ANNERLEDESHET

21.04.2021, 08:45

18 kommentarer

     Å føla at ein ikkje passer inn. Ikkje våga å leva slik ein vil. Å måtte maskera seg i det daglige. Ikkje våga å væra sårbar.

     I tenåra er me alle sårbare, og det er fryktelig viktig å væra med i flokken.  Væra fin nok og flink nok. Eg huskar med gru kor vanskelig det var! Dei ressursterke og vakre såg eg opp til, og prøvde å etterligna. Eg var misunnelig på dei som var ledarane i flokken, dei var langt over min ståstad. Følelsane er sterke i tenåra, og eg huskar godt kor eg strevde.

     Nokon fell heilt utanfor, og blir mobbeoffer. Ungar kan væra grusomme mot kvarandre. Men også vaksne kan mobba. Usikkerhet er ikkje alltid noko ein veks av seg. Blir ein stadig minna på at ein ikkje er god nok, dreper det sjøltilliten!

     Sjøl som svært godt vaksen (føler meg ikkje slik!), slite eg med usikkerhet. Eg betraktar mine medmennesker, og beundrar deiras sjøltillit. Ikkje alltid eg vågar å åpna munnen i samtalar, i redsel for at mine synspunkter høyres fullstendig idiotiske ut.

      Det med kroppen og utsjånad følger ein gjennom livet. Idag er plastisk kirurgi storindustri. Me vil fylla ut og stramma opp. Me er redde for rynker og gråe hår. Me strevar for å få den ungdommlige, perfekte utsjånaden. Mange brukar ei formue, skjønnhet er ikkje billig!

     Og det er vanskelig å væra fornøyd med kroppen sin. Når sommarens lyse, varme dagar kjem, er jo tida for å avsløra både skjønnhet og skavanker. Og når man, som meg, har måtta la kroppen gjennomgå tøffe operasjoner, er dei mange stygge arra ikkje akkurat noko ein har lyst til å visa verden. Og når brysta er fjerna, og rekonstruksjonen føles som eit fremmedelement på kroppen, er ikkje ein knøttliten bikini førstevalget......

    Og ja, eg slite nok litt med usikkerhet. Tanken på koss menneskene rundt meg oppfattar meg. "Hu der som trur hu kan skriva, har jo idiotiske synspunkter". Eller, " jøss, hu der ser fæl og gammal ut". Har alltid ønska meg meir sjølsikkerhet, og evne til å ikkje la ting gå inn på meg.

    Hadde ikkje tenkt at dette skulle handla så mykje om meg, men meir om dei som verkelig slite. Dei som begynner å rusa seg. Dei føler seg ofte utanfor, at dei ikkje passar inn. Mange leitar etter noko som gir meining. Leitar etter noko som kan hjelpa i ein vanskelig kvardag. Det kan væra ein son eller ei dotter, bror eller søster. Det kan væra ein person ein er fryktelig glad i.

     Det er hjerteskjærande å sjå medmennesker og kjære slita med rus og gå under. Det er vondt å sjå kva rusen gjere med mennesker. Og som ikkje det er nok, dei blir stempla som kriminelle, ikkje sjuke mennesker. Blir dei stoppa av onkel politi, med brukardose, er dei kriminelle. Kvart år er det rundt 260 som tar overdose, og dør. Stempla som kriminelle i sitt ettermæle.

     Regjeringen foreslo i sin rusreform å avkriminalisera brukardosar. Og mitt parti, gjennom alle år, Arbeidarpartiet, tok saken opp på partiets årsmøte. Jonas framsto for meg som ein svært skuffande, konservativ gubbe. Dei gjekk ikkje inn for avkriminalisering. Nei, la desse narkisane forsetja å væra utskudd i samfunnet vårt. La oss fortsetja å sjå på dei som tjuvar og kjeltringar. La alle oss som knaskar piller i alle fasongar, sjølsagt utskreven av doktoren, fortsetja å snu ryggen til problemet. For me rusar oss jo lovlig? Ikkje kjeme det på rullebladet vårt heller!

     Bye, bye Jonas.!!  Dåke mista min stemme. Etter mange jobbeår i lavtlønnsyrke, har eg følt at det var der eg høyrte heima. At eg kunne stå for politikken. Men no er eg, i mitt 62- år, klar for eit skifte. For rusreformen betyr mykje, og spesielt å avkriminalisera sjuke mennesker som sårt behøver hjelp, ikkje straff! Og ein dag kan det væra ein me elskar som tar overdose.

     Og no har eg fått eit stikk i armen, første vaksinedose. Den andre skal eg ha i begynnelsen av juni. Coronaspøkelset virkar dermed pittelitt mindre farlig. Men fortsatt er det jo avstand og spriting som gjeld. Og maske. Me er jo alle ganske så maskert når me er ute og handlar, så ein trenge ikkje væra så redd for at rynkene viser. Pengar spart på antirynkekremar!

     Iskaldt ute, men sol. Nordavinden kjem feiande innover Karmøy. Varmen lar venta på seg. Det er bare å kle seg godt, finna fram ull, og kasta seg ut i turområdet. For her finnes utallige turmuligheter, et særegent, vakkert landskap!

 

 

 

 

 

     Kjell sa her ein dag, " Du vett me er pensjonistar no, Ann Kristin?". Og me er blitt eldre. Me klarar ikkje alt lengre. Kroppen streikar, men ikkje viljen. Så mykje ein har lyst å gjera, men ikkje klarar likevel. Men no når Mr. Carver, vår kjære bobil, er tatt fram frå vinterdvalen, kan me kanskje begynna å gleda oss te turar i inn (og ut?)-land! Sommaren nærmar seg!

Ha ein god torsdag, og grip dagen!

Del artikkel:

Relaterte artikler