Haustfargane er vakre. Dei pryder Moder jord, før dei forsvinner inn til nakre greiner og brune jorder. Naturen blir stille, kviler gjennom ein lang vinter her i nord.
Og eg har bursdag. Idag er det sannelig 63 år sidan eg blei fødd på Grindheim på Moster. Fødd inn i ein familie av havets folk, der barsk kjærlighet og konservativt samfunnsyn var viktig. Eg var så heldig og fekk veksa opp i samme hus som besteforeldra mine. I hine dagar budde heile familien saman. Trongt? Ja, etterkvart som familien vaks. Men ein plass til alle.
I min egen haust tenkjer eg mykje på kva som skjer i min egen kropp. Nokon gongar skremande ting. Det føles som om kroppen sviktar meg, den eine delen etter den andre. Eg veit jo at det er slik, men sliter med å godta forfallet. Hatar når eg blir stoppa av vond rygg midt i et prosjekt. Surt når eit kne sviktar når eg er på tur. Og humøret dalar nok litt når ein sjekkar spegelen, og oppdagar ti nye rynker....
Så ser eg ein "guru" på Facebook, vedkommande maser om å tenkja positivt i alle situasjonar. Sjøl når det føles som golvet raser under meg. Sjøl når eg er møkka lei eller trist. Positive tanker! Ikkje alltid så lett å finna dei. Men, eg kan klara det.
Ok. Eg vinne heilt sikkert i Lotto. Utrolig masse penger. Då kan eg ta ein full make-over, strekkja og dra ut huden frå tærne til panna. Farvel skrukker og rynker. Andre deler kan skiftast ut, og eg er råklar for ungdomstida igjen. Eg kan velta meg i luksus, og leva som ein greve.
Positivt? Ikkje i min verden. Eg vil helst fortsetja å unngå den store spegelen på badet, og heller speila meg i dårlig lys. Eg innfinne meg nok med sliten rygg og kne, ta ein kvil, og begynna på nytt. Delene inni kroppen ser eg ikkje, så eg håpar dei har det greit ei stund til. For eg er faktisk svært heldig. Eg har fått leva 10 år lengre enn pappa fekk. 7 år lengre enn mamma fekk. Og kvar bursdag tenkje eg på dei. At eg savnar dei så fryktelig. At eg så gjerne skulle hatt dei rundt meg i mange situasjonar. Og når eg er heima, på Grindheim, kjenner eg på sorgen og savnet.
Fleire positive tankar? Åja, dei står i kø. For å overdriva pittelitt..Men noko som er stort for meg, som trudde eg var ekskludert frå arbeidslivet for alltid, er at eg har fått ein ny sjanse. Ein av dei finaste mennesker eg veit om, Malla, har faktisk gitt meg ein mulighet til å testa ut min restarbeidsevne. Slå den, ansetja ei "gammal" dama med ein lang sjukdomshistorie. Som no får lov til å væra del av eit ungt og energisk hotellteam. Eg elskar det! Eg jobba jo i mange år på hotell Amanda. Det var "mitt" hotell. Og å få lov til å komma tilbake, er nesten som ei ungdomskjelda. Få lov til å jobba med mennesker igjen, bruka hovud og kropp. Evig takknemlig, Malla!
Hotel Amanda ligger vakkert til ved Smedasundet. Hyggelig og med ein varm atmosfære. Ein mix av fleire nasjonaliteter har sin arbeidsplass her, og alle blir inkludert i teamet. Gjestene trives i den uhøytilige atmosfæren. Og heldigvis for hotellbransjen og reiselivsbransjen generelt, er reising og overnatting på veg opp igjen. Det nærmar seg også avreise for oss, no skal me endelig få dra på sør igjen. Til Gran Canaria!
Det er halvanna år sidan me har vore der. Me har jo savna øya. Sjøl om me har hatt fantastiske månader på Moster. Budd på hytta, og vore mykje på sjøen. Fiska, dratt teiner. Terapi for kropp og sjel. Treffa igjen kjekke mostringar. Gå tur til fantastiske Barmen. Løyst verdensproblem med May Kristin og Lasse, som er naboane våre der. Hatt besøk av familie og venner.
Og etter vinter, kjeme vår. Håpar me. Då er det igjen tida for å tilbringa tid der eg føler eg høyrer heima. På Grindheim! Vårherre vil nok gi oss lysglimt og glede gjennom ein mørk vinter!
Blir inga stor feiring i dag. Ein annan gong, kanskje. Men set stor pris på alle helsingane eg har fått, veldig kjekt at folk bryr seg med å gratulera. Føle meg verdsatt!
Takk til dåke som orka lesa skribleriene mine, og god haust til alle!
P.s! Dei som av og til ser på Facebook-sida mi, har sikkert registrert mykje mat-gilder. Her er eit par matbilde til....