SESONGSLUTT!

13.04.2022, 13:09

9 kommentarer

     Å VÅKNA TIL EIN NYDELIG DAG, er lykke. Kvardagslykke. Blå, blå himmel, ei stigande sol som varslar om varme. Blomane strekker seg mot det livgivande lyset. Fuglane syng, duene kurrar. Ein svak vind gjer at palmebladene dansar. Det er som eg ein augenblink klarar å stansa heilt opp, halda pusten, og nyta. Ikkje stillheten, for den eksisterar ikkje her. Turistane vaknar, biltrafikken er i gong, og bussane tutar. Renovering i bygda betyr bråk frå maskinar. Men bygda lever. Spora etter pandemien, som lamslo samfunnet, begynner å forsvinna. Turistmaskinen begynnar å starta opp att. Redselen for viruset er på retur.

     PUERTO RICO kjenner dei fleste sydenfararane til. Som eit godt og trygt feriemål. Om vinteren befolka med godt voksne skandinavere. Sommaren tilhøyrer engelskmenn. Mange her som lever av turisme, og derfor var pandemien eit hardt slag.

     GRAN CANARIA ER EI fasinerande øy. Med masse variasjon i natur og mennesker. Den er så mykje meir enn masseturisme. Den er vill og vakker natur, små landsbyar som klamrar seg fast i fjellsidene. Den er histore og kultur. Den er byliv og stillhet. Den er strender og plantasjar. Den er rikdom og fattigdom.

     Å VÆRA SOSIAL, er ein del av livet vårt her på øya. Å treffa kjente, og ukjente, ha gode samtalar,, dela måltider. I løpet av denne sesongen, har me brukt å treffast kvar søndag kveld, på restauranten "Mama Pino". Ein tradisjonell, familiedreven restaurant på senteret i Puerto Rico. Her kom dei, fastbuande, og turistar. Mennesker me ikkje har sett på lenge, og venner me ser ofta. Me kjeme hit for å treffast, og nyta eit godt måltid saman. Utveksla litt sladder, og kanskje ein liten diskusjon.

     MATEN ER SVÆRT GOD her, og me får alltid svært god service. Kelnarar med glimt i auga, passar på oss. Uansett kor travelt det er, har dei tid til oss. Det set me sjølsagt stor pris på!

 

 

 

 

 

     SOM PÅ SÅ MANGE RESTAURANTER, er menyen stor. Men me har funne våre favorittar. Eg som bare elskar ost, spise som oftast crepes med ost og bacon. Eg er eit skikkelig vanemenneske, og er ikkje flink til å variera. Det gjelde nok forøvrig i livet mitt også. Eg er nok nokså firkanta, og ikkje flink til å trå utanfor den firkanten. Likar meg best med det vante og trygge..ikkje heller så flinke med utfordringar.

 

     SJØTUNGA ER OGSÅ EIN POPULÆR rett her på øya. Og her er den veldig god. Kjell sin favoritt. Lindy og Steinar, våre faste bordkamerater, og veldig gode venner, har falt for lammekotelettene. Smakfulle og møre. Og med god vin i glaset, blir humøret godt, og praten livlig.

 

 

 

 

     DET FINE MED Å GÅ UT på restaurant her, er at sjøl om lommeboka ikkje er så feit, så kan ein spisa og drikka godt for ein rimelig penge. Og det sosiala er ubetalelig. Deror gler me oss til hausten, når me igjen kan treffast på "Mama Pino". Og då håpar eg at nye kjente, og ukjente, vil dela eit måltid med oss der!

 

 

     PÅSKEN ER HER, og mange av dei fastbuande har dratt mot nord. Me merkar at dei har reist. Nye turistar inntar øya. Dei strenge restriksjonane etter pandemien forsvinn gradvis. Neste veka, seie dei informerte, forsvinne munnbindet, som har følgt oss heilt til no. Då er det tilnærma normalt igjen. Men dei som mista inntektene under pandemien, dei strevar enda. La oss håpa at dei no får ein fantastisk sommarsesong, og at me kan komma tilbake til ei levande og oppegåande øy til hausten!

     FOR ME SKAL SNART setja kursen mot nord, me og. Til heim, hytta og bobil. Til familien vår, og vennene våre. Men eg legge alltid igjen ein liten del av hjerta mitt her nede. Den delen som elskar denne øya. Den delen som trives så godt her. Men, som ein seier, får ein leva og har helsa, kjeme me igjen!

 

 

 

     MANGE GODE STUNDER, og mange som fortjene skryt! Igår delte me eit vidunderlig måltid med våre kjære venner, Susan og Hans. I Puerto Mogan, restauranten heiter N44, og eier er Vidar. Som har eit flott konsept der, og er kjent av mange. Her er ikkje slitsomme innkastarar eller bråk frå barar, bare flinke Linn som servitør, og dyktig kjøkkenpersonale. Stilfullt og gjennomtenkt. Så anbefales!

 

     GOD PÅSKE, til dei der heima, i nord, og til dei som fortsatt er på øya. Me må snart pakka vekk denne sesongen, men plutselig tilbake!

Del artikkel:

Relaterte artikler