To små, søte jenter. Koppesett. Ei førnøgde jenta, og ei som slett ikkje er så glad. Antageligvis har me krangla, Gunn Heidi og eg, og storesøster har gått sterkast ut. Eit blinkskudd frå barndommen vår på Grindheim. Me har nok hatt våre uenigheter gjennom livet, søster og eg. Men me har alltid hatt tette bånd, ubrytlige. Ulikheter i sinn og kropp til tross, eg er fryktelig glad for å ha ei slik søster. Og Lene, du var ikkje eingong fødd når bildet blei tatt. Vår nærhet kom seinare!
No er me vaksne. Eller gamle, vil kanskje nokon seia. Klokare? Neppe. Me gjere stadig dumme ting, klare fortsatt å seia ting som det ikkje er meining i. Me tenkje nok mange gongar over koss livet blei. Alle draumane som blei skrinlagde. Men sete også med ein følelse av takknemlighet. Me hadde ein fin oppvekst på Moster. Fritt og trygt. Pappa lærte oss å bli glad i sjøen, fiske og båtliv. Somrane ute i øyane. Bading og overnatting i telt. Livbåten me pussa på og malte, og som var så breid at me måtte væra to stk for å ro. Fine minner!
Men og ein oppvekst som blei prega av våre foreldre som var konservative kristne. Huskar med gru søndager, der me jentene måtte gå i skjørt, sminke var bannlyst, og ingen skulle arbeida. Me syntes dagane var kjedelige. Det var så mykje som var forbudt i kvardagen, musikk med rytmeinstrumenter, ukeblader, kortspel, og enkelte bøker. Me blei overaust med kjærleik, men det var strengt for ungdomar som var nyfikne på livet.
Idag trur eg nok at tidene, og menneska har endra seg. At dei kristne i forsamlingane har ei anna innstilling til å væra kristen, at det ikkje handlar om det ytre, men indre kvaliteter. Iallefall håpar eg det!
Så har eg vore ein tur i Grindheimsskogen igjen i dag. Igjen har eg beundra den nydlige utsikten over "Grindeivågen". Vandra iveg på skogsvegen, samtala litt med meg sjøl, og litt med dei som er borte. Som vanleg, kan du sei. For eg kjenne på nærleiken deiras. Og her på Moster dukkar så mange minner opp. Ting eg trudde eg hadde gløymt. Og det er godt å kjenna at eg er ein mostring, sjøl om det er lenge sidan eg budde her.
Bildene har eg. Bestemor Emma og bestefar "Hallvards-Larsen". Mamma Gerd og pappa Halvor. Dei lever jo videre i oss søsken. Arven etter dei flyt i årane våre, ligger i genene. Fysiske likheter finn me ofte. Frank som er prikk lik på pappa. Samme glimt i auga, lika glad i sang og musikk som pappa. Torbjørn er lika staselig og med pondus, som bestefar. Gunn Heidi som er akkurat lik mamma. Lene er lik bestemor som ung. Lasse og eg er vel ein lett blanding.
Familie er viktig. Me har ein felles historie, og sterke bånd. Eg er priviligert som får lov til å væra storesøster til ein slik flokk unike mennesker.!
No er både Kjell og eg fullvaksinerte. Det håpar eg betyr meir fridom. Fridom til å væra ilag, fridom til å reisa. Lufta Mr. Carter på ein lengre tur. For sjøl om hytta på Moster og båtlivet er herlig rekreasjon, er fortsatt reiselysten der. Utferdstrangen. Så kanskje me får dra, litt utpå sommaren?
Herlig sommarvær har me. Lettskya idag, med mørke skyer innimellom. Litt tordenvær i lufta? Me trenge nok litt regn no, brannfaren er stor. Sjå bare kva som skjer på Sotra. Skremande!
Då ønskjer eg dåke alle god helg, tusen takk for at nokon orka å lesa mimringa mi. Og gidde du ikkje, så skjønar eg det godt...
Desse mosegrodde steinar, tenk historiane dei kunne fortelja!