Ein heilt alminnelig tirsdag!

23.02.2021, 14:40

1 kommentar

    DET ER TIRSDAG, ein heilt alminnelig dag i februar. Litt hustrig ute, og lett å ligga lett henslengt på sofaen. Trykkja på fjernsynet, og ta imot ein masse inntrykk eg ikkje har bruk for. Som ikkje pirrar hjernecellene mine. Men eg befinne meg i ein tilstand av venting. Vente på vaksine, vente på å reisa, vente på å gi mine kjære ein god klem, vente så absolutt på bedre tider.

    I DENNE VENTETIDA burde eg så absolutt hatt meir sjøldisiplin. "Eg burde ikkje-lista" er ganske lang. Eg burde ikkje eta så mykje sjokolade, kaker og dei nydlige, kvite horna med tonnevis av smør og ost. Eg burde rasjonera Pepsi Max. Is er også uhyggelig godt. Nei, eg burde spisa knekkebrød og frukt. Masse grønnsaker, som eg faktisk elskar. Burde væra ute i naturen, gå lange turar. Og eg planlegger, altså. Ser føre meg at eg vandrar lange turar i skog og mark, sprette opp tunge bakkar med et vakkert Solidoxsmil. At eg lett joggar på Åkrasanden, i mine velsitjande, skinnande treningsklær....

 

    VEL, SEIER FORNUFTEN,  dream on!  Og kanskje bør eg begynna ein plass, det er litt meir motiverande. Så no blir det vel bare Pepsi Max i helgene! Og ein liten skvett på mandag eller tirsdag...

     MEN NÅR EG SER alle dei fantastiske, vakre, sunne og evigunge menneskene på fjernsynet, lurer eg jo på kvifor eg ikkje kan væra slik. Med sin feilfrie hud, slanke kropp og alltid krittkvite tenner. Krittkvite tenner ser ut til å væra et must! Mine egne, delvis gule, har sett sine beste dagar. Dei tennene eg har igjen...

     JO, DET ER NOK PÅ TIDE! Bruka avknappen på fjernsynet, legga vekk den spennande boka. Ta på støvlane og jakka, komma meg litt ut. Kjenner et flott par fra Syre, Susan og Hans, dei har lagt vekk fjernkontrollen ei stund kvar dag, og verkeligen hatt eit gjennombrudd. Dei er ute kvar dag, lar seg ikkje stoppa av vær og vind! Så kanskje kan eg bli inspirert av dei, og bli inspirert av Facebookgruppa som nylig blei oppretta, for å få folk opp av sofaen, og ut i bevegelse og natur.

     FOR DET GÅR AN å legga om livsstil og kosthold. Ikkje enkelt, men det kan gå an! Så i mårå får eg sjå, kanskje det blir ein liten tur? Ein pitteliten ein, iallefall?

     FOR ME HAR ein fantastisk natur her på Karmøy. Krittkvite strender her på vestsida. Innover i marka er det mykje stein, og myrlendt terreng. Me er jo vane med at Vårherre pøsar vatn ned over oss, så det er lurt med vanntett fottøy. (No høyres eg ut som reklame for ein sportsbutikk)...

    IKVELD BUR EG på sofaen. NRK2 har et program om Pompei, den byen har eg faktisk besøkt. Og blei veldig facinert! Og eg tenker, håpar, at eg kanskje, ein dag, kan reisa tilbake dit. Oppleva igjen den spesielle stemninga som kviler over den utgravde byen. Med dei fleire tusen døde. Begravde i mange meter vulkanaske!

 

 

 

 

 

 

 

       VERDA ER BLITT ramma av mange katastrofer opp gjennom tidene. Og slik vil det fortsetja. Og tuklar me for mykje med naturen, blir det fleire. La oss bare håpa at ikkje altfor mange mennesker må dø framover. At det ikkje blir så mykje lidelse. Må Vårherre passa på oss alle!

GOD NATT!

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler