DET KAN BARE LILLEBROR..

15.04.2022, 18:54

3 kommentarer

Det kan bare Lillebror, og bare, bare han..

 

          Alle vett korleis det er, når ein sang festar seg i øyra. Og sleppe ikkje taket! Den surrar og går inni hovudet. Kanskje ein melodi ein har høyrt i forbifarten, frå ein reklame, eller ei strofe som dukkar opp i minnet. Etter å ha fått i dagevis med sangen " Tennessee Whiskey" surrande der oppe, forøvrig ein fin sang, overtok ein sang frå ein svunnen barndom. I mitt hovud. Lillebrors vise, av Alf Prøysen. Og sangen får me til å tenkja på vår egen "Lillebror"  her på øya. Bjørn Sande Larsen, er hans fulle navn.

          Han kom ned til øya frå Norge for 10 år sidan, og her blei han værande. På denne vakre øya, med sitt behaglige klima, blomstra denne allsidige kunstnaren. Han er jo mest kjent for musikk, ein trollmann på tangentane. Maling er ein av hans andre lidenskaper. Me som møter han, får eit lite innblikk i hans verden, når han sitter foran pianoet, og forfører oss med sin musikkglede og intensitet. Ballader, svisker, blues, rock&roll. Alt kan og vil han.

 

          Og me møter den dyktige forretningsmannen Lillebror. Som våga å satsa. I september 2014, åpna han "Lillebrors Pianobar", på senteret i Puerto Rico. Fryktelig populært. Alle kjente me til Lillebror, ein kjendis frå musikk og tv-bransjen. Alle ville me treffa han, sjå han. Heile vintersesongen fylles baren opp med nordmenn som synge med på sangane hans. Me fylle opp stolar og pianokrakker, og er lykkelige over å få væra nær denne lille, store artisten.

 

          Kor begynte dette eventyret? Me som er litt voksne, huskar det populære programmet på TV, " REISESJEKKEN". Me satt klistra foran fjernsynet, der Helge Hammeliw-Berg briljerte som programleder, og der me blei kjent med ein fantastisk pianist. Lillebror var det. Frå 1990 til ca 1995, på TV Norge. Sidan har Lillebror  arbeida hardt som komponist og utøvande musikar. Og måtte sjølsagt leva med kjendisstatus.

          Så også her på øya blir han gjenkjent. Lillebrors Grill ligger  like ved baren, denne overtok han i 2017. Ein restaurant med stil, god service, og nydelig mat. Et perfekt konsept, der ein kan oppleva Lillebror i samtale med gjestene, smilande, og intressert i deiras velvære. Men Lillebror stoppa ikkje med desse to bedriftene. Med sin forretningspartnar, åpna dei "DoReMi" på Playa del Ingles 3 måneder før pandemien.

          Pandemien. Som stengte ned det meste. Som isolerte oss, ødela bedrifter. Men Lillebror, alltid ukuelig, klarte seg. 

 

 

          Han har hatt ein bra sesong. Og no er det bare å sjå framover. Denne kreative mannen har nye idear og framtidsvisjonar. Blant anna tankar om eit nytt prosjekt på senteret i Puerto Rico. Og malaren i han, ønskjer seg eit galleri for maleriene sine. 

          Så Lillebror jobbar. Heile tida. I sommar, når bedriften stenger, for det gjere den, skal han bruka musikkstudoet sitt, skriva musikk, mala. Skjønne ikkje heilt korleis denne mannen er skrudd saman, all denne energien, og likevel har han desse vesenet av ro og tolmod. Han har dette "it", som gjere at han stråler, midt i menger av mennesker. Han er eit lite, men stort menneske.

 

 

         Kan jo bare tilstå, me stortrives hos Lillebror. Han har svært dyktige medarbeidere, har vært heldig med sine ansatte. Dei smiler, flørtar, er svært kjappe, og dei ser oss gjester. Så det blir ganske ofta av me nyter eit godt måltid i restauranten, eller stikker innom baren. Det samme gjere ein stor del av turistane. Dei godt vaksne må kanskje fortelja den yngre generasjonen kven Lillebror er. For det byrjar bli ei stund sidan "Reisesjekken". Men når Lillebror byrjar spela, ja då blir både gamle og unge fasinert. For han er ein magikar ved pianoet.

 

          Det er varmt på øya. Gårsdagen bikka til over 30 gr, og det er i varmaste laget for meg. Alt eg gjere, føles tyngre. Ikkje at eg gjere så mykje...vil aller helst finna ei god bok, og sitja i skyggen, supa Pepsi Max. For du verden, me har det godt her. Og eg tenkjer at eg er heldig, i denne lille "bygda", Puerto Rico, får eg møta mange spennande mennesker. Mennesker som har ein plan for livet sitt, og nokon som ikkje planlegger noko som helst. Og mangfold er spennande. Og eg beundrar dei med stor drivkraft, som skapar, som får det til.

           Så mens eg latar meg med boka mi, jobbar nokon, og står på. Som Lillebror. Men eg håpar at sommaren også kan by på avslapning, heimakos og litt strandliv for han. For all treng å ta litt time-out av og til. 

          Og eg gler meg jo allerede til neste sesong her på øya. Håpar at utelivet går så det susar, at turismen blomstrar. Då treffe me nok ein utkvilt Lillebror, og får syngja med på sangane hans igjen. Sjøl om eg burde syngja inni meg, så falskt som eg synge...

          Og eg ventar bare på neste song som festar seg i øyra mitt. Blir kanskje eit blogginnlegg av den også!

FORTSATT GOD PÅSKE! 

 

Del artikkel:

Relaterte artikler