OM Å "KURA" I SKOGEN!

18.06.2021, 07:42

2 kommentarer

     Eg kom heim frå tur i markja på Åkra. Då eg gjekk, var det blå himmel og fint. Undervegs blei eg overraska av svarte skyer, som viste seg å sleppa ned styrtregn. Kom heim skikkelig gjennomvåt. Ikkje særlig overraskande, me bur jo på Vestlandet.

     Inn dørane heima kom eg, og ropa "hei Kjell". "Hei", høyrde eg frå godstolen i stova. "Hjelpe meg for regn det kom, eg måtte inn og kura i skogen!". Sa eg. Det var stilt ei stund. " "Du gjorde ka i skogen?" Kjell høyrtes forundra ut. " Det regna slik at eg måtte kura ei stund". Svara eg.

     Det gjekk opp for meg at eg hadde brukt eit dialektuttrykk. Eit uttrykk frå min barndom, som eg tydligvis sjeldan brukar. Eit uttrykk for å søkja ly. Og somme tider dukkar det opp slike ord. Som eg brukar i sjeldne tilfeller, og får Kjell til å sjå spørjande ut!

     Dialekt er fint. Det fortel andre kor me har røtene våre. Men kan ikkje alltid væra lika lett å skjøna kvarandre. Og med nye generasjonar, meir folkeflytting og reising, blir dialektane meir utvatna. Mange dialektuttrykk forsvinne. Og nye, moderne ord snike seg inn i ordforrådet vårt.

     Markjå på Karmøy. Eit utrulig flott rekreasjonsområde. Og det er mange flotte stiar og vegar på kryss og tvers over heiane. Eg skal ikkje skryta på meg lokalkunnskap. Eg går stort sett til Vaulen, eller til Speidarplassen. Eg har nemlig fått høyra at det er hoggormår. At det finnes eindel av desse krypa. Så eg går tur, oftast åleina, med blikket stivt retta mot vegen foran meg. Livredd for å trø på ein av desse. Spesielt når sola skin. Dermed må eg stoppa opp for å nyta landskapet rundt meg, og sjå kor eg er. Å vika av frå den "brede vegen", vågar eg ikkje. 

 

 

     Det er eit vakkert landskap i Karmøyheiane. Mykje stein, nydelig forma av naturen. Ville blomar veks overalt dei får litt grobunn. Lyngen er tett somme plasser. På ein fin dag kan ein møta mange turgåere, men og ein blesande og våt dag. Heidigvis er terrenget ikkje så bratt, så går greit for slike som meg. ( les: i dårlig form). Men det skal eg ha, eg går mykje. Synes det er godt å komma meg ut. Det gjere så godt for kropp og sjel. Undervegs har eg dei gode samtalane med meg sjøl. Dei store verdensproblema lar eg liggja, men funderar over livets nære ting. Håpar bare eg ikkje snakkar høgt...

     Og eg lurar på koss årets sommar blir. Me er begge fullvaksinerte. Så kanskje får me mulighet til å dra litt lenger på tur. Til det spennande utland. Me tenkjer at me gjerne vil ein tur til øya i sør. Til Gran Canaria. Dra for å sjekka heimen vår der, sjøl om den er i trygge hender. Me har også lyst på bobiltur. Bruka den kjekke bilen vår. Kanskje til Danmark? Men har ikkje lagt planer. Hyttelivet på Moster lokkar også. Med ny og større båt, perfekt til lange fisketurar. Og no er makrellen kommen!  Den treng me for å fylla fryseboksen med agn. Så idag blir det kanskje ein fisketur, været er iallefall perfekt for ein tur på sjøen!

     Gjennom ein mørk, lang og rar vinter er eg glad for at me kunne tilbringa tid på Moster. Væra saman i vår egen kohort, som stort sett har bestått av May Kristin og Lasse. Min kjære bror og svigerinne. Me har delt gode måltider, og kjekke kveldar. Løyst nokon verdensproblemer, men det er gløymt neste gong. Så då er det bare å starta på nytt...utan desse to hadde det blitt einsamt. Det er no me ser at me mennesker treng å væra saman med andre. Derfor går tankane mine til dei som har stridd seg gjennom pandemien einsamme. Me er tross alt heldige!

 

 

 

 

 

     I dag er det lørdag, og regnet pøsar ned. Heldigvis sommarregn, det er heilt stilt. Men eg saknar allerede den flotte dagen me hadde i går, der sola skein, og eg fekk arbeidslyst og energi. For eg innrømme det glatt, eg blir værsjuk. Idag har eg mest lyst til å krypa under dyna igjen...men nei, idag er det fiskekakedag, skal laga ein stor porsjon. Så Ann Kristin må våkna, og snart begynna å jobba!

     Men elskar desse lyse kveldane. Elsker denne årstida. Måtte me få mange fine dagar framover, uansett kor me er!

GOD SØNDAG!

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler