Lotte hjelper deg!

29.09.2021, 07:59

1 kommentar

eg elske dei gode samtalane

 

    Det veks og gror på Karmøy. Mange flotte ungdommar busett seg der, og dei utgjer eit godt tillegg til arbeidsstyrken og bidrar til fellesskapet. Og for 25 år sidan blei ei lita prinsessa født, ei jenta som i oppveksten var svært kreativ, full av idear og skodespelarevner.

     Lille Charlotte Simonsen vaks opp som yngst av 4 søsken. Mamma Irene og pappa Kjell Einar hadde nok hendene fulle. Og prinsessa ville jo svært gjerne delta i mange ting. Eg huskar godt diverse opptredenar ho hadde for oss, med sang og dans. Korps tok også mykje av hennas, og foreldra si tid.

     Me tenkte, denne jenta blir nok skodespillar. Eller filmstjerna. Hu hadde denne utstrålinga, og fekk kontakt med sitt publikum. Store og små.

     Men, nei. Charlotte valgte å utdanna seg som hudpleiar. Og var ferdig i 2018. Som så mange andre unge, blei ho forelska i ein staut kar frå Karmøy. Og då var det naturlig å venda nasen heimover. Til familien, kjæresten og venner. Til heimen sin.

grunnen til at eg valgte hudpleie, var min egen hudsjukdom, atopisk eksem.

 

     Charlotte har eit svært vinnande vesen, og får lett kontakt med mennesker. Ho har masse energi. Coronaen kom, og stoppa mange sine framtidsplanar. Charlotte jobba ei stund som hudpleiar på Karmøy, deretter var det mange som traff henne på fleire apotek i distriktet. Bak disken, smilande og sprudlande!

     Men ein ide var født. Egen hudpleiesalong. Sin egen sjef. Jobba med mennesker, tilføra velbehag og glede i kvardagen deiras.

     Lotte gjekk i gang. Mamma og pappa måtte overtalast. Salong i kjellaren våres? Går det an da? Jada, alle bretta opp armane, og satte i gang. Og resultatet blei ein lekker salong, med alle remedier ein trenge for å forskjønna og fornya. Her kan ein få hjelp med vonde føtter, rygg og nakke. Massert vekk stress og vonde knuter. Her kan ein komma med det trøtte fjeset, og gå ut med fornya sjøltillit, mjukare hud og vakrare bryn og vipper. Slikt me alle trenge, når me er slitne og anspente.

er kunden fornøyd, så er eg fornøyd.

 

     

     Babor sine produkter er jo velkjent og anerkjent. Desse brukar Charlotte i behandlingane sine. Herlige produkter som strammer og fukter der det trengs. Denne flinke jenta har enda ikkje regelmessige åpningstider, er enda i startfasen. Men kan som regel alltid nås på telefon.

 

 

     Litt luksus og fonyelse i kvardagen bør me alle unna oss. Komma inn hos Charlotte, snusa inn herlige lukter, kjenna hender behandla og kanskje forskjønna. Det er medisin mot stress og trøtthet. Gir glede i kvardagen!

     Det finnes mange dyktige hudpleiere, ingen tvil om det. Men Charlotte har litt ekstra motivasjon, vil så gjerne at kunden skal bli storfornøyd, gå derfra med et stort smil. Så ho yter det lille ekstra. Og derfor vil eg så gjerne fortelle verden om Lotte, som er blitt stor, og som så gjerne vil at du skal komma, og bli fornøyd!

GRATULERER MED SALONGEN, OG MASSE LYKKE TIL!

 

ADRESSA ER: PLASSVEGEN 3, 4270 ÅKREHAMN.

TLF: 45427612

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler