GAMMALT SKINN, VAKKERT SINN.

10.10.2022, 13:52

5 kommentarer

        

       Åja, me er på øya. Gran Canaria. Puerto Rico. Bare navnet i seg sjøl gjev frydefulle grøss og framkalla smil. Paradis for mange nedkjøla nordmenn med ruskete hårfrisyre etter nordavinden. Klimaet er helsebringande for mange, hvis ein ser bort frå barrekninga hos nokon. Me elskar å væra her. Elefanten i rommet er calimaen. Nokon av oss har lunger som ikkje elskar denne sanden som kjem frå Sahara. Me pustar den inn, og så kjem hosten. Ein sønderrivande hoste til tider, og ganske vond når ein, som eg, har brist i ribbeina. Nei, eg har ikkje sloss, bare med trappa til "lemen", hos dotter mi. Så eg prøve å hosta forsiktig. Og apoteka har gode tider, eit renn etter hostesaft, og andre legemidlar. Blir det mykje sand, er det ikkje bra for nokon. Då bør ein halda seg innandørs, og skalka lukene.

       Heldigvis forsvinne calimaen ganske fort. Men igjen ligg eit brunt sandlag, og då er det dansen med vaskebøtta startar. Overalt finn ein sand. I skuffer og skap. På møblar. I vaskemaskina. Så då svinge me vaskefilla, hostar litt, og er glad for at det er over for denne gong!

       For det er jo slik me er. Me klagar alltid litt. Nokon synes det er varmt, og ja, over 30 gr kvar dag. Nokon synes det er dyrt, ja, prisane stig her og. Andre synes det er bråkete her, og selfølgelig, ungdommane går ikkje heim kl 24.00. Men paradiset er ikkje perfekt. Me er allikavel heldige som får væra her, gjennom dei lange vintermånadane heima. Så får me nyta, og gløyma irritasjonsmomenta.

     Me her reist hit i mange sesongar. Mange av dei me har blitt kjent med her nede, er borte. Borte, som i døde. Alle var ikkje gamle, eller sjuke. Nokre kunne hatt mange, gode år framfor seg. Og sjokket treff oss lika mykje kvar gong. Me spør kvifor. Me sørger. Og det fins ikkje svar. Vårherre er taus. Han veit at slik er livet, og at me må læra å setja pris på kvar dag. Setja pris på kvarandre! Og ikkje utsetja å leva. 

     Og me må bare innsjå, skinnet blir eldre. Huda rynkar seg, håret blir grått. Me ser på dei unge og tenkjer, slik var me og ein gong. Unge, vakre og bekymringslause. Men innafor desse skrukkene leve eit undommelig sinn. Og kanskje er det eit vakkert sinn?  Me har fortsatt evna til å væra kreative, elska og le. Væra same personen.

      Jøss, er det varmen som drar fram all denne filosoferinga? Kanskje eg bare skal skriva litt om Mama Pino. Restauranten som ligg i andre etasje på gamlesenteret her i dalen. Har vært der i mange år.

     Her treffes me kvar søndag kl 19.00. Dei som har lyst til å væra med. Heilt uformelt, bare dela eit godt måltid, og god drikke. Prata om laust og fast. Sladra om naboen, kva ein vil. Og me blir godt tatt i mot. Blir godt passa på. Dei strekker seg langt her for å yta god service. Så bare ein liten anbefaling frå mi sida!

        På lørdag kom det fyrste charterflyet frå Karmøy. Med, spente, forventningsfulle turistar ombord. Og no berre aukar det på framover, snart er det fullt av karmøybu, bømlingar og andre frosne nordmenn her nede. Svenskar, danskar og tyskarar. Canarierne gler og kanskje gruar seg litt. