GRATULERER NORGE!

17.05.2021, 11:24

1 kommentar

          Det er 17. mai. Ein fantastisk fin vårdag  på "Grindei", her på Moster. Det kviler ein høgtidsstemning over bygda, der dei norske flagga såvidt rører på seg i brisen, dovent faldar dei seg ut, i dei vakre fargane. Born og vaksne har kledd seg i sin finaste stas, bortsett frå meg då, som har vore på skogstur. Eg er blitt flink til å gå i naturen her, og idag er ikkje noko unntak. Og når eg også har besøk av to dachser, Mille og Arya, måtte me jo ut og vandra litt.

 

          Mitt vakre Grindheim har ikledd seg utrolig fine fargar. Det blømer rundt i alle hagar, og blomsterenger viser fram all sin prakt. Det er ein overdådighet utan like. Eg er desverre svært dårlig på blomsternavn. Kan kanskje navnet på tre sortar. Skulle mange gonger ynskja at eg visste meir om blomar og urter. Det finnes jo så monge bruksmuligheter, som mat og medisin. Men ville jo væra litt tragisk om eg bruktr dei feil, hvis eg serverte potensielle dødlige rettar til middag...

          Så eg nøyer meg med å nyta synet. Og på ein 17.mai skal det jo nytast. Både mat og drikke, is og brus. Ungane som har gledd seg lenge, får bruka pengane dei har fått til eige. Sjøl om dette året også er svært prega av pandemien, blir det litt fest og hornmusikk. Litt glede. Tonar frå tuba og trompet lyder i den stille dagen. Trommene kallar. 17.mai sløyfa blir festa på bunader og jakkeslag. Besteforeldre ventar på å sjå barneborna i finstasen. For ein fine mandag!

          Me kan fortsatt ikkje treffa alle. Me kan ikkje klemma familie og venner. Eg savnar så mange. Spesielt borna. Ser så fram til å samlast rundt eit middagsbord, eller på ein bobilplass. På hytta har me heldigvis hatt litt besøk. Som førstedosevaksinerte føle me oss litt tryggare. Så då Iselin, June og Tila blei hyttegjester, var jo fisketur ein sjølsagt aktivitet. Og Iselin vant fiskekonkurransen. Ho var suveren vinnar, og megastolt. Ved Flatøynå på Børøyfjorden drog ho opp ein svær lyr på over 4 kg. Me trudde nesten ho drog opp heile botnen, for den ville jo ikkje opp, og gjorde seg svært tung. Men opp skulle den, og poserte villig saman med dagens vinnar!

 

          Den smakte fortreffelig, steikt i panne og ovn saman med godsaker. Me har ikkje fått så mykje fisk i det siste, stimar med pigghå har herja med fiskebestanden i fjorden. Men håpar dei forsvinn no, skal vel ikkje væra her på denne tida av året?

 

          På tur rundt omkring fant Tila ut at Narravikjå var ein utmerka badeplass. Slik den var då me var ungar, og gjekk dit for å bada og sola oss, med kjeks og saft medbrakt i sekken. Ofta var det svært folksomt der, og sjøbotnen var god å trø på. Me la ut håndklær på svaberga, eller på bakken hvis det var mykje folk. 

 

          Det finnes mange turmuligheter her på Moster, ikkje minst i skogen. Så idag blei turen lagt til Grindheimsskogen, stille og fredelig på ein 17.mai. Prata litt med hundane, og litt med meg sjøl. Tok inn den vakre utsikten over skjærgården her. Mitt Grindheim.

 

          Innover i skogen har det jo vakse opp ein liten hytte og sjøbodby. Som ikkje fantes her då eg voks opp. Med kjøreveg fram, det er jo reine lysturen å gå her. Bekkane klukkar ein glad melodi, og trærne viser seg fram, feiande flotte. I vegkanten overgår blomane kvarandre i fargar.  Mosen veks overalt, og blåbærlyngen gjere seg klar til ein bugnande sesong. Her er det godt å væra.

 

 

          Men, hundane vil heim til matmor, Anja, og det er tross alt 17.mai.  På tide å tenkja på å ropa hurra, og feira dagen. Heldige meg er invitert på lunsj, og slepp å stå over komfyren sjøl. Så derfor gjenstår bare å ynskja alle ein fin dag, spesielt mine kjære som eg savnar rundt meg i dag, dei på Åkra på Karmøy, og jentene mine i Haugesund som eg vett er flotte i dag.

          GRATULERER MED DAGEN, MOSTER OG HEILE NORGE!

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler