Langs vegkanten!

23.04.2021, 17:19

2 kommentarer

          Dette er den fineste tida på året, etter mi meining. Naturen forandrar seg frå dag til dag, det er som ein eksplosjon av fargar og lukter. Det er deilig å rusla ein tur rundt Totland, her på Moster, og beundra vakre hageblomster. Men ikkje minst det som veks langs grøftekantane. Det er løvetann og kvitveis, det er tusenfryd og smørblomst. Og ein drøss eg ikkje veit navnet på..

          Me har ikkje særlig høg vegstandard på Moster. Vegen rundt Totland er smal. Så smal at det såvidt er passasje for ein bil, dersom det er ein fotgjengar eller syklist som brukar vegen. Derfor får eg god anledning til å sjå blomane på nært hold, nokon gongar må ein uti grøftekanten hvis det kjem eit stort kjøretøy.

 

 

          Mange av hagane er allerede eit syn, og eg observerer at mange mostringer har tatt våronna i hagen. Mange nyklipte plenar. Dette er tida for å springa ut, tida for å vakne opp. Tida for å planlegge, tida for nye prosjekter. Og siden me fortsatt må leva med corona, er det fint å kunna komma seg ut, planta, rydda og sjå forandringane. Og no er me litt trøtte og leie. Leie av å føla oss ensomme. Me savnar å møta dei me er glad i. Å kunna klemma, trøsta når det trengs. Me lengtar etter det sosiale livet, kunna sitja tett saman rundt bordet. Livet går så fort forbi. Plutselig sete eg her, som godt voksen, (høyres finare ut enn gammal), og det er så mykje eg har lyst til å oppleva. Eg har lyst til å reisa, til stader der eg aldri har vore. Eg har lyst til å bli kjent med nye mennesker. Eg vil så gjerne på konsertar og festivalar. Og eg får et gryande håp når no Norge har fått opp farten i vaksineringa. Det arbeides med vaksinasjonspass. Men ingenting blir heilt greit før me får tryggheten tilbake. Når folk rundt oss kan nysa og hosta, uten at me tenker "Corona!" Når munnbindet kan bli liggjende i lomma, ubrukt. Når ein kan få ta farvel med dei som skal reisa videre, på ein god måte. Når livet kan få sin avslutning med kjærlighet rundt seg.

 

          Eg trur folk generelt er blitt flinkare, under coronatiden, å komma seg ut i naturen. Å gå lange turar. Her på Moster er min favorittur blitt turen ut til idylliske Barmen. Det kan sjølsagt ha sammenheng med at det ikkje er særlig langt frå hytta, og vegen er lett å gå. Eg velge ofta lette løysningar. Men det er ein nydelig og spennande tur gjennom Totlandsskogen. No veks det masse kvitveis på moseteppet i skogbunnen. Det sildrar i vatn, og ein kan sjå røtene på store trær som har falt, i ein eller annan storm. Det er som regel stille inni skogen, vinden får ikkje tak her. Det er trolsk og spennande. Og skogsvegen er god å gå på.

 

 

          Så kjem ein til Barmen, og det er så idyllisk. Bømlo Turlag har lagt ned ein stor innsats her, og det er virkelig imponerande. Her kan ein kosa seg med heile familien. Her er bord og benker, bålpanne og grillmuligheter. Et fantastisk langbord under tak, og til og med sitjeunderlag. Noko av det finaste eg har sett av slikt.

 

          Trur ikkje eg var så mykje her som barn. Huskar godt me var ved Totlandssjøen og fiska, men trur me var meir i Grindheimsskogen. Bærplukkinga våre foregjekk alltid der. I støvlar, og litt redd for hoggorm, plukka me blåbær i bøtter og spann. Det nytta ikkje å bli leie, mamma hadde bestemt at bøtta skulle fyllast opp. Og då blei det slik! Mamma hadde siste ordet!

          Men det er ikkje bare turstiar me har her på Moster, og rundt på Bømlo. Nei, vår store stolthet (vel, blant mange andre), er den store steinkolossen man ser frå heile øya. Siggjo. Det er heile 474 meter over havet, og kneiser majestetisk mot himmelen. Det er faktisk, på klåre dagar, synlig i store delar av Sunnhordland.

 

          Siggjo er eit populært turmål. I mine yngre dagar gjekk me ofte opp på Siggjo, no er eg nok meir syten. Stien opp er omtrent 1,8 km lang, og har ei høgdeforskjell på 300 høgdemeter. Kjeme ein seg til toppen, er det fantastisk utsikt til Bømlos uttall øyer.

          Men Siggjo har hatt mange funksjonar.  Fjellet har vore eit viktig innseglingsmerke i generasjonar.  Og ikkje minst eit værmerke. Eg hugsar godt at pappa sa; " Tar Siggjo på seg hatten, er det varsel om vatten".  Og, viktig, "Står Siggjo naken og klår, er det om finvær hu spår". Så værmeldinga var fullstendig overflødig, me kasta bare eit blikk på Siggjo....

          Eg kan ikkje huska dette, men eg leste at eit gammalt sagn seier at Olav den Hellige (driftig kar , han), skal ha gjøymt eit skrin av gull på Siggjo. Han satte det visst slik at sola skein gjennom nøkkelholet kl 12 (sommartid?) På Olsokdagen, og då  skein det i gullet lange vegar. Trur nok at mange håpefulle har stått og sett mot Siggjo, men har ikkje høyrt om at nokon har funne gullskrinet. Fleire har visst også gravt etter skatten. Så  folkens, pakk spaden og ta turen opp på Siggjo. Og ikkje bli så forferdelig skuffa om du ikkje finne skrinet. For du har tatt vare på din største skatt, helsa og kroppen din!

          Det er ein nydelig, torsdag morgon her på "Grindei", som dei som bur her, seier. Grindheim, for å væra korrekt. Det sit småfuglar og pikkar i det gamle brødet eg la ut, og på sørsida av hytta er det herlig i solveggen. Nordavinden tøffar seg litt, men himmelen er blå, og "Grindeivågen" ligger blank og fin. Eg trur det blir ein fin dag.

 

 

          Ønskjer alle ei fin dag, må Vårherre fortsatt passa på oss!

Del artikkel:

Relaterte artikler