ARGUINEGUIN

05.11.2021, 10:55

4 kommentarer

     Når eg vaknar, tidlig, augene sakte åpnar seg, eg ser det kvite taket over meg, og vifta med lyspære som heng der. Då tar det nokre sekundar før eg huskar. Huskar ar eg er i varmen. På vakre Gran Canaria, vulkanøya me er blitt så glad i. Og eg kan kjenna på gleden, over at eg kan vakna til ein ny dag, der sola skin, og himmelen er så utrulig blå!

     Me bur nokre månader i året, her i Puerto Rico. Eit av turismens sentrum. Monge glade skandinavere her. Restauranter og barer har begynt å vakna til liv. Nokre butikkar har opna. Mogan Mall, oppi dalen, fristar med flotte butikkar. Det gamle senteret blir stadig oppgradert. Hvis me no bare hugsar at det stadig er pandemi, ser det lyst ut framover. Men smitten stig, og sjøl fullvaksinerte har ingen garanti. Yre av glede over at me kan væra sosiale igjen, har me lett for å gløyma viktige reglar. Og må innrømma at eg er litt redd. Med eit haltande immunforsvar, kan det væra katastrofalt!

 

     Nokre kilometer frå Puerto Rico ligger Arguineguin. Ein fiskarlandsby, som i turistsesongen blir forvandla til ein norsk småby. Her bur dei, pensjonistar og småbarnsfamiliar. Her trives unge og gamle. Midt i ligger senteret, med sin forvirrande labyrint av trapper, ganger og lokaler. Og med mange hyggelige møteplasser. Her kan ein høyra livemusikk, eta tapas, nyta god pizza, ta ein drink, og treffa kjente. Hvis ein bare finne fram....

     Midt i byn ligge bystranda. Kort veg til bading og soling. Sjømannskjerka ligge like bortanfor, ein populær møteplass. Arguineguin har sine restauranter, og små, hyggelige barer. I havna ligger fiskebåtane. Og her kjem også mange av dei båtflyktningane som kjem til øya, stakkars mennesker som vågar livet i den farlige overfarten frå Afrikakysten. Mennesker som lengtar etter bedre liv. Mange når ikkje fram. Dei dør. Små barn. Kvinner og menn. Ei stor tragedie!

 

 

     Det er nok mange som har vore på marked i Arguineguin. Her sel dei det meste, frå grønnsaker til truser. Her kan ein pruta, og kanskje gjera eit godt kjøp. Underhaldande er det uansett!

     Arguineguin gir ein slik hyggelig spansk småbyfølelse. Her er det ikkje mykje partybarar  og diskotek. Men mykje god mat og drikke! Mange som elskar å bu i Arguineguin!

     Det er allerede blitt onsdag, dagane fyke avgårde her på øya. Det skulle væra ein gledens dag, sola skin, og turistane kosar seg rundt på øya. Men ein trist nyhet frå Norge gjorde morgonen min trist og grå. Eit ungt menneske me kjenner gjekk videre. Etter ein stor heltedåd, måtte han gi tapt. Og det gjere vondt inni oss alle. Så urettferdig det føles! Og så lite me forstår! Livet er så skjørt, så me bør alle gripa dagen. Leva med, og for kvarandre!

Ha ein fine onsdag videre!

 

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler