NÅR MUSIKKEN STILNAR.

11.04.2021, 10:25

22 kommentarer

     HUSET DITT står med mørke vinduer. Dei blenkjer i kveldsmørket, einsamme og så tomme. Ikkje noko bustehode presser nasa mot vinduet for å sjekka været. Ingen står ved vindauga og nyter utsikten. Nei, for du er borte. Borte så altfor tidlig. Me fekk knapt tid saman med deg. Fekk aldri læra å kjenna det mennesket, komponisten og medmennesket du hadde blitt. Du var den store stjerna som slokna så brått, bare tomrommet og stillheten var igjen då musikken stilna.

 

MUSIKKEN FORSVANT ikkje. Du sette djupe spor. Du var ein genial komponist og musikar. Men du var også mostring, sønn og bror. Du skulle strena opp Hamrabakken, ropa ut ei helsing til naboane. Severin, hunden din, var med. Du skulle vinka til onkel Arne, og ropa ut ein skjemt om hagen hans, som var perfekt. Du var på veg heim, til tante Mossa. Du var minstabadne hennas, så umistelig og elska. Eg ser deg kalla på Severin, som heila Moster visste var kalla opp etter ein annan Severin. "Tante" Johanna venta på at du skulle slå graset hos henne. Du framkalte smilet hos dei du traff, me var så stolte av deg!

KENNETH BLEI FØDD 16 januar 1961. Han vaks opp på Grindheim. Han og søster mi, Gunn Heidi, hang mykje saman, og fant nok på mykje. Begge hadde glimt i auga, og forkjærlighet for å laga heimelaga konfekt. Store porsjoner blei kokt hos tante Mossa, og forrådet hennas av sukker og kakao forsvant nok rimelig fort.

HAN VAR MED og danna gruppa med det unike navnet, "One Two Three". Såvidt eg huskar var Vidar, broren, og Per Tore med. Det var stor oppstandelse når dei opptredde på skuleplassen, og fekk nok like mykje applaus som Beatles i sine glansdagar...

 

SKAL IKKJE RAMSA opp detaljar om livet hans. Men i 1981 skreiv han sin første symfoni, Håp. Første plata kom i 1983, og deretter følgte år med Tv-opptredener og show, saman med kjente artister. Han blei kjent som ein fantastisk multikunstner. 

EG HUSKAR GODT då plata "Melk og honning" kom ut. Den fekk eg kjøpt. Og her var mostringen Kenneth, ikkje den store landskjente artisten. Her var Kenneth som saman med oss hadde lært bedehussangane på Sion. Me kunne dei alle, " Salige visshet", "Hvilken venn vi har i Jesus", osv. Me song med Kenneth. Sangen eg kom til å høyra mykje på, var den siste på plata. "Give me strenght", Eric Claptons låt.  Den lyse, sarte stemma til Kenneth i kontrast til den andre sin mørke vokal røre ved strenger inni meg. Kenneth trengte styrke.

FRÅ HYTTA SER EG bort på huset ditt, Kenneth. Grindheim har forandra seg eindel sidan du budde der. Mange av naboane dine er ikkje meir. Nokon har flytta. Grindheim er stille. Du hadde nok hatt ei meing om dette. Kanskje skrive ein sang, " Kor blei dei av"?

 

TANTE MOSSA, som me alle er så glad i, er der. I barndomsheimen din, Kenneth. Med sine kjære rundt seg. 97 år er mammaen din no. Sylskarp hukommelse, og som alltid med et smil som favner oss alle. Som barn elska eg å besøkja mammaen din. Hu hadde alltid tid til meg, og som lesehesten eg var, kom eg alltid derfrå med bøker eg fekk låna.

EG VIL IKKJE  at me skal gløyma deg. Eg vil at jentene mine, som har Mostrablod i årane sine, skal vita kven du var. For oss, ikkje resten av verden. Mykje er skrive om deg, Kenneth, eg huskar best guten du var. Og det vil alltid væra ein trist tanke, at du reiste frå oss julaften 2006, bare 45 år. Ei stjerna slukna samma dag me feira at ei anna blei født. 

 

DU VAR MUSIKK! Du hadde så mykje du ville dela. Og me er takknemlige, som mostringar, for du satte oss på kartet. Alle visste at ut mot havet, der i vest, budde ein fantastisk komponist og musikar. Så tusen takk, Kenneth!

Me gløymer deg ikkje.

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler