VERDENSMESTER!

07.03.2021, 19:00

3 kommentarer

 

EIN NYDELIG SØNDAG!

       Utrulig spennande 5-mil for herrer i dag, og spørsmålet er; blei Klæbo verdensmester? Å, hjerta mitt blødde for han, der han blei diska. Tenk deg følelsen, du strir deg gjennom ei beinhard 5-mil, går i mål mens kroppen tar ut dei siste reserver. Det som skal væra det mest utrulige du kan oppleva, bli verdensmester i denne manndomsprøven, blir til ein nedtur. På grunn av ein avgjerelse du tar i dei siste sekundane. Ser Norge anka avgjerelsen, så vil følga dette med spenning. Eg heie på fantastiske Klæbo, for ein utrulig ungdom!

       Eg heie og på skjønne Konrad, bonusbarnebarn som har besøkt oss i helga. Han er ei solstråle, ei fantastisk oppmuntring i desse tider. Me er heldige, som får ha desse små i livet vårt. Åra går bare så altfor fort!

VÅRFORNEMMELSER I KROPPEN i dag. Sola varmer, snøklokker og krokus blomstrer i bakken ved hytta. Må me få mange slike dagar framover! I mårå håper me på fisketur, bare det ikkje blir for mykje vind. Me har ein vakker skjærgård her på Moster, perfekt for fisketurer!

I NESTE VEKA får me vita om det blir nye innskrenkningar i liva våre. Coronaspøkelset påvirker oss alle. Me er jo drittleie, me har lyst til å få kvardagen vår tilbake. Men, me må nok bita tennene sammen, sloss videre mot ensomhet, økonomisk nedgang, avstand til våre kjære, og avlysa reiseplaner. Så eg takkar Vårherre for hytta, det er vår terapi. Og Moster er jo ein fantastisk plass, kanskje ein altfor dulgt hemmelighet? Om ikkje verdens navle, så iallefall nydelig natur, og fantastiske mostringar. Når vår og sommar nærmar seg, så reknar eg med å få besøk av masse venner som er nysgjerrige på dette ferieparadiset....

GOD SØNDAG KVELD!

 

.

 

 

 

 

 

 

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler