DET EG MEINAR.

07.05.2021, 09:12

2 kommentarer

          Det hender at eg tenkjer, når eg skriv blogg, at nei, det kan eg ikkje skriva. Det blir for personlig, for nært. Eller eg tenkjer, nokon likar kanskje ikkje det eg skriv. Synes eg er idiot, og det som verre er. Så sit eg der, skal, skal ikkje. Men eg tenkjer også, eg er eit menneske, som skriv for andre mennesker. Dei fleste har kjent på det eg kjenner. Mange av lesarane er voksne, og dei har også vært gjennom ting. Kjent på sorg og savn, redsel og angst, men også glede. Små gleder, og store gleder. Og kanskje er me ikkje så forskjellige? Nokon ser til høgre, andre til venstre. Eg befinne meg mest i midten, kanskje fordi eg er litt feig. Vil tekkast dei fleste, og vågar ikkje alltid stå for det eg tenkjer. Eg har lært meg sjøl å kjenna, iallefall litt, og vett at eg er litt konfliktsky. Er lite flink i verbale diskusjonar. Trekkjer meg lett. 

          På bloggen utlevere eg meg sjøl. Dei innerste tankane og følelsane hegnar eg om, men eg tillate meg sjøl å bli sårbar. Kor grensene går, jobbar eg med å finna ut. Eg har opplevd kritiske kommentarar. Og det må eg godta når eg går ut i ein verden med alle slags sosiale medier. Med nettroll innimellom. Men som regel får eg flotte tilbakemeldingar. Er heilt øvegidde mange gongar, kor mange som faktisk gidde lesa det eg skriv, og kor positive dei er. Så tusen takk til dåke!

          Somme ting synes eg det er vanskelig å skriva om. Ikkje fordi eg har ei meining om det, men fordi eg vett for lite. Eg har kanskje ikkje særlig slåande argumenter. Skal eg stå opp for ein sak, må eg og vita, og ha belyst saken. Oppleve jo at mange politikere er svært svevande i sine uttalelser, og finne det svært frustrerande. Eller dei er bastante i uttalelsane sine, utan å sjå ein sak frå fleire sider. Det nærmar seg jo Stortingsvalg. Og me, veljarane, må ta stilling til kva styresett me vil ha. Men så er det ofte slik, at me er splitta. Litt enig med det eine, og litt enig med det andre. Dette året står abortloven i fokus, og den betyr mykje for mange. For meg, som synes våre unge og ruspolitikk er viktig, blei Arbeiderpartiet sin avgjørelse et nederlag, og eg blei i tvil, etter at partiet har fått mi støtta i mange år. Eg trur mange er i tenkeboksen. Rødt eller blått? Mykje av hjelpa dei svakaste fekk opparbeida av dei rauge, har Erna og Co rasert. Det er dyrt å bli sjuk, får me føla på kroppen. Men er Jonas og gjengen på venstresida løysninga? Rødt som gjerne vil ta frå oss lørdagsbiffen, og som vil me skal droppa bilen? Ser føre meg mostringane som må sykla til Bremnes på jobb, med livet som innsats. I alt Vestlandsvær. Stadig sjukemeldt. Ser føre meg Lasse, bror min, som sykler over Bømlobrua, på veg til jobb på Stord Verft, i kuling frå vest. Tøffe vindkast på den brua! Har ei dotter som bur i Oslo, som fortel at mange der er avhengig av bil, kjøring av barn til barnehage, skule, og aktiviteter. Buss og trikk er stappfulle frå før. Og dei som har bil, finne ikkje parkeringsplass. For dei har dei Røde i sin visdom tatt bort. Bomringane kostar skjorta, og tærer på ein småbarnsøkonomi.

          Miljø er viktig. Men ikkje altfor store steg. Meinar eg.  . Og me kan alle ta grep i kvardagen. La bilen stå når me kan. Unngå plast hvis me kan. Panta alt. Små grep, som tilsaman virkar. Men Rødt får definitivt ikkje min stemme.

          Politikk favnar så vidt. Og det er mykje å ta stilling til. Innvandring, arbeidsplassar, skatter og avgifter, og noko som engasjerer, BOMPENGAR! Er det noko folk har ei meining om, så er det dette temaet. Sit du i eit kjedelig selskap, der ingen snakkar, så ta opp temaet. Då er kvelden redda! Snart snakkar alle i munnen på kvarandre!

          Og når det gjeld selskap, så håpar me no på bedre tider. Vaksinasjon går fort, og me vil så gjerne væra sosiale igjen. Feira bursdagar og bryllup, konfirmasjon og barnedåp. Samla saman venner til garasjefest. Langbord på restaurant. Grillkveldar i lyse sommarnetter. Eg håpar det nærmar seg. Ser på bilder frå svunne tider, og gler meg. Me vil ha livet vårt tilbake frå dette dødsviruset, som har tatt så mykje frå oss!

 

          

          

          Mr. Carver, som tar oss fram på vegen, er råklar for ein fin sommar. Kanskje ikkje til Danmark enda, der våre venner, Vera og Ole bur. Like utenfor Aalborg. Som me har besøkt ofte, og som alltid vartar oss opp på beste vis. Som me saknar.

Turane våre med Lindy og Steinar. Susan og Hans. Monica og Geir Bjarne. Marianne og Arve. Og alle dei andre bobil og campingvognentusiastane. Gunn Heidi og Steinar i Skjoldastraumen. Håpar det blir ein sommar, der me kan feira livet saman.

 

 

 

 

 

 

          Me ser fram til langbord med alle barna og barnebarn. Store, bråkete familiemiddagar. Med skrikarungar og masete bikkjer. Der det er trangt og hyggelig. Eg saknar Gran Canaria, og menneskene der. Eg ankar litt, koss har det gått med dei i pandemien? Er dei friske? Har dei fortsatt ein jobb? Eg veit at mange slite der nede på solskinnsøya. Mange har fått store økonomiske problemer. Og kanskje, mot hausten, kan me reisa ned. Få sjekka husværet vårt. Møta igjen dei me saknar. Kasta ulltrøya, og finna fram shortsen. Eg gler meg!

 

 

 

 

 

          Dette året har jo vore spesielt og ensom for oss alle. Takk og pris for hytta vår! Er så takknemlig for at onkel Jens overlot den i vår varetekt. Og takk og pris for May Kristin og Lasse, våre kjære naboer på Moster, for at dei har holdt ut med oss i heila vinter. Å ha dei i vår kohort har betydd mykje. Å møta dei i ny og ne har vore ein velsignelse. Men eg anar at dei kanskje har lyst til å treffa andre også, er vel ganske lei av trynene våre...

Så ha ei velsigna god helg alle, me nyter finværet på ein laurdag her på vakre Moster!

Del artikkel:

Relaterte artikler