DRØMMEN.

05.06.2021, 08:35

5 kommentarer

     ME HAR EIN DRØM.  Me har eit savn. Puerto Rico, Gran Canaria. I slutten av mars 2020 reiste me frå øya, i redsel for covid-døden. Det blei ei hastig avreise, me fekk beskjed om å komma oss heim, til Norge. Me satt med portforbud der nede, frå den eine dagen til den andre, forandra øya seg frå å væra ein velsmurt turistmaskin, til ei spøkelsesøy. Det meste blei stengt, politi og Guardia Sivil kjørte rundt i gater og vegar, passa på at alle holdt seg innendørs. 

     DET VAR EIN SKREMMANDE situasjon. Lite og ingenting visste me om denne pandemien. Ein frå husstanden fekk lov til å handla. Ellers var det strengt forbudt å oppholda seg utenfor heimen. I to veker sat me der på terassen, med ein masse spørsmål ingen kunne svara på. Så me fekk flybillettar og reiste til Norge, til det som føltes tryggare. Heim til to veker i isolasjon.

     Me har ein heim i Puerto Rico. Ein heim me har brukt mykje energi og pengar på. Ein heim me er glad i. Ein heim me er redd for, og savnar. Så kva skjer? Er alt greit? Har kakkelakkane flytta inn? Er det lekkasjer?

     DET GAMLE SENTERET begynner å sjå flott ut, det ser me på bilder. Renoveringa starta før me drog. Me er veldig spent på koss dei har klart seg, restaurant og butikk-eigarane. Mange av dei kjente me godt, og satte stor pris på. 

     I PUERTO RICO var det mange nordmenn. Mange Haugalendinger. Nokon budde der over lengre tid, andre kom for å feriera i denne fantastiske lille bygda. Fleire foretrakk Arguineguin, fiskerlandsbyen som nesten blei norsk i vintermånadene. "Monaco", bungalowområdet i Puerto Rico-dalen, blei for spøk kalla "Karmøy hotell". Haugalandsdialekten høyrtes overalt. Me samlast ofte om kvelden på senteret, til muddag og drøs. Gjekk til "Lillebrors pianobar" for livemusikk. Der traff me alltid kjente. Eller langbord på "Mephisto", der me desverre har fått beskjed om at dei har mista ein uvurderlig person. "Star Club" og pianobaren var populære treffstader.

 

 

 

 

 

     ME SAVNE "Heia Norge", der me samlast så mange kveldar, og der Vegar sørga for live-musikk til folket. "Valhall" som i så mange år har vore ein samlingsplass, uformelt og knallkjekt. Merethe som serverte dei deiligste retter på "Pinito". Og me savnar "Mandarin", beste orientalske restauranten på sørsida av øya. Eg kunne ramsa opp i det uendliga. Me er jo litt bekymra for kor øya går videre. Vil dei overleva? Vil me igjen kunne finna vår plass der nede? Vil me igjen kunna samlast, væra i lag?

     DET ER SÅ mange spørsmål ingen kan svara på. Redselen for pandemien, redselen for å mista fleire er her enda. Mange i vår aldersgruppe er heldigvis fullvaksinerte, her i Norge. Men kva med kjøpesterke barnefamiliar, kva tid kan dei feriera ,og leva "sydenliv". 

     EG BER TIL VÅRHERRE om at øya kjeme sterkt tilbake. At me igjen kan få treffa dei flotte menneska me er blitt kjent med der nede. At me igjen kan føla oss trygge i ein syden-kvardag. For me er jo så glade i øya.

 

     ME ER MANGE som ventar spent. Lindy, Steinar og Sigrun. Fast inventar på øya dei seinare år. For oss alle har det blitt eit annerledes år. Ein vinter i Norge, det er lenge sidan. Og me har ingen grunn til å klaga. Føle Norge har håndtert pandemien bra. Men likevel, reiselysten halar og drar i oss. Og me augnar eit lys i tunellen no. Kanskje på seinsommaren? 

 

     KANSKJE ME SNART kan få høyra vakre tonar på "Heia Norge" igjen?

ME SENDER GODE tankar nedover, og håper å få landa på øya snart! Halve Haugalandet og resten av oss som elsker Gran Canaria!

 

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler