HARDT I HARDANGER!

Ann Kristin Halvorsen
HJELPE MEG for nokon bakkar dei har her i Lofthus. Dei går strake vegen til himmels, og det blir mykje pusting og pesing frå mi side. Ekstra ubehagelig når dei innfødde bare passerer meg heilt ubesværa, smilande og glade. For Vårherre har verkelig vore kreativ med naturen her inne. Stupbratte fjellsider rett ned i den djupe fjorden. Snøen kler fortsatt fjelltoppane. Det blømer overalt. Frukthagane ligg som smykker mellom gardane. Elvar og små fossar finn vegen sjøl, og somme tider høyres steinsprang. Det heile er vidunderlig vakkert!!
VÅR CARVER har endelig fått rulla ut på vegen. Stolt og nyvaska tok han oss til bløminga, pinsehelga, her i Lofthus. Han fann vegen til Lofthus Camping. Me ankom onsdag, og det var jamen i rett tid. For dette er ei stor utfartshelg. Campingen er veldig full. Ligge så fint til på ein bakketopp, mellom frukttrea. Utsikten over fjorden kan ikkje beskrivast som anna enn grusomt, forferdelig vakkert!
CAMPINGEN HAR ABSOLUTT alle fasiliteter me behøver. Her er eit stort bygg med dusj og toaletter. Vatn og tømming. Og ein hyggelig resepsjon. Så her kan me bu godt. Vil me stimulera sansane våre med sprudlande cider, vert det produsert på gardane rundt her. Ellers, viktig opplysning, er visst næraste pol i Odda. Kan væra greit å huska når mat og drikke skal på plass i bilen...
TRUDDE DU KANSKJE at me drog ut på landevegen, einsame og vennelause? Neida. Me er så heldige å få kjøra saman med Susan og Hans, kjente og har mange musikk og politiker-fans. Dei kjører i staselig bil, men sjølsagt aldri så fin som vår. Nei, den er det ingen over, ingen ved siden. Det er ganske rart at ein kan bli glad i eit kjøretøy, men det har altså skjedd med meg. Kan likagodt tilstå, eg elskar Concorden. Eg er komen ut av skapet.
TUR. Bruka apostlenes hestar. Her er uttallige muligheter for den sporty og spreke. Her kan ein gå bratte fjellstier til toppane rundt. Gå Dronningstien som byr på utfordringar. For sånne som meg, udatert og med dårlig lungekapasitet, finnes det heldigvis fruktstien. Og den er sannelig utfordrande nok, men du og du for ei flotte ruta. Rett gjennom tunet på fruktgårdane, bonden jobbar og slite, mens me vandrar forbi heimen hans i eit bedagelig tempo. Rundt 6 km er ruta frå campingplassen.
HER KLORAR DEI SEG fast. Husa, dei små skakke og gamle, og dei nye, med moderne linjer. Trea har fått gripetak i jorda, geiter og sauer beitar fredelig, med beina godt planta i skråninga. Det dukkar opp vakre blomar og buskar på dei utruligaste plassar. Menneska har vore her lenge. Munkar fant seg til rette her for lenge sidan. For meg, med eit snev av høgdeskrekk, er det heilt utrulig kor folk kan bu. Enkelte hus heng nesten over avgrunna.
INNOVER I DALEN, der vatnet kastar seg utenfor ei høgda, ligg dei. Kjempestore steinar. Ein gong for uttallige år sidan, raste dei ned fjellsida. Enorme steinar på mange tonn. Tenk den lyden som blir kasta mellom fjella her inne! No ligg dei i hagar og enger. Mennesker har bygd rundt dei, pynta dei. Men dei ligg som eit vitnesbyrd om den brutale naturen her inne. Naturen er vill og uforutsigbar. Menneskene blir så små og sårbare her. Men også tøffe og sterke!
FORSTERKA MED nye bobilvenner, nyss ankomen, er det greit med ein tur ned til det litla sentrumet i Lofthus. Her finn ein daglegvarebutikk, bruktbutikk, bakeri, restaurant og selfølgelig bygdas flaggskipp, Ullensvang hotell. På grunn av coronarestriksjonar kunne me ikkje gå inn, kun hotellets gjester. Det er eit vakkert bygg, der det ligg så fint ved fjorden. Og mange er dei som har besøkt hotellet, på kurs konferanser, julebord og mange anledninger. Men me treng ikkje besøkja hoteller for å kosa oss!
HER FANT ME NEMLIG eit "vannhull" med pizza, hardangertapas og lokalbrygga øl. Veldig greit med uterestaurant når ein fortsatt har coronaspøkelset i bakhovudet. God plass, og smilande service. Herlig pizza.
MEN DET ER SLIK med oss bobilfrelste, me likar oss godt ved bilane. Finna ein godstol, skjenka opp eit glas italiensk raudvin, og bare kjenna. Kjenna på den nye frihetsfølelsen, kjenna på at det er godt å væra på vegen igjen. Væra takksam for at me snart er fullvaksinerte, og kan væra tryggare. Dette er eit godt liv, og Norge er eit fint land å feriera i. Men jamen og dyrt! Iallefall for vår lommebok. Så lengselen etter å dra til det store, spennande utland er stor. Men planar kan me ikkje laga enda. Me må venta og sjå.
SÅ EG VIL få ønskja dåke alle ei fin pinsehelg, ta godt vare på kvarandre!