Alle desse dagane, som kom og gjekk. Dei var livet. Lite visste eg"
Ein ny stad i livet. Våren og sommaren er snart over. Hausten nærmar seg. Eg er mest glad i våren. Og slik føltes ungdommen min og, mulighetene var så mange. Alt var innen rekkevidde, bare å strekkja ut handa, og gripa tak. Eg hadde god tid. Alderdom var så langt borte. Ei stor verd låg der, klar for meg. Ung, naiv, drog eg ut i verda. Og fekk tøff lærdom om korleis livet var. Ein usikker ungdom, med lite sjøltillit, møtte på mange utfordringar. Eg nådde nok ikkje måla eg sette meg. Fekk det liksom ikkje til. Men møtte nye mennesker, fekk gode venner og kjærlighet. Viktige ting i livet mitt.
No er eg snart inne i hausttida. Kroppens plager melder seg. Den meddeler at mykje tid er gått, og den byrjar å bli sliten. Den rustar og treng nye deler. Og eg blir irritert, for inni er eg ikkje klar for dette. Så mykje eg enda vil gjera! Eg vil jobba, eg vil reisa, eg vil fungera saman med mine kjære!
Så eg syte litt. Eg likar ikkje stygge ord, men hender eg mumlar nokon for meg sjøl. Ikkje så veldig stygge da, men skjemmes litt. Er jo opplært til at stygge ord er synd. Og lærdommen sitte der. Som så mykje anna eg ikkje gløyme. Navn og stader, ka eg åt i går, alt slikt forsvinne frå hukommelsen. Men barnelærdommen, den er der. Og takk til heimen min, for den lærdommen.
Eg veit fortsatt ikkje kor vegen går videre. Om den går langt. Kva hindringar som dukkar opp. Men no skal eg snart velgja. Avgi mi stemma. Eg synes det er vanskelig. Eg følgjer litt med i politikken. Høyrer politikarane lova. Eller bløffa. Erna og Co taper visttnok terreng. Etter 8 år er nok veljarane litt slitne av høgrepolitikken. Forskjellane i samfunnet vårt har auka. Miljøet er kommen i fokus. Og det er bra. Jordkloden vår, me har bare ein, har me forurensa og rasert. Havet vårt er fullt av plast. Havets økosystem blir ødelagt. Jordens befolkning aukar, det er ikkje nok mat og plass til oss alle. Me heldige, her i nord, har tumleplass og fråtsar. Me får aldri nok. Me lever i eit stadig jag etter penger og velferd. Me er så heldige å ha eit godt helsevesen. Ikkje perfekt, men godt.
Kva skal me stemma for? Jo, politikk er mesteparten av vår levestandard. Det avgjere kva som skjer med oss i alle epokar av livet. Frå unge studentar og lærlingar, småbarnsfamilie, og arbeidstakar. Kva som hender om me blir sjuke, og ikkje kan jobba lenger. Våre gamle, som ikkje får rett til sjukeheimsplassar. Rusavhengige, funksjonshemma, dei som fell utanfor, alle er dei avhengige av kva politikarane gjer.
Som lavtlønnsarbeidar har eg stemt på Arbeiderpartiet i alle år. Følt at dei har stått nærmast det som er viktig for meg. No er eg usikker. Og må tenkja godt gjennom kva som er det viktigaste. Men veit at det er solidaritet med mine medmennesker, og håpet om at me eingong kan friskmelda kloden vår. MDG får nok ikkje mi stemma. Ekstreme virkemidlar trur eg ikkje er vegen å gå. Lenge leva idealisme, men me trenge tid til snuoperasjonar. Diesel og bensinbilane våre må me ha ei stund til. Oljevirksomheten vår er fortsatt levedyktig og viktig. Men skjønar desse unge som skal arva kloden vår!
Avgi mi stemma, det skal eg. Eg ønskjer også forandring. Eg synes høgresida har gjort ein god jobb under pandemien, og har stor respekt for Erna sine lederegenskaper. Men er det godt nok?
Viktig at me alle gir vår stemme, og fortel kva for eit samfunn me vil ha.
Me har vore på vegen i sommar, med vår kjære Carver. Fått lufta oss litt. Kjørte sørover, og havna i Nord-Tyskland, i det vakre Schleswig-Holstein området. Mange fine småbyar her. Tyskarane er flinke med bobilturisme, og har laga "stellplatz" sentralt i byane. Til ein rimelig penge. Ekstra kjekt innslag i ferien at me traff kjensfolk på turen. Ein flotte kar som feira sin bursdag i Tyskland. På tur med bobil og den fina kånå si. Og kven trur du fekk væra med og feira? Gjett...
Jubilanten, Hans, fekk bursdagsfrokost og nydelig kaka, og virka ganske så fornøyd. Og er jo ein fantastisk flotte jubilant, da!
Dagane går jo så fort. Herlige, avslappande dagar, med nye inntrykk og opplevelsar. God mat og drikke. Men brått måtte me på heimtur igjen. Kvardagen kalla. Ingen problemer på grensene, me hadde vårt coronapass. Etter kjøreturen gjennom Danmark, tok me ferja frå Hirtshals til Kristiansand. Passa blei vist fram, og me kom kjapt gjennom køen. Effektivt og greit.
Så no er me tilbake på vår bittelille del av Norge. På vakraste plassen av dei alle, Moster. I Bømlo kommune. Her skal me nyta siste rest av sommaren, fiska, og tøffa rundt i verdens vakraste skjærgård. Sitja på terassen og renska nykokt krabbe. Nyta stillheten og kjenna roen senka seg. Her er eg heima, og i hausten som no er nær. I naturen, og i livet mitt. Og eg kjenner stor takknemlighet. For at eg fekk komma heim igjen.
Valgets dag er nær, og det er me som bestemmer. Kva for ei framtid vil me ha? For oss, men mest for våre barn, og framtidige generasjonar?
Godt valg!