ME GÅR PÅ SJØEN..

15.04.2021, 18:48

2 kommentarer

          FOR ET LANDSKAP me har rett utanfor ståvedøra her i Åkrehamn!!  Krittkvite strender, der vinterens taresamling ligger spredt utover. Sandyner, som forandrer seg frå den eine dagen til den andre. Digre steinar, plassert her for hundrevis av år sidan, polert og forma av havets evige dønningar.  Når sjøen ikkje slår innover land, og det bles stikkar og strå, er det nesten ein utanomjordisk opplevelse å gå tur her. For ein kan gå mange kilometer, enten mot Ferkingsstad eller mot sentrum. Eller forbi det gamle Idrettshuset, der me gjekk på dans i rektig gamle dager. Det er laga veg videre forbi dei nye leilighetsbygga, som antageligvis ikkje har ein fæl utsikt. For her ser ein strendene og havet. Ein blir nesten litt lyrisk, det er så vakkert!

 

          FOLK ER UTRULIG FLINKE til å bruka turstiane. Her kjem dei frå heila distriktet for å gå tur, og på varme sommardagar får ein reine sydenfølelsen her! Då kan det bli litt kaotisk på toaletter og parkering...

 

          TYSKARANE VAR HER dei, under krigen. Neppe for å bada, men kanskje dei lurte seg til ein dukkert, innimellom vaktene i bunkarsane. For der står nokon igjen, i Stong. Bunkers frå krigen, men grafittien er nok ein lokale kunstnar frå etterkrigstida! Frå bunkarsane hadde tyskarane vidt utsyn over skipsleia. Her nytta det ikkje å prøva å ta ein Englandstur i lyse sommernetter. Det blei lagt ut tusenvis av landminer på Åkrasanden, ved Tjøsvollsvatnet, og Stongneset. Også engelskmennene la ut et minefelt mellom Utsira og Karmøy. Så det var ein reell trusel for vanlige folk, og dei som var avhengig av fiske. Piggtrådsperringer blei også satt opp lamgs sjøkanten.

          KRIGEN ER HELDIGVIS over, iallefall den krigen. Mesteparten av den generasjonen som opplevde krigen, har gått videre. Det tynnast ut i den flokken, dei som kunne fortelja historien. Men å gå her, kan jo væra ein "eksplosiv" opplevelse. Sanden flyttar på seg, alt etter vær og vind. Så ingen vett heilt sikkert, det kan fortsatt dukke opp ein skremande souvenir frå krigen.....

          NEIDA! Det er heilt trygt å gå her. Trygt å la ungane springa rundt, og kosa seg i sanden. Forsvaret har undersøkt og rydda opp i farlige gjenstander. Så det blir nok ikkje noko smell av å gå her. Og så spenningssøkjande er me vel heller ikkje...

 

          DET STÅR ET informasjonsskilt om historiske Åkra på sanden. Der står det at navnet antagelig kjem av åker. Fleire vikinggraver er funne på Åkra, den eine ei rik kvinne, som hadde halve gården med i grava. For dei måtte jo ha det dei trengte på turen videre, tenkte dei som hedra Odin , Tor og alle dei mange gudane.

          I 1907 GRAVDE dei ut ei båtgrav på Mosbron. Der fant dei restar av eit sverd frå begynnelsen av 900-talet. Åkrasverdet var flott, og sverd som dette symboliserte makt og viktige alliansegaver. Sverdet var så fint, at det antagelig blei gøymt godt i heimen, og slett ikkje grisa til av alt blodet frå kamp. Restane av sverdet er på Arkeologisk museum i Stavanger.

          DET ER BLITT  laga ein rekonstruksjon av sverdet. Det står antageligvis utstilt på biblioteket på Åkra, ifølge info eg fant. Eg synes jo me burde synliggjera sverdet meir, kanskje som ein miniatyr som kunne markedsføra Åkra. Me er jo litt tøffe, me som bur her ytterst mot havet? 

          KJELL OG EG, som no har etablert oss som overivrige hobbyfiskarar i skjærgården på Moster, brukar ein pussig ordlyd. " No går me på sjøen ein tur"....Litt rart når me skal ut på båttur, såvidt eg vett er det bare ein som kunne gå på sjøen, og den herren levde for 2000 år sidan. Og verken Kjell eller eg er velsigna med den evnen. Men likavel brukar me det uttrykket...

          SNART HELG, SNART SOMMAR, og forhåpentligvis er snart alle vaksinert. Eg trur det kan bli nedturar også utover sommaren. Men eg håpar Vårherre held handa si over oss, slik at våre kjære er trygge. Og at ting blir bedre for oss alle!

GOD HELG!

 

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler