SÅ FINE DU ER!

13.03.2021, 18:01

6 kommentarer

     TENK OM me hadde vore litt flinkare til å skryta av andre! Bare små komplimenter, nokre fine ord om dei av og til! Eg er desverre flinkare til å halda dei fine orda inni meg. Tenkja dei, men ikkje ytra dei. Tenker jo at nokon har fint hår, eller ein nydelig genser. At dei stråler, eller ser flotte ut. Men tausheten råder visst oftest. Trur nok dei fleste av mine medmennesker blir glad for litt skryt. Ikkje åpenbare løgner, om vekt eller alder. Ikkje sei til overvektig 60 åring,: " Jøss, du er ei slank sexbombe!" Eller til ein rynkete 40 åring,; " Anbefaler du ein god ansiktskrem? Ser du har ein bra ein"..

     Å SJÅ VÅRE MEDMENNESKER, la dei vita at dei betyr noko! Og gjera det før det er for seint. Gi dei blomster mens dei lever! Tenkjer ofte på at eg ikkje har vore flinke til å sei at eg er glad i nokon. Det sete ofte så langt inne! Og når dei ikkje er der, er det for seint! Då eg vaks opp, var kyssing og klemming noko som var forbeholdt dei små. Når me blei eldre, var det som det blei etablert ei grensa. Då blei det meir handhelsing. Meir avstand. Eg har 5 søsken, alle yngre enn meg. Me koste og klemte på dei yngste. Men  me eldste holdt meir avstand.

     MAMMA HADDE HENDENE fulle, med 6 unger i et gammalt, tungvint hus. Eg huskar utedo og henting av vatn i kjelda då eg var liten. Heldigvis blei det toalett og vatn i krane etterkvart. Men me var heldige, me i ungeflokken, me hadde varme og ansvarsfulle foreldre. Eg huskar godt at dei hadde dei minste på fanget, og koste med dei. Men kan ikkje huska, at då me blei eldre, og skulle dra nokon plass, at me klemte kvarandre. Nei, me sa adjø, og fekk våre formaningar på vegen. Me var jo veldig glad i kvarandre, men var og reserverte. Heller ikkje i venneflokken var det klemming. Nei, me holdt kanskje kvarandre i armen, men ikkje meir.

I DAG HAR både eg og andre forandra oss. Jentene mine, og "bonusane" mine er rause med klemmar. Når det ikkje er coronatider!  Også blant våre venner ser eg at det blir meir spontan klemming. Eg slite nok enda med reservasjon, er nok ikkje så flink til å gi av meg sjøl!

 

 

     SØSKEN ER EI gave! Etter som åra går, setter ein stadig meir pris på dei. Gunn Heidi, pittelitt yngre enn meg, og Lene, så absolutt yngre enn meg, har vore fantastiske venninner. Og brødrene mine har vore støttande gjennom livet. Eg sette utrolig pris på dei alle!

 

     ME BLIR ELDRE.  Ikkje nødvendigvis klokare og fulle av visdom. Men me har lært. Harde lekser nokon gongar, men det har forma oss. Lillebror Frank blei 50 år på fredag, og det fekk meg til å tenkja litt. Han var jo nettopp ein liten sjarmør som sprang rundt beina våre! Koss skjedde dette?

     SITTE OFTE og bler i gamle album. Ser bilder av desse eg kjente, då eg vaks opp på Grindheim. Dei ligge no og kvile nede på kjerkegården, dei fleste mett av dage. Det dukka opo et bilde av Milly og Yngve, som nesten var reserveforeldre fir meg. Milly som bakte verdens beste boller, og Yngve, svensken som blei mostring.

 

     DEI BYGDE HUS i Steinshaugen, og i kjellaren hadde pinsemenigheten lokale. På eine kortsida var talerstol, på den andre var det knaggar til herrenes hattar. Siw og eg hadde bare ein opptreden på møte der, me stod på talerstolen og skulle syngja ein vakker sang, men ein hatt datt av kroken idet me skulle starta vår fantastiske debut som bedehussangere. Hatten trilla framover midtgangen, og me fekk latterkrampe. Dermed måtte me forlata talerstolen, og svelgja skamma, ilrøde av latterkrampe. Trur aldri me blei bedt om å syngja der meir....

    Å VÆRA PÅ HYTTA på Grindheim vekkjer så mange minner. Mange veldig gode minner, og nokon litt triste. Men jamen har eg vore heldige, som fekk vaksa opp her! Ville ikkje byta med nokon!

GOD HELG!

Del artikkel:

Relaterte artikler