SOMMARFAVORITTAR!

07.07.2021, 08:01

6 kommentarer

     Me er i juli måned. Sola har snudd. Juli overveldar oss med ein natur som strålar mot oss. Blomar og gras har vakse seg høgt. Naturen er overdådig , kvar ein liten spire viser seg fram. Å gå tur i skogen eller ved sjøen gir eit fantastisk sanseinntrykk. Eg er glad i å gå i skogen og markja, men så er det dei forbaska ormane då. Som eg er redde. Sjøl om dei antageligvis er mykje reddare enn eg er.

     Men det er fredelig og godt å gå tur inne blant trær. Følgja skogsvegen, på Karmøy eller på Bømlo. For foreløpig, så er min verden begrensa til Karmøy eller Bømlo. Me har fortsatt ikkje vore på langtur med bobilen vår, Mr. Carver. 

     Me har hatt mykje å gjera. Men no planlegg me iallefall ein utfart. Først må me bli nokonlunde ferdige med prosjekta våre. Oppfylla forpliktelsane våre. Mr. Carver er råklar. Klar til å frakta oss rundt om. I inn-eller utland. Han er svært glad i dei flotte vegane i Danmark og Tyskland. Han har fått nye dekk han så gjerne vil testa ut. Han ser jo at hans to passasjerar nyt å oppleva nye plasser. Kanskje treffa på bobilvenner. Eller campingvogn-kjente.

 

 

 

 

     Me har jamen mange gode minner frå livet på vegen. Fantalivet. Me har blitt godt kjent med forskjellige mennesker. Når ein kjører saman, blir ein kjent på ein annan måte enn til daglig. Alt frå toalettbesøk til søvnmønster blir avslørt. Tynne vegger i bobilen avslører krangler. Me er så absolutt forskjellige. Og det gjere turen så spennande! Uansett så forblir me venner. Men pandemien har nok forandra ein del. Mange foretrekke no å feriera i Norge, usikkerheten ved å reisa utenlands er stor. Så ein satse på det trygge. Derfor treffe me nok ikkje så mange kjente når me drar sørover. Men foreløpig synes me det ser greit ut, og er heldigvis fullvaksinert. Så får me sjå kor langt me kjeme!

     Bildet her er av tante Millan og onkel Jens, med lille Tommy, søskenbarnet mitt. Dei bygde hytta på Moster, som me no har overtatt. Småting, i og rundt hytta, gjere at eg får lov til å føla meg som ein del av historia deira. Fine tante Millan, som desverre gjekk bort for eindel år sidan, vaks opp her på Grindheim. Hytta ligg på det som var heimagården. Eg er veldig glad for at eg kan få lov til å tilbringa mykje tid her, for dette var også min barndomsplass. No er det ikkje så mykje igjen av gården, og huset er jo borte. Så no " klorar" eg meg fast, og håpar bestefar og bestemor ikkje synes det er for gale at mesteparten er borte. Eg lurar jo på om det er et alderstegn at eg tenkjer så mykje på dei og det som var? At eg ynskjer så sterkt å vita meir om historia deiras? Eg tenkjer at fortida definera den me blir, den personen me er. Og at det er viktig å vita kvifor.

     

     Derfor synes eg det er spennande med dei gamle bileta.  På dette står barndomsheimen min og kneisar stolt midt i biletet. Det var og mykje mindre vegetasjon enn det er i dag. Veit ikkje årstal, men mykje har forandra seg sidan dette blei tatt!

     I "Klassavikjå" har det også skjedd store forandringar dei siste åra. Veg, istadenfor stien som var der i min barndom. Nye, flotte sjøhus har dukka opp. Og vegetasjonen gror! Mostringane er glade i båtliv og fiske. Å bu her, og ikkje ha båt, er nesten utenkjelig. Her er ein fantastisk skjærgård, der ein kan boltra seg med fisking, bading, og friluftsliv. 

 

     

 

 

     Eg sender ofte ei takk til Vårherre. For at eg fekk komma tilbake til Moster. Eg såg nok ikkje kor fint her var, då eg var ung. Då var eg meir opptatt av å bu ein plass med arbeidsplasser og unge mennesker. Der det var litt meir "action". Og eg visste ikkje at dette var paradis. At det var her hjerta mitt var. Og sjøl om eg skulle ønska at mamma og pappa var her, har eg likavel masse familie. Det er godt å kjenna at ein høyre til!

     Coronafrykten er heldigvis litt på retur. Den prege ikkje livet vårt fullt så mykje. No kan me endelig treffa våre kjære og våre venner. Endelig samlast litt igjen. Eg trur kanskje me har lært mykje i denne vanskjelige tida. Lært kor viktig nærleik og sosial omgang er. Ting me har tatt for gitt. Coronaen har kanskje endra tankemåten vår, latt oss få sjå kva som er viktigast i livet. Men den har også gitt oss bekymringar og frykt. Redselen for å mista nokon, redselen for at kvardagen vår blir endra for alltid. Økonomiske bekymringar. Einsamhet.

 

     Eg håpar eg kan la skiltet henga slik no. At døra vår er open. At me ikkje må lukka den igjen. Eg håpar at me får ein sommar der draumar blir oppfylt, på Karmøy, Bømlo eller ute i ein open verden. Eg ynskjer alle ein god sommar!

 

     Ein kjekke Danmarkstur for ein del år sidan. Håper på reprise!

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler