NESTEN SOM FØR!

18.10.2021, 09:36

7 kommentarer

     Livet før og etter pandemien. Noko er vel forandra for dei fleste av oss. Me tar ikkje lenger alt for gitt. Pandemien har iallefall lært meg ei leksa. Lært meg å setja stor pris på ting som kanskje var ein sjølfølge før. Som det å kunna reisa. Setja meg på eit fly, og dra til eit anna land. Treffa kjente, men og nye menneske. Nyta nye opplevelsar.

 

 

     Og me drog. Med charter frå flyplassen på Karmøy, destinasjon Gran Canaria. Flyturen med maske på, gjekk heilt greit. Koronapass og spanske helsepapir med QR-kode, hadde me printa ut, og kom kjapt gjennom kontrollen på flyplassen her nede. Og det slo meg, kor glade folk var. Tydligvis mange som hadde venta på dette. Forventningsfulle barnefamiliar. Ungdommar med party i blikket. Godt voksne som såg fram mot ein lettare kvardag, småsjuke etter været der heima. Og eg, som nesten syntes det føltes som ein draum. Som eg helst ikkje ville vakna frå!

     Puerto Rico. Bygda låg der som før. Samme siluett. Samme bygningane dukka opp, som før. Båthavna og stranda. Rundkjøringane og trafikklyset. Fekk auga på det gamle senteret, no med nypussa fasade, og modernisert. Kjørte forbi "Heia Norge", og såg Vegard og Therese servera gjester. Heilt utrulig! Alt føltes som før pandemien. 

     Endelig heima i casaen vår. Den stod der som før, og ynskte oss velkommen. Nyvaska og fin, iallefall innendørs, stor takk til vår spanske venninne. Men utendørs var det sand og skitt etter 1,5 år med sand og støv som måtte fjernast. Eindel jobb...

     Varmt? Ja. Over 30 gr på dagtid sidan me kom. Og ikkje særlig vindfullt heller. Men perfekt om ein likar seg på stranda. Og det gjere mange. Gangvegen langs sjøen frå Puerto Rico er ganske befolka. Ofte tett, som eit norsk 17.mai-tog. Derfor foretrekke eg å gå tidlig om morgonen, før dei fleste er ferdig med frokosten.

     For turen er vakker, den. Blå himmel, og det uendlige havet som vaskar klippene. Blomar og buskar. Tøffe joggarar, som legg eit fint dryss av svette etter seg. Morgenfriske pensjonistar. Og sola, som begynner sin ferd over himmelen. Lufta er enda frisk!

 

 

     Å gå slik, aleina, og la tankane vandra, er reine balsamen for sjela. Og sjølsagt tenkjer eg mykje på kva pandemien har gjort med øya. Når turistinntektene, som dei lever av, brått blei skrudd av. Når menneskene her mista jobbane sine. Blei isolerte. Ingen visste om dei hadde noko framtid. Kor lengje dette ville vara. 

     Dei er nok veldig prega av dette. Me ser at nokon restaurantar og barar er vekke. Butikkar er stengde. Men nede på senteret føler eg ein forsiktig optimisme, ein slags lettelse og håp. Håp om at det nesten blir slik som før. At nesten alle klarar seg. Kelnarane er lattermilde og glade for at me er her igjen. Butikkeigarane smiler som ei sol. Spanjolen som feier fortauet, smiler fornøgd. For kvar dag som går, kjem det fly med turistar. Det fylles opp i hoteller og bungalower!

 

 

 

     Me har vore eindel på byn. Besøkt fleire restauranter, blitt mette og fornøgde. Vore i Arguineguin, spist nydelig mat på Mandarin, vår favorittplass der. 

 

 

 

    Deretter på "Nye Buster bar", der "Big Joe Stolle" og "Los Gumbo"  gav oss  ei bluesferd eg seint vil gløyma! Stor applaus til  Bjørn Rune Jahnsen og kånå  Kati som legger liv og sjel i å bygga opp denne plassen. Gi oss eit alternativ der me kan gå og høyra musikk for våre øyrer. 

 

     Me gler oss til fleire slike konsertar! 

Til slutt litt syting frå mi side. Det er mykje støv og sand i lufta no. Med svekka luftvegar slite eg no. Mykje hosting gjennom nettene. Så eg håpar at det snart kjem ei skikkelig regnbyga, og rensar lufta. Kanskje litt lågare temperatur..meir vågar eg ikkje skriva, kanskje eg pådrar meg nokon sin vrede...

 

     Men eg er takknemlig. Glad for at Vårherre tydligvis har eit godt auga til denne øya, sidan han  har skapt så mykje skjønnhet. Tru på at Han gir dei  ei ekstra hand når dei no skal begynna på ny. Hjelpa dei i sorgen over dei som dei mista. Og me vil støtta dei på den måten me kan, bruka pengane våre her. Eta hos dei, handla hos dei. Visa respekt.

    Eg ønskjer dei som  er komen, ein god ferie. Veit at mange er på veg ned, og ja, fortsatt brukar me maske i butikkar, taxiar,  bussar. Me gler oss til å treffa dåke som gler dåke til å reisa!

GOD MANDAG!

Del artikkel:
nuet.io
Ny plattform for mobilblogging.
Sikker lagring på server i Norge.
Lag gratis bruker Tjenesten er levert av Bloggi og Borondi AS.

Relaterte artikler