LIVET ER BEST UTE?

10.04.2021, 16:24

5 kommentarer

Reklamen påstår at ," livet er best ute". Og no, i coronaens tid, er det ein sannhet eg omfavner. For etter nokon månader i sofakroken, med ei god bok, eller fjernsynssjåing, er det fint å oppdaga turgåing igjen. Sakte turgåing, gjerne med hund som følge, er den ultimate turen for meg. No har eg ikkje hund, så eg kan gløyma den. Når eg får låna ein, er det ein perfekte samtalepartner. Stort sett enig i mine synspunkter, uansett om eg er heilt ute på viddene. Dessutan klarer eg ikkje dei lange samtalene når eg går, har ikkje pust til det. I dette kalde været er det mykje tårer og snørr, så prøver å holda avstand til andre turgåarar.

 

Er eg på hytta på Moster, fins det utrolig flotte skogsvegar der eg kan gå. Her har dei gjort ein kjempejobb for å få folk ut i skogen. Og svært hyggelig når ein treffe mostringar og hyttefolk ute i skogen, dei smiler og helsar, noko som gir følelse av samhørighet. Og eg ser det også som vanlig høflighet. Eller er det ikkje det?

No trør eg kanskje i salaten, eller i klaveret, ( eller kva det er..). Idag er eg heima på Åkra, og gjekk den flotte turen frå Åkra til Ferkingsstad. Langs sjøen, og på vegen. Her er utrolige naturopplevelsar, og masse mennesker var ute og gjekk. Eg stakk fram mine tårefylte augo, og snufsande nese, for å helsa på mine med-turgåarar. Opplevde at dei fleste såg vekk, og bare ein av ti helste på meg! No er eg ikkje innfødt her, men har budd her i 25 år. Sjøl om ein ikkje kjenner folk, så helsar ein vel? Eller ikkje?

Eg tar meg ikkje særlig nær av dette , men bare undras om det er forskjell på kultur når det gjeld å helsa. Reknar ikkje med at det var svettelukt eller kleskode folk ikkje likte. Uansett er denne turen unik, idag slo sjøen inn mot krittkvite strender. Facinerande å sjå havets krefter her ute i havgapet. 

 

Ferkingstad har ei spennande historie. Kong Ferking har me høyrt om. I vikingtida var det mykje som skjedde her, og fortsatt finnes det rester frå den tida. Det er spennande å gå her, ikkje så vanskelig å forestilla seg korleis vikingane budde, levde og sloss her. Det er eit karrig landskap, og iskalde vindar feier ofte over det flate landskapet, som er strødd med steinar, mange har kanskje logge der i århundrer.

Ja, det er lett å la fantasien spinna når ein vandrar. Men gler meg til litt varmare dagar. Er framleis ikkje enig i det ikkje fins dårlig vær, osv. Jo, eg likar mykje bedre sol og varme. Sjøl om eg er vestlending!

 

På Ferkingsstad finn ein mange bautasteinar. Nokon står i steingardar og gjerder. Andre står på markene. Ein trur at det låg ein gravplass her då vikingane styrte ståket, men at denne blei dyrka bort. Så desse steinane er antageligvis gravsteinar, iallefall nokre av dei.

 

 

Her står dei, og her vil dei nok væra ei stund til. Og kanskje ein dag, når eg er borte, vil nokon annan sjå steinane, og tenkja som eg. At her står dei, uansett corona eller anna som rammar. Kanskje dei blei hogga til for å minnast eit umisteligt barn. Eller ei elska kona. Eller den tøffe krigaren, som fekk ein ærefull død i kamp. Steinen står der, sjøl om generasjoner av mennesker er borte, og gløymde.

Jamen er det lørdag! Men fortsatt coronarestriksjonar, så det sosiale er lagt på hylla. Så etter litt god mat (les:overspising), så blir det vel fjernsynskroken. Godt me har den! Og som det er med oss litt eldre, begynner å duppa av sånn ved 22.00-tida!

Så ha ein fin lørdag kveld!

 

Del artikkel:

Relaterte artikler