Me heie på deg, Beathe! www.spleis.no/hjelpbeathe

06.05.2021, 17:59

DET VAR EIN GONG. Slik begynner vel dei fleste eventyr, og til slutt så går det bra. Alle er friske og lykkelige. 

Så ja,livet kan væra et eventyr. Men dette er ikkje eit eventyr, og slutten kjenner eg ikkje.  Historien trenger å skrivast. Den dukker stadig opp i tankane mine. Hovudpersonen er ikkje alltid så glad i oppmerksomhet rundt sin person, iallefall ikkje i eit blogginnlegg, men dette håper eg ho godkjenner. Så slepp eg å få masse kjeft...

HOTELL AMANDA ligger i Haugesund, nede ved Smedasundet. Utan tvil, besta hotellet i by'n. (Og eit lite sidespor, no har hotellet verdens dyktigaste og smellvakre direktør, Malla.)

For lenge, lenge sidan starta eg å jobba der. Hadde mange gode arbeidskollegaer, også Malla. Gjett om det var mykje fjolling og latter i gongane der! Ein dag kom det ei jenta inn saman med Malla. Ho var blåøyd og lys som ein sommardag. Med eit svært vinnande vesen. Dåke veit koss det er, når ein treff ein person, og umiddelbart føler kjemien. Ho hadde dette udifinerbare, fine, i vesenet sitt. Og ho skulle jobba med oss..

DET VAR EI  fin tid. Jobben var nok tøff, og me vart slitne. Lønna var heller ikkje til å ropa hurra for. Ingen vart rike, og for dei fleste var det nok ein mellomstasjon.

VÅR NYE KOLLEGA, og seinare vår venn, heite Beathe. Ho hadde ein syngjande dialekt, som avslørte at ho ikkje var innfødt haugesundar. Nei, ho kom sørfra. Sør for Stavanger. Etterkvart blei me godt kjent, og me likte godt å jobba med Beathe. Ho var ein nysgjerrig, vitebegjærlig person. Men det var nok ikkje hotellbransjen ho ville via livet sitt til. Ikkje som meg, som blei varande det i årevis. Nei, Beathe ville jobba med mennesker, fortrinnsvis ungar, via seg til læraryrket. Og der traff ho blink!

BEATHE UTDANNA SEG , blei lærar. Ho har ein egen evne til å kommunisera med ungane. Dei får tillit til henne, og ikkje minst, dei stolar på henne. Ho trøstar, og ho formanar. Ungane veit at ho er der. Har i Spleisen eg skal fortelja om, lest litt om kva foreldre og lærarane skriv om henne. Hadde eg fått så mange gode ord, hadde eg blitt temmelig innbilsk. For det som går igjen, er det at Beathe er ein lærar som bryr seg. Noko så sjeldent som det. 

EG MISTA LITT KONTAKTEN med henne då ho slutta på hotellet. Men traff henne innimellom. På byn, der ho var ei glamorøs og hot dama, med knallrød leppestift mot kvite tenner. Litt Marilyn Monroe. Gutta kasta lange blikk etter denne divaen. Men traff henne også i private settingar. Ho var alltid ein lyttande samtalepartnar.

  

 

 

. Eg har ei dotter , June, og Beathe og ho utvikla eit varmt vennskap. Og frå June gjekk gravid med Iselin, og fram til no, har ho vore som ei fantastisk ekstramamma for Iselin. Hos Beathe kan ho snakka om alt, få trøst, og bli klødd på ryggen. "Batte" er ein stor favoritt hos Iselin. Og sjølsagt hos June.

OG SÅ ER DET Alfred! Liten, kjeftete og snill. Gullgute til "mamma", nåde den som ikkje liker Alfred. Då er det rett på dør! Alfred er ein miks av dvergpincher og papillon. Ei vellykka blanding, heldigvis. Alfred Bjarne Nekstad, er hans fulle navn. Et navn han bærer med stor selfølgelighet. 

 

 

ENDEL ÅR TILBAKE, fekk Beathe konstantert at ho er ramma av ein fryktelig nervesjukdom, MS. Når livet såvidt var begynt å smila til henne, får ho denne diagnosen.

