SÅNNE DAGAR.

11.03.2021, 08:57

4 kommentarer

     EG PRØVAR å tenkja positivt. Formanar meg sjøl om å tenkja positivt. Men så vaknar eg ein morgon, gløttar på gardina, og har mest lyst til å krypa under dyna igjen. For ute er det drittvær. Det regnar og sluddar, og vinden bles rett inn frå søraust. Alle planane eg hadde, ein lang tur og diverse malararbeid blir automatisk skrinlagt. "Stay positive", tenkjer eg, og slepar meg ut på badet. Dukkar ansiktet ned i vasken, og pøser på med vatn. Sjokkoppvåkning er det beste. Ser inn i spegelen, det et grått og trist ansikt møter meg, litt hovne auge ser ikkje akkurat så freshe ut. Her nyttar desverre ikkje dei flottaste kremar. Så løysninga blir å ignorera spegelen, lukka augene, og forestilla meg at den slitte dama var ein annan person!

NO SER EG IKKJE så veldig bra. Uten linser er det meste bare konturar. Så sånne dagar er det greit å sjå seg i spegelen. Til og med været ser bedre ut! For ikkje å snakka om alt støvet eg ikkje ser i huset, alle overflater ser reine ut. Men er linsene på, så kan eg få nokon ubehagelige overraskelser! 

DETTE MED VÆRET er dumt å terpa på. Men eg blir så jysligt påvirka av det! Er det sol, er alt så mykje lettare og lysare. Er det også vindstille, vekse arbeidslysten fram. No når det går mot vår, og dagane blir lengre, er eg lei av snø og kulde. Mandag og tirsdag denne veka varma sola så herlig, og snøklokker og krokus formelig spratt opp av bakken ved hytta!

     PÅ SLIKE DAGAR kan ein sitja i solveggen og kjenna at livet er godt. Beundra den vakre naturen rundt oss, og gløyma trøtte tryner og stygge morgenopplevelsar ved spegelen. Kjenna arbeidslysta bobla litt, men lar den ikkje ta heilt av. Ikkje starta på altfor store prosjekt, for neste dag kan været slå om igjen. Nei, gripa slike dagar, og kanskje ta ein tur på sjøen. Me har jo ein liten båt liggande i Grindheimsvågen, og er blitt ivrige fiskarar. Som jentunge var eg mykje ute på sjøen, og pappa viste meg fiskeplassar. Men det meste har desverre gått i gløymeboka. Som så mykje anna.

     MANGE GODE MINNER dukkar opp når eg er på Moster. Dei som er borte kjem så nært igjen. Det føles som om dei er rundt meg, og eg tar meg i å snakka med dei nokon gongar. Savnet blir veldig sterkt til tider. Når eg er på sjøen, huskar eg turane me hadde i båt, ut i holmane og bada på fine sommardagar. Det hendte me hadde med telt, og overnatta i Sørøynå. Der var det og badeplass.

HUSKAR OGSÅ at eg elska å få væra med ombord i "HYSTAD",  fraktebåten pappa og bestefar hadde. Sjøl om eg berre var ei lita jenta, huskar eg kor eg elska denne båten. Den var gammal, bygd i 1884. Båten heitte då "HINDØ". Bstefar kjøpte den i 1960, og i 1963 blei den omdøypt til "HYSTAD".

 

     DEN FORLISTE ved Stadt i 1966, med eternittlast. Ei åpen lugardør der sjøen slo inn, var grunnen til forliset. Pappa, bestefar, tante Millan og onkel Jens måtte gå i livbåt, og blei plukka opp. Usikker på om det var fleire ombord. 

NB! Liten oppdatering! "Onkel" Erling, som me kalla han, Erling Halvorsen, var også ombord då båten forliste, fekk eg vita av dotter hans, Kari, i dag. Tommy Jensen, mitt søskenbarn, ein liten gut då, var også med. Familien mista mange ting dei skulle ha i nytt hus!

     MEN HUSKAR godt da beskjeden kom. At "HYSTAD" var gått ned. Og huskar så godt, at det eg tenkte på var trekkspelet til bestefar. At no hadde han mista sitt elskede trekkspel! 8 år gammal hadde eg søvnlause netter på grunn av eit trekkspel...

 

     

BESTEFAR var ein staut kar, også utan trekkspel...

     SJØEN LOKKAR, så me håpar på bedre vær til helga. Me har store draumar, om fisk til middag, om fisk til fiskekaker. Og me lærer stadig nye ting, av dei kjekke fiskarane på Moster. Dei som har holdt på i ei årrekke, og vett kor fisken står. Og ka tid fjorden er tom. Og skjærgården er jo bare fantastisk!

 

 

 

     CORONAVAKSINEN virkar å væra langt borte. Ingen informasjon får me heller, så me kan ikkje planleggja. Dermed er det bare å stå opp om morgonen, grua seg til møtet i spegelen, og prøva å møta den nye dagen med ei positiv innstilling. Takka Vårherre for at eg får ein ny dag, slik er det ikkje for alle. Takka for at me har unngått smitte til no. Og så er eg jo redd for dei eg har kjær, så sende ei lita ekstrabønn for dei. Trur kanskje Vårherre ikkje er så sterkt intressert i fiske, men skadar ikkje å be om litt fiskelykke også. Ein veit jo aldri...

     DET ER RART at eg ser gammal ut utanpå, men er så skrekkelig ung på innsida. At eg fortsatt ikkje er klok og verdensvant. At eg fortsatt er fryktelig usikker, og trenger råd og hjelp. Og som eg seier til pappa, der heima på Moster, eg savnar deg slik, kunne trengt å få snakka med deg! Men han svarar ikkje. Sjøl om eg føler han er nær. Og slik skal dei leva i minnene mine, dei som er gått videre. Til ein dag ingen huskar dei lengre. Og det er trist å tenkja på!

 

     DÅ ER DET PÅ TIDE å starta dagen. Så får eg sjå om eg gjere noko kreativt og samfunnsnyttig, eller om det blir fjernsyn og snopeskåla. Eg har iallefall valget. 

Ønsker alle ein fin torsdag!

Del artikkel:

Relaterte artikler