tvilsomme tankar?

JEPP, HER ER EG IGJEN. Tilbake med bilder, litt tanker, og kim vett kva. Er jo svært glad i å skriva, så eg får sjå kor det tar meg!

CORONA! Verden har forandra seg det siste året for oss alle. På denne tida brukar me nyta sol og varme, på Gran Canaria. Saman med gode venner og nye bekjentskaper har me nytt livet, med gode matopplevelser, herlige soldager og kjekke turistopplevelser.

 

 

 

 

 

 

 

GRAN CANARIA FØLES som ein fjern draum. Som ganske så voksne individer, med den eine etter den andre skavanken, vågar me ikkje reisa før me er vaksinert. Også av hensyn til våre kjære, som heldigvis blir bekymra for vår helsa. Eg tenkjer at me er heldige, som har ein viss frihet, kan treffa vår nære familie, og sleppa isolasjon ig vond einsomhet.

SÅ NO ER DET HYTTA på Moster som har vår fulle oppmerksomhet, og er vår store glede. Og jobb. Me var heldige, fekk kjøpa hytta av onkel Jens, ei hytta han bygde sjøl, for seg, tante Millan og Tommy. Nydelig beliggenhet, like ved sjøen, der eg sprang rundt i min barndom. På vakre Grindheim.

 

 

 

IFJOR TENKTE EG ALDRI at me skulle bli hytteeigarar på Moster. Eg elskar livet under palmene. Men du verden kor herlig det er å dra ut på sjøen i allslags vær, føla på spenninga ved fiskelykke, og nyta ein fantastisk skjærgård. Kjenna lykkefølelse ved å eta sjølfanga fisk. Sitja i timevis og rensa krabbe, slik at hendene mine stinkar i timevis etterpå. Nyta stillheten på terassen, sjøl om fiskesloen eg fekk i håret, ikkje forsvant i hårvasken. 

ME HAR DET FINT! Me har et prosjekt, som antagelig strekke seg langt fram i tid. Det går ikkje så fort i svingane med oss, ting tar litt tid. Ikkje alltid kroppen spelar på lag. Men fantastisk at me blei hytteeigarar, i slike coronatider. Me kan tilbringa tida vår på denne vakre plassen og eg kjenner at det er godt å komma heim. 

DET BLEI JAMEN ET BLOGGINNLEGG i dag. Og kanskje kjem det fleire. Vett ikkje om nokon gidde å lesa, og følga meg vidare. Spennande å sjå!

Takk for no!

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler