PÅSKETANKAR OG PÅSKETURAR!

03.04.2021, 19:16

4 kommentarer

PÅSKEN 2021.       Litt annerledes enn andre år. Bortsett fra i fjor, den påsken var også spesiell og usosial. Våre kjære kan ikkje besøkja oss på hytta, og me må holda god avstand til dei me treffe. Heldigvis bra vær, så Mille, Anja og eg har fått besøkja nokon av Moster sine flotte severdigheter. For dei finnes!

HISTORISKE MOSTER!

       Moster har ein knallspennande historie. Snorre fortel at Olav Tryggvasjon steig iland her i 995, etter ei ferd frå England. For han ville bli konge! Ser føre meg ein staut kar som stig i land, han har dette udefinerbare som enkelte mennesker har, ein aura av makt. Antagelig var han svært nyfrelst, og ivrig som han var, lot han mostringane beholda hovudet ei stund til, hvis dei lot seg omvenda. Snorre fortel også  at Olav bygde ei kjerka på Moster, men detta er ikkje bevist. Men uansett er kjerka frå før slutten av 1100-talet, er lita, men vakker!

 

       Olav den Hellige var ikkje verre han heller, han tok turen til Moster for å halda ting, og sikkert strama opp litt ukristelige mostringar. Sjekka at dei ikkje fortsatt i nattens mulm og mørke bad til dei norrøne gudane, sånn i alle tilfelle. For Odin og Tor var nok greie å ha i bakhånd når ting gjekk gale. Sikkert ikkje så lett å væra misjonær i dei tider, sjøl om han blei aldri så hellig. Sverdet og misjonæringa gjekk hånd i hånd..

      Olav den Hellige var kanskje også ein damesjarmør. Han fekk auga på ei høgreist, flotte mostrajente, Tora Mostrastong. Og rundt 70 år gammal blei han igjen pappa. Håkon blei guten kalt. Folk gav han navnet " den gode", så han var nok ein støvande kar. Som dei fleste frå Moster er...

 

       

       

 

     

       Det er fint å rusla rundt gamlakjerkå. Ein kjenner virkelig at ein er på historisk grunn. Og historie er spennande. Det er historien som har forma oss, på godt og vondt. Å kjenna historien kan kanskje forklara ting. La oss skjønna kvifor ting er som dei er. Imårå skal eg lesa litt om Vetahaugen og om kalkutvinninga på Moster. Og kanskje dela litt av min kunnskap på bloggen. For dei som måtte ha lyst te å lesa!

 

 

 

 

     Denne påsken har handla om turar. Påskebudskapet kjem litt i bakgrunnen, lidelsen og oppstandelsen. Men tenkjer og grublar litt når eg går tur, ser me bare på påsken som fridagar? Eller tenkjer me på den radikale, frittalande mannen som fekk eit grusomt endelikt for over 2000 år sidan? Som overraska alle påskedag? Trur neppe at det er så mange som tenker over dette, dei fleste tenkjer helst; fridager, ski og afterski. Påskehare og påskeegg. Og i år som i fjor, coronaspøkelset.

       Og turane? Kjem eg meg ut, er det deilig å gå. Spesielt hvis eg får låna ein hund. Då trur alle eg snakkar til hunden, og ikkje til meg sjøl. For har ein lei uvane med å snakka høgt med meg sjøl. Lurer på om det er et alderstegn...

     Fint å gå tur i skogen ved Totlandssjøen. Det er laga fine turløyper. Så det finnes ikkje unnskyldningar for ikkje å gå tur. Utanom været da..eller kanskje det ikkje gjelder!

     Eg er så heldig at eg har fått masse bøker av min datter denne påsken. Masse bra krimlitteratur. Eg høyrer at dei ropar på meg, så no er det tid for å kosa meg med påskelitteratur.  Så derfor ønsker eg dåke ein fortsatt god påske, ta vare på kvarandre!

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler