EIN LITEN STEIN!

05.05.2021, 17:56

2 kommentarer

IDAG VAR EG på kjerkegården. I Skudeneshavn. Eg gruer meg vanligvis til denne turen. I dei seinare åra, i det daglige, tenkjer eg nok ikkje så mykje på det, men når eg parkerer ved kjerkegården, kjenner eg på det. At eg mista noko fryktelig viktig i livet mitt. Idag kunne eg hatt ein voksen sønn. Mon tro korleis han hadde vore som menneske? Lik meg? Lys eller mørk? Det kjem så nært igjen, sjokket og sorgen. Lamslåttheten som ramma meg då eg holdt eit kaldt barn i armane mine. Livet som endra seg frå den eine dagen til den andre. Redselen me følte for å mista dei to jentene våre. Alle nettene eg var oppe for å sjekka at dei pusta. Alle gongane eg vekkte dei, for å væra sikker på at dei levde.

EG TRUR ALDRI EG tillot meg å sørga skikkeleg. Eg huskar at eg ei stund etter stod ved kassen i den lokale butikken, venta på å betala. Då henvendte ei eldre dama seg til meg, og spurte koss det gjekk med meg. Eg huskar eg litt forundra svarte, jo, bra. Eg betalte,, gjekk ut i bilen, og då kom det som et sjokk, du har mista barnet ditt! Han er borte!

EG KNAKK SAMAN, og koss eg kom meg heim, anar eg ikkje. Og det kom mange slike stundar. Eg var totalt ubrukelig som barnevakt for andre. Eg kunne ikkje lata ungane få sova. Eg måtte stå over dei og passa på, og ruska i dei med korte mellomrom. Stakkars ungar, dei blei jo rimelig frustrerte. 

DET KALLAST FOR krybbedød. Heldigvis veit dei meir om dette i dag. Ingen legg vel ungane på magen lenger, når dei skal sova. Me gjorde det, blei også anbefalt å la ungane liggja slik. Men det er nok fleire faktorar som kan føra til at dei sluttar å pusta. Forekomsten av krybbedød i Norge har heldigvis minka, i 2019 var det 9 barn som døde, men det er også 9 umistelige barn!

EIN KAN ALDRI forestilla seg kva det innebære å mista det mest dyrebare i livet. Et lite menneskebarn ein har bært i magen, og som gir ein ufattelig lykkerus når ein får sjå det for første gong. Å mista det, er ikkje eingong ein tanke. Så sjokket blir så stort. Og det følgjer ein gjennom livet. Det gir depresjon. Det gir angst. Og det gir,  iallefall meg, eit stort handikap med andre sine ungar. Som sagt, er fullstendig ubrukelig som barnevakt!

 

LIKAVEL, HELDIGE MEG har to nydlige, herlige jenter. Dei foretrekker nok at eg kallar dei jenter, men dei er jo ganske så vaksne no. Dei manglar ein bror. Ein lillebror, som kunne vore ein motvekt mot altfor mykje jentedominans. Ein som kanskje kunne spelt fotball med dei. Som dei kunne krangla litt med, og erta litt. Ein som kunne hjelpt dei med ein kranglete bilmotor, eller kunne hjelpt dei med å baka ei kaka. 

IDAG ER DET BARE ein gravstein. Ein stein det fortsatt gjere litt vondt å besøkja. Ein stein som minner meg om kor fort livet kan snu. Eg tar som regel ein liten prat når eg er der. Fortel at eg så gjerne skulle blitt bedre kjent med han. At eg håpar han trives godt hos Vårherre. Svara kan eg bare finna inni meg sjøl. Det er fortsatt mykje av livet, og døden, eg skulle ønskja eg forsto.

 

EG SYNES DET er fredfylt å rusla rundt på kjerkegården. Sjå dei gamle gravsteinane, og undra meg over korleis dei var, dei som har logge her så lenge. Dei som levde i ei heilt anna tid, der barnedødligheten var mykje høgare, ofte på grunn av sjukdommar såm nesten er borte i dag. Idag har me heldigvis eit godt helsevesen, og gode vaksiner. Men dø skal me uansett alle, før eller seinare. Og det er ein sannhet som kan væra vanskelig å ta innover seg. Eg håpar iallefall, når mi tid kjem, at eg er " mett av dage". 

OG DAGANE GÅR iallefall fryktelig fort. Det er fine, lyse kveldar, og herlig å væra ute. No skal eg manna meg opp til å gå meg ein tur, i vår fantastiske natur. (Der kom det visst et lite rim..)

ØNSKER ALLE EIN VELSIGNA, GOD ONSDAG KVELD!

Del artikkel:

Relaterte artikler