KOR SKAL DU?

29.03.2021, 12:09

5 kommentarer

SELFIE! Sannelig ikkje enkelt å få til. Aner ikkje om bildet skal tas ovenfra eller nedenfra. Uansett blir det ikkje slik eg tenkte. På Instagram ligge desse flotte selfiene, der vekommende er perfekt plassert, og ser flotte og freshe ut. Og kanskje det er personen, (les:meg) som ikkje er så perfekt....Men eg gir meg ikkje, her er ein selfie for å visa at eg fortsatt henge med, og fortsatt klare å finna fram et smil!

OG DET ER påskeveka. Karmøy våknar opp til ein våt morgon, Vårherre vatnar godt. Me snakkar mykje om været, Kjell og eg, fiskarar må jo finna ut om det blir sjøvær. På Moster. For det er dit me drar, på hytta. Siden Norge er ganske nedstengt, får bobilen stå i vinteropplag ei stund til. Men det gledes, er et lysglimt, at me snart kan dra avgårde i Mr. Carver, vår kjære bobil. Så får me håpa at me snart får lov til å kryssa grenser, besøkja våre spennande naboland.

 

NOKRE SJELER tar sjansen, og reiser til utlandet i påsken. Dei har kanskje hus eller leilighet i Spania, og har lyst til å sjekka opp korleis det står til i deiras andre heim. Me har ikkje vore i leiligheten vår på Gran Canaria på over 1 år. Heldigvis kjenner me ei spansk dame som sjekker den regelmessig. Men siden me drog derfra ganske hastig i mars i fjor, gløymte eg ganske mange ting. Som klokka mi. Og ein del av hjerta mitt. For Gran Canaria har blitt øya me elskar. Å ikkje kunna besøkja øya på lang tid, har vore et savn. Me vågar ikkje dra dit utan å væra vaksinert. Siden me verken unge eller helsefantaster, er me redde for å bli sjuke. Redde for kva dette viruset kan gjera med kroppen vår, og ikkje minst etterverknader! Så me får nøya oss med å lengta etter øya, og tidene som var. Da me kunne gå ut og treffa venner, gå på restaurant og bar. Sitja tett, og klemma om ein hadde lyst. Ikkje ha veska full av antibac. Me visste nok ikkje kor godt me hadde det!

 

 

 

 

 

BLIR DET SLIK igjen? Og ka tid? Ka tid kan me setja kursen for Kroatia igjen? Dette fantastiske landet som byr på opplevelser og natur som gjekk rett i hjerta vårt. Med gode venner, som var litt bedre kjent enn oss, fekk me oppleva Kroatia i bobil. Sommaren 2019 kjørte me sørover til Trogir, et ferieparadis for alle. Her var det historie, kultur og turistgleder for oss alle. Badetemperaturen var utrolig! Så me håpar på at me snart kan besøkja landet igjen. Ein lang kjøretur, men så absolutt verd turen!

 

SÅ KOR SKAL ME? Vegen videre kjenne me ikkje. Men den blir iallefall ikkje lang i påsken. Nokon få mil, så er me på Grindheim, på hytta. Og påsken kan bli fin den, så sant Vårherre bestemmer seg for at me fortjener litt finvær. Då er det bare å nyta naturen i skjærgården, og håpa at fisken vil bita...

VIL FÅ ØNSKA dåke alle ei god påske, og vær forsiktige!

Del artikkel:

Relaterte artikler