NYFORELSKA!

22.04.2021, 10:04

14 kommentarer

 

DET ER LANGT OVER 40 år sidan eg budde på Grindheim. Svært lenge sidan eg hadde barndommen og eindel av ungdommen min her. Eg hadde enda ikkje fylt 16 år då eg reiste nordover for å gå på folkehøgskule, og etterpå budde eg bare heima i ein kort periode.

EG SAVNA IKKJE Moster. Eg var SÅ klar for å bu på Karmøy. Mens foreldrene mine levde, blei det jo eindel besøk på Moster, men då dei var borte, mista eg eindel av tilhørigheten. Og eg hadde heller ikkje planar om å flytta heim igjen. Sa vel at eg aldri kom til å bu på Moster igjen!

SÅ SKJER DET noko. Hytta til tante Millan og onkel Jens skal selgas. Søskenbarnet mitt, Tommy, kontakter familien, og spør om nokon er intressert. Eg trur ikkje eg tenkte meg om eingong, svaret var der bare. Så absolutt JA! Det føltes så rett, komma heim til Grindheimsvågen. Der føtene mine, og hjerta mitt, kjenner igjen steinar og trær, veiter og bekkar. Etter nesten 50 år, er alt velkjent.

 

GRINDHEIM HAR FORANDRA seg. Eg reiste frå ei levande bygd, der ungane leka rundt i haugar og hammar. Der pappaen i huset drog på jobb på "Kjøtteien", Stord Verft. Ei bygd der ein var ute og drøsa med naboen. No har ein stillhet senka seg over Grindheim. Ungane har vakse til, og dratt herfrå. Mamma og pappa er ikkje meir, eller har flytta i enklare bueinheter. Nokon er igjen, og held liv i bygda. Dei høyrer heima her, og kan ikkje tenkja seg ein bedre plass å bu.  Hytter er blitt bygga, Grindheimsvågen er full av nye sjøhus. Så mostringane kjem hit i helger og feriar.

 

 

 

DET ER LETT Å forelska seg. På nytt. I lukter og lyder. I synsinntrykk. I denne fantastiske skjærgården, med sitt fugleliv, niser som skjærer gjennom bølgene i Børøyfjorden. Med sine svaberg, der ein kan gå i land, og kjenna varmen frå steinen ein solskinnsdag. Ein kan hiva snøret uti, og kanskje fanga fisk til middagen. I Skarholmen finn den historieintresserte restane etter kalkdrifta som foregjekk her. Eg er blitt fortalt at min bestefar, Lars (Halvards-Larsen kalla dei han), mista auga sitt her i Skarholmen, fekk ein steinsplint i auga. Eg var som unge svært fasinert av glasauga hans! I Skarholmen kan ein også bada, her var populær badeplass tidligare.

 

MOSTER ER så mykje. Det er fine skogsvegar der ein kan gå lange turar. Det er spenninga når ein er ute for å fiska. Det er glede når ein får god krabbe i teina. Det er Siggjo som ruver i horisonten. Det er gamlakjerkå, det er Vetahaugen, det er Moster Amfi. Det er Olsahuset med vanvittig god mat, det er den hyggelige gave og blomsterbutikken. Det er Kiwi, min favorittdagligvarebutikk. (Langt ord..), der søskenbarnet mitt, smilande, flotte Aina jobbar, og gjer handling til ei glede. Og Moster er gløymde stiar, nyutsprungde bjørk, vind som kviskrar i tretoppar. Det er lukt av tare og sjø. Det er tusenårig historie, det er kvilestad for våre forfedre. 

Moster lever! Og eg er svært glad for at eg kan tilbringa tid heima igjen. Her kjeme det nært, det og dei som var. Som eg kjente og var glad i. Som eg savnar.

 

 

 

 

Her er mamma, ganske ung, på baksida av huset vårt.

Bestemor Emma og bestefar Lars.

Lasse, Gunn Heidi og meg.( Søsken).

 

Pappa, tante Petra og tante Millan utenfor barndomsheimen.

OG EG ER SIKKERT RAR, for eg snakkar med dei. Føler dei er nær meg, og nokon av minna er sylskarpe. Hukommelsen min er jo så som så, eg gløymer stadig vekk. Men minna er der. Og eg tenkjer; eg vil ikkje at dåke skal bli gløymde. Dåke lever i minnene. Men det er desverre slik, når me er borte, er minna om våre kjære borte. Bare igjen på ein sliten stein på kjerkegården.

ME VAR JO et øysamfunn, med ferja som gjekk frå Valevåg til Mosterhamn. Mange koselige ferjeturer, med kaffi og ein prat i salongen. No er me blitt landfaste, ein del av Trekantsambandet. Men fortsatt kan ein ta ein nostalgisk ferjetur til Bømlo. Fortsatt går det ferje frå Buavåg til Langevåg. Derifrå kan ein kjøra ein vakker tur til pittoreske Kulleseidkanalen, og så videre til Bremnes eller Moster.

LITT RART å skriva dette, får det ikkje heilt til, men har bare lyst til å forklara følelsen eg har når me kjøre til Moster. Me er her ofte. Med alle coronarestriksjonar, føles det friare og tryggare å væra her. Ikkje så sosialt, men herlige turar på sjøen, og turar langs skogsstiar.

 

 

FRAMTIDA VETT ME absolutt ingenting om. Om me får beholda helsa. Om me fortsatt kan bruka hytta slik me gjere no. Men er uansett svært takknemlig for at onkel Jens gav meg den tilliten, å overlate hytta med alle sine minner til oss. Slik at eg kan bli ein del av Grindheim igjen. 

FORESTILL DEG at du vaknar tidlig ein sommarmorgon. Sola er allerede på veg opp, og ei humle surrar utanfor vinduet. Du går ut, og lufta er metta med lukta av nyslått gras, og blomster i krukker. Verandaborda er allerede varme mot nakne føtter. Du trør i skoa, og går nokon meter nedover mot sjøen. Lukta av salt sjø, lyden av båt som svakt gnissar mot brygga. Måkeskrik frå fjorden. Trær speilar seg i sjøen som ligg blank. Ellers er det stille. Til du høyrer fuglar som syng ein lett, trillande melodi. Du set deg på ein varm stein, og angrar på at du ikkje tok med ein kaffikopp. Du super omtrent inn alt det vakre. Det er følelsen eg prøvar å formidle. Forelskelse kan gå over i ekte kjærlighet. Trur eg. Eg håpar at Moster vil væra i hjerta mitt. Sjøl når eg er utru med bobilturar og langtidsferie på Gran Canaria. Sjøl når eg nyte sofaen heima på Karmøy. Eg er jo Mostring!

Håpar dåke vil besøkja oss på Moster, me satsar på at når me er fullvaksinert, kan me ta imot masse besøk.

Ha ei god helg!

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler