NÆRE TING

Ann Kristin
Ann Kristin Halvorsen

07.09.2021, 09:37

DEN EG ER.

det er mine forfedre og min oppvekst som har prega meg, gjort meg til den personen eg er.

 

 

Gunn Heidi, pappa Halvor og meg.

     Det er spennande å bla i gamle album, studera gamle bilete. For å forstå meg sjøl, må eg gå tilbake. Til dei eg kjem frå. Dei fleste er borte, og det kan væra vanskelig å få svar på spørsmåla mine. For litt sjølransakelse har eg av og til. Kvifor er eg blitt dette mennesket? Er det arv, gener? Eller er det miljø?

     Dei siste åra har vore tøffe. Sjukdom og operasjonar. Mange deler er fjerna frå kroppen min. Nokon i familien min døydde svært unge, andre levde lenge. Og eg har lagt merke til at ugifte kvinner har vore dei som levde lengst....Men, eg lurer på kvifor eg måtte gjennom dette. Noko veit eg var relatert til gener. Men det er jo dei siste åra forskning har hatt gjennombrudd med gentesting, og også forebyggande operasjonar, f.eks i forbindelse med brystkreftgenet.

     Arvelig bryst eller eggstokkreft kan knyttast til overlevande etter Svartedauen. Enkelte stader har større konsentrasjon, bl.a.i Rogaland og Hordaland. Så eg har kanskje ein slektning i historien, som mista mange av sine kjære i Svartedauen. Men som overlevde. I stor sorg. Kanskje ei unge jenta, som håpa på ei lys framtid. Men som måtte sjå sine kjære bli sjuke, utan å kunna hjelpa dei. Kanskje ho mista familien sin, kjærasten sin. Men ho overlevde. Og lite visste ho, at mange år seinare, i eit anna århundre, skulle dei muterte genene , som var vidareførte i ei Mostra-jenta, skapa sjukdom og redsel. 

     For ordet kreft skapar frykt hos dei fleste. Det er ei tikkande bomba. Og me vil jo ikkje dø no? Me vil jo så gjerne leva. Sjå våre etterkommarar veksa opp. Så frykten kan væra overveldande. Heldigvis har me eit godt helsevesen. Eg opplevde å få god hjelp. Fekk møta genveiledarar. Og eg sloss. Snakka med Vårherre. Og blei frisk. Kan leva nokonlunde normalt. Eg var veldig heldig. Alle er ikkje det!

     Så eg tenkjer på mine forfedre. Kva gener bar dei på? Kva måtte dei gå gjennom av sjukdom og smerte? Eg skulle ynskja eg visste meir! For å prøva å forstå!

 

onkel Jens, tante Millan, Gunnar, onkel Arne, tante Petra, bestefar heima i den lille stova vår, tett saman.

 

 

nydlige mormor, som me var så glad i, og som døydde så altfor tidlig.

     Eg prøver å lesa noko utav bileta. Finna historia, kven var dei? Som barn trudde eg at dei alltid ville væra der. Og vakna opp til ein annan verklighet. Der eg snart er den eldste generasjonen, eg, som slit med vaksenlivet. Som er lika barnslig og dum. Eg skal no væra den som er ansvarlig og full av visdom. Som har svar. Men eg er fortsatt den med spørsmåla. Som ynskjer å få vita. Så den yngre generasjonen får bæra over med meg. Leva med at eg er meir søkjande enn klok...

     Eg er eldst i syskenflokken vår. Gunn Heidi, Lasse, Lene, Torbjørn og Frank. Eg så takknemlig for familien min. Naturlig nok har eg vore tettast på dei eldste. Dei yngste var "småungar", då eg flytta heimefrå. Men det er godt å vita at dei er der. Og me har hatt mange kjekke stundar saman. Ikkje alt egnar seg til å skriva om her....

 

     Eg kjem til å leita vidare. Dra fram dei gamle albuma eg har stua inn i skapet. Og det er eit håp eg har, finna ut kven eg er, kor eg kjem frå. Kor kjem denne skrivegleden frå? Eg må nesten bremsa meg sjøl. Men har ein liten mistanke om at eg har arva litt av bestefar, "Hallvards-Larsen". Trur han skreiv sangar og dikt i notisboka si. Med eit sterkt religiøst preg.

     For kristendommen har alltid stått sterkt på Moster. Heilt frå Olav Tryggvason, som kristna med sverdet. Bli kristen, eller bli hovudlaus, var vel mottoet den gong. Men huskar at når eg vaks opp på Moster, så høyrde dei fleste til i Sion, pinsevennene eller Salem. Og så var det " hedningane", som eg syntes fryktelig synd i, der dei var på veg rett til helvetes pinsler. Kan ikkje huska at besteforeldrene mine var ivrige møtegjengarar, men eg høyrde verken bannord eller såg alkohol. Så eg antar det kom innunder synd..

     Men dei var varme, gode besteforeldre. Og eg syntes det var fryktelig då dei gjekk bort. Eit stort savn i barndommen min. Begge var dei svært glad i musikk, og spelte for oss ungar. Bestefar på trekkspel, bestemor på piano og fela. Gode minner!

     Idag er Moster ein annan plass enn då eg vaks opp. Grindheim ligg der, men nye generasjonar og tilflyttarar er komen til. Det er stilt, den glade latteren til dei som budde der er borte. No ligg mange av dei som budde der, og kviler på kjerkegarden. Dei er ikkje gløymde, og dei er savna. Men dei lever vidare i minnet, og i hjerta våre. Og i historiane.

For dei som orkar, og bryr seg om å lesa, det kjem nok meir om dei gamle. Eg er ikkje heilt klar for å sleppa temaet enda. Herved er dåke advart!

nokon gongar føles dei svært nære, dei som har gått bort



Andre artikler