KORT FORTALT, M.S. er ein kronisk sjukdom som gir betennelse i sentralnervesystemet. Sentralnervesystemet er "harddisken" i kroppen vår, den sender signaler ut i heile kroppen. Nervetrådene kan bli skada, og signalene kjem ikkje alltid fram. Ustø gange, synsforstyrrelser og mange andre symptomer kan dukka opp, i verste fall må ein tilbringa livet i rullestol.

Grunnen til at nokon får MS, veit ingen heilt sikkert. Kanskje er immunforsvaret blitt forstyrra. Idag finnes det omtrent 11000 mennesker i Norge som har forskjellige grader av MS.

KVA BEATHE TENKTE da ho fekk diagnosen, veit eg ikkje. Om ho gråt, skreik, eller bare prøvde å fordøya det. Men eg veit ho tok det tungt. Og ho visste at ho måtte ta avgjerelser.

I VÅRT HØGREVRIDDE velstandssamfunn finnes det ikkje alltid hjelp for alle. Heller ikkje for ein MS pasient som hadde tru på ei behandling. Som var tøff, men med gode resultater. Veit du kva jenta gjorde? (For meg er ho alltid jenta, sjøl om ho er født i 1977, som nok for nokon er kjempelenge sidan..). Ho tok alle pengane sine, sparepenger og lån, og drog til Mexico for å få behandling.  Og det fungerte! Beathe var frisk! Men bare i nokre år...

 

 

Deretter tok ho grep. Med vår lokale treningsguru, lille, vakre, Heidi Anfindsen, blei det lagt opp eit beinhardt treningsprogram. På Haugesund Aerobicsenter, som er Heidis hjertebarn. Og Beathe viste ingen nåde med seg sjøl. Ho gjekk "all in"!

BEATHE VAR DER ho skulle væra , og kunne endelig starta på livet ho ville ha. Koselig hus på Bakarøynå, og samboerskap ein periode. Kjærleiken gjekk over, slik den ofta gjere. Men vennskapet med Vidar er bånnsolid, og eg tipper at Alfred er i den lykkelige situasjonen, at han har to heimar. Så han er nok i gledesrus, overøst med oppmerksomhet!

EG KUNNE STOPPA historien der. Med Beathe som side om side med Alfred, vandrar inn i solnedgangen. Men, så skjer det igjen. Ho får tilbakefall. Enda så hardt ho har jobba med seg sjøl, så dukker dette mørke og vonde MS-demonen opp igjen. Den ler av Beathes anstrengelser. Den håner alt ho har jobba for. Helsa si og livet sitt.

Så kva gjere ho, no når alt er tungt og trist igjen? Ho nektar å gi opp. Ho er som ein stri boksar i ringen, reiser seg opp, blodig og skamslått, men å gi opp er ikkje eit alternativ. Igjen pantsetter ho huset sitt, låner langt over pipa. Skraper saman det ho kan. Men stolt som ho er, er det vanskelig å be om hjelp. Ho er den første til å hjelpa andre, men er tilbakeholden med seg sjøl. I Moskva har dei ein lovande behandling. Der kan ho få hjelp. Men det kostar ufatteleg masse pengar, og det kostar blod, svette og tårer å dra dit og gjennomføra behandlingen. Beathe gjorde det. Tøffe, gode Beathe.

EG VEIT AT å be andre om hjelp er ei lang og tøff bru å kryssa. Eg veit at det er masse mennesker der ute, som har lyst til å hjelpa. Når ikkje samfunnet, dei folkevalde, legane og byråkratane vil hjelpa, trør me til sjøl. Beathe skal ikkje måtta sitja nedsylta i gjeld fordi ho prioriterar livet og helsa si føre pengar. Så no har venner oppretta ein Spleis. Slik at me alle kan få lov til å gi ein skjerv. . Dette er hjelp til et medmenneske, som mange er så glad i. Og som Haugesund gjerne vil ha som borgar i mange år framover!

Så no startar resten av livet ditt Beathe, og eg  håpar prøvelsane dine er over. Og etter tøffe tak i Moskva, trenger du ikkje fleire bekymringar.  Så me lar historien slutta her, men for deg fortsetter den, forhåpentligvis uten økonomiske bekymringar.

 

SPLEISEN FINNER DU HER:

https://www.spleis.no/project/172961

Eg heiar på deg, Beathe!

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler