TREKKFUGLANE SI TID

22.09.2022, 07:09

10 kommentarer

      Lenge siden sist. Du vett, skikkelige forfatterer dei får noko som dei kalllar skrivesperre. Dei klarar ikkje formidla det dei har lyst til. Eg har nok ikkje noko så fint, men eg har ein gammal Samsung eg skriv på. Den lever til tider sitt eget liv, så når eg , full av inspirasjon startar på eit lite blogginnlegg, hender det at den sabotera heila greiå. Plutselig forsvinn halve innlegget, eller telefonen dør. Eg blir frustrert, og innlegget blir aldri delt!

    Dette er halve forklaringa. Eg må væra ærlig og sei at det har vore ein sommar som har vore hektisk. Men og dagar der eg har latt latskapen seira, funne dyna, og krøpe under med ein spennande serie frå Nettflix. Pluss litt sjokolade. For denne  sommaren har bydd på mykje dårlig vær på Vestlandet. Det tar knekken på min energi. Og mange andres. Heldigvis har august og september gitt oss trua på denne plassen tilbake. Me ser eit Vestland som kan væra så usigelig vakkert. Som gir oss hav som blinkar og lokkar, kvite strender og blanke svaberg. Sol som varmar frosne kroppar, magiske kveldar.

 

     Og tenk om det bare handla om været. Vår største bekymring haddde vore om det regna eller ikkje. Men denne sommaren har bydd på store utfordringar. Bekymringar for framtida. Redselen og virkninga av krig er komen nær oss. Krigen i Ukraina merkar me nordbuarar på kroppen. Så lenge verdens ufred var langt borte, som i Syria, kunne me dulla oss inn i overbevisningen om at det ikkje angår oss. At me lite kunne gjera. Men no er det nært. Matvareprisar som stig mot himmelen. Eit Europa som desperat treng energi, og straumprisar som er heilt vanvittige. Me, som har kunna sløsa fritt, må spara strøm. Renta aukar kraftig, me må spara, etter lang tid med stort forbruk.  Fylla drivstoff på våre bilar tømme fort budsjettet.  Hjelpe meg, me har mykje å tenkja på.

      Me dei fleste av oss har plenty materielle goder. Tjenar nok til å overleva i kvardagen. Kan fortsatt kjøra bil, eta godt, og varma opp huset. La ungane få driva med sine aktiviteter, la dei få leva slik dei skal etter pandemien. Men ikkje alle er lika heldige. Nokon må frysa, nokon har ikkje råd til varm mat kvar dag. Nokon tel den vesle beholdninga si, og får ikkje sova om natta. Nokon slit med rus. Nokon er heilt åleina, og kjenner på einsamhet. Nokon er sjuke.

      Det er lett å gløyma at det fins store forskjeller i samfunnet vårt. Politikarane våre gløymer. Dei blir høge på seg sjøl, og snakkar i vage vendingar. Unntatt i valgår, og me er lika dumme som alltid, trur på at dei kan utgjera ein forskjell. Desverre blir me skuffa. 

       Så kor er me på veg? Putin, despoten i Russland, står der på fjernsynet og talar, truar oss med atomvåpen. Dette skremmer! Utslettelse, er det som ventar våre etterkommarar? Vårherre er nok ganske øvegidde over vår dumhet. Lærer me aldri? Er det å drepa kvarandre svaret?

      Sånne tankar dukkar opp slik ting er. Me må leva som vanlig, tenkjer kanskje du. Og det er kanskje sannheita. Mannen i gata veit ikkje nok om storpolitikk. Me veit ikkje alt som foregår. Kun det media formidlar oss. Det me får lov å vita. 

     Så me gjere som før. Når vinteren snart festar grepet på Vestlandet, slår me lag med trekkfuglane. Me drar på sør. Til sol og varme. Til øya der utenfor Afrikakysten, der me også har ein heim. Eit lite paradis, der Kjell slepp sine leddplager. Der energien kjem tilbake. Der livet føles godt.

.      Me drar frå familiie og venner, men mange besøkje oss der nede. Me drar frå hytta på Moster, der me har hatt herlige dagar i sommar. Eg drar frå den pitte lille jobben eg har vore heldige å få, på hotel Amanda i Haugesund. Drar frå mine kollegar der, me håpar at eg får koma attende. Eg vernar om denne jobben som  gull, etter år som "kondemert", får eg endelig kroppen til å fungera litt igjen. Eg klarar å yta litt! Ein stor seier for meg!

      Så øya ventar på oss. Gran Canaria! Saman med Lindy og Steinahr, våre eventyrlystne venner, fyke me sørover. Liten stopp i Malaga, så er det rett til vulkanøya, der ute i havet.  Der nye eventyr ventar. Bestemte er me, nyta dagen, og la bekymringane liggja. Væra saman, i fred og vennskap, slik livet burde væra.

 

       

 

 

 

 

 

     Og gjett om me har det kjekt? Mykje smil og latter, musikk, vennskap. Turgåing, og utforsking. Enorme, men gode måltider. Så mett, at det nesten skvalpar over. Og prisnivået er fortsatt langt under det her i nord. Så ja, me føler oss heldige. At helsa holder, og nye opplevingar ventar.

 

 

     Me gler oss til å møta venner, dei som me ikkje har sett på lenge. Gler oss til å møta naboane våre, bedre naboar kan ein ikkje ha! Canariane, som akseptere at me innvandere øya deiras, med våre vaner og uvaner. Me prøve iallefall å huska at me er gjester, dei var her først. Og me prøve å bidra, heldigvis er dei som regel glade for at me brukar deira varer og tjenester.

   Så god haust til dei som ikkje reiser. Til dei me elskar, til dei me kjenner. Må Vårherre gi dåke vakre dagar, no når den mørke årrstida kjem, med kortare dagar. Må Vårherre passa godt på dåke, me har ingen å mista!

    Og kanskje kjem det nokon opppdateringar frå varmen, eg håpar dåke ventar i spenning på mine sensasjonelle sladderhistoriar. Eller kanskje ikkje, blir nok helst kvardagsprat. GOD HAUST!

Del artikkel:

Relaterte artikler