NÅR DET BLIR TUNGT.

23.03.2021, 07:33

1 kommentar

     Coronasmitten aukar. Plutselig har me fått den tett innpå oss, med utbrudd på Karmøy og i Haugesund. Og me blir enda reddare. Redd for at det skal ramma våre kjente og kjære. Eg spritar hender til dei er såre, og og munnbindet er alltid med. 

     Og me er slitne. Me savnar normalitet, og me savnar det sosiale, med familie og venner. Eg merkar godt at irritasjon lettare dukkar opp, og min kjære Kjell kjenner nok på det samme. Reisefeberen har me måtta grava ned, ein sesong på vårt ferieparadis virkar langt unna.

     Men me har håp. Håp om at me gradvis skal kunna ha ein normal kvardag igjen. Håp om at me skal kunna treffa barn, barnebarn og søsken uten å måtta skjæra ned på antall. Håp om å kunna dra land og strand i bobilen med venner. Håp om å kunna invitera til garasjeparty igjen.

     Men no virkar det så uoppnåelig. Vaksinasjonen blir veldig forsinka, og mange fleire blir innlagt på sykhus. Mange av oss som har eit "ærend" på sykhuset, får det utsatt. Presset på helsevesenet er stort.

     Så ka skal me gjera?

     Me setter oss i bilen og kjører til Moster, nærmare bestemt Grindheim. Stedet med barndomsminner, og stedet med hytta vår. Ikkje noko palass, men hyggelig, og med sjel. To små soverom, som no har fått nærkontakt med malerpenselen min, har fått nye fargar.

 

 

     Fisk? Me får ikkje særlig mykje, i forhold til timane me tilbringe på sjøen. Antar at dei erfarne fiskarane ler litt av oss. Men timane i den vakre skjærgården er også terapi, me gløymer corona og elendighet i desse timane på sjøen. Der får eg hjertebank hvis det nappar, og begeistringen er stor hvis eg kan dra opp ein brukandes fisk!

     Mostringar er kjekke folk. Mange av dei huskar meg frå mine oppvekstår her, og det varmar. Fortsatt har eg eindel slekt her, broder Lasse og kone May Kristin er nærmaste nabo. Tante Petra og onkel Arne skuer ned på hytta frå huset like ovanfor oss. Men mange av dei kjente er borte, og mange av husa er blitt til sommarhus. Grindheim som var eit svært levande samfunn då eg vaks opp, virkar som det delvis er gått i dvale.

     

     Heldigvis kan me dela et måltid på hytta, med bror og svigerinne! 

     Det vårast rundt oss, sakte, men sikkert. Eg har planta frø, og følger spent med. Har ikkje akkurat grøne fingrar, det meste av planter eg har hatt, har eg desverre klart å avliva. Så har ingen illusjonar når det gjelder frøa eg har sådd, men ingen veit, kanskje har eg chili og paprika frå egen avling til hausten?

     Må bare klaga og syta litt til, for eg er ganske lei. Lei av å prøva å væra positiv. Føle desperasjon pressa seg fram, eg vil leva det gode liv! Kjenna sol og varme på Gran Canaria. Savner øya så utrolig sterkt. Og tida går så fort, vil så gjerne oppleva mest mulig mens eg kan!

 

     Så eg håpar jo på snarlig palmesus. I mellomtida får me bita tenna saman, og setja pris på kvar dag me får væra friske. Senda digitale klemmar til dei me er glad i. Og håpa at fisken bite på kroken min i dag!

Ha ein god dag der du er!

Del artikkel:

Relaterte artikler