ÅPENT og ÆRLIG?

08.10.2021, 10:31

12 kommentarer

ærlighet kan væra vanskelig

     Alle desse sosiale mediene ein prøver å delta på. All denne skjønnheten og kreativiteten ein skal dela. Profilbildene skal væra rein estetikk. Visa fram den vellykka personen ein er. Me kvinner brukar filter og flatterande lys. Ingen skavanker å sjå. Eller me tryllar fram dei lekraste rettar, eller strikkar dei mest avanserte gensere. Styla hus og hytte. Og alt er sjølsagt gjenbruk.

Desse mediene er sjølsagt ein fantastisk måte å kommunisera på. Få visa fram kva ein kan og vil. Dela erfaringar. Men ein vanlig stakkar, meg, slite med å holda følge. Ikkje kan eg strikka og sy, og matlaginga mi er ganske så kjedelig og traust. Ikkje kan eg gi skjønnhetstips, og klær er noko eg kjøper når eg må. I samme, gamle stilen. Sminke er langt utanfor min fatteevne.

Og eg føle presset. Når eg ser desse modellvakre bloggarane, føle eg nok litt misunnelse. Så freshe og vellykka. Problema taklar dei suverent. Provoserar litt innimellom, det gir oppmerksomhet. Dei svært matkyndige tryllar fram sunne og økonomiske rettar, og det blir presentert på måtar som gir meg vatn i munnen. Gid eg var så flinke!

Sminke! Stadig ser eg bleike, trøtte ansikt som blir forvandla til nydlige, sexy donnaer. Fantastisk forandring! Så eg prøver. Og ser ut som om eg har vore i barnehagen. Latt ungane gå laus på meg med fargestiftar...dette gir eg fort opp!

Eg har litt tru på meg sjøl. Eg kan litt av kvart. Eg følge med i politikken, les mykje, og er glad i å eta god mat, gjerne dela eit måltid med venner. Eg elskar familien min. Eg er glad i vennene mine. Glad i å væra på sjøen, og fiska. Elskar historie, og gamle kjerker.

Og eg deler. På sosiale medier. Skriver ein liten blogg. Publikumet mitt er ikkje så stort, men eg er veldig glad for at dei er der, og oppmuntrar meg. For eg har litt på hjerta. Og no har eg blitt så vaksen at eg prøve å væra sannferdig og ærlig. Trenge ikkje retusjera bildene, eller bruka filter. Eg er slik, kroppen min er slik. Eg er prega av dei tøffe åra eg var sjuk, kropp og sjel har fått sine arr. Og slik er det for mange av mine medmennesker. Ein blir prega av livets prøvelsar. 

 

 

 

 

 

 

 

Dette bildet behøver ingen filter. Det er vakkert. Puerto Rico lokkar. Med palmer, blomar, sol og strand. Med herlig temperatur. Og no kjem reisefeberen. Lika før me drar ein tur på sør, slik trekkfuglane gjer. Tina opp ein hutrande haustkropp. Treffa venner eg ikkje har sett på lang tid.

Sannheten er også at dette paradiset har sine mørke sider. Tilgangen til rus nesten heile døgnet, billig sådan, for skandinaviske lommebøker, kan væra katastrofalt for enkelte. Det gjere vondt å sjå mennesker rava rundt, ute av stand til å ta vare på seg sjøl. Andre blir lurte trill rundt. Naive turistar blir rana. På øya er arbeidsledigheten høg, familiar mistar boligane sine, og slit med å skaffa det daglige brød. Dei fleste turistane slepp å ta stilling ril dette, men bak fasadane er det mykje trist. Får bare håpa at fornya turisme gir økonomien eit løft!

Eg gler meg. Gler meg til å starta dagen med tur. Gjerne før turistane står opp. Nyta blå himmel, og eit fantastisk hav. Gler meg til å treffa igjen våre ivrige ekspedisjonsdeltakarar, Lindy og Steinar, som allerede er der nede, og sonderar terrenget før me kjeme. Og munnbind går fint, så lenge det bare er på butikkar, og transport. Og på flyet, da!

Eg vett me er heldige som kan reisa. Føla oss forholdsvis trygge, fullvaksinerte som me er. Men er ikkje heilt i klemmemodus enda, holde fortsatt litt avstand. Det tar litt tid før den delen er på plass.

Så, Lindy og Steinar, her er advarslen, føl dåke ikkje trygge; lørdag lande flyet frå Helganes! Garantert vert det liv i bygda!

 

God helg!

Del artikkel:
nuet.io
Ny plattform for mobilblogging.
Sikker lagring på server i Norge.
Lag gratis bruker Tjenesten er levert av Bloggi og Borondi AS.

Relaterte artikler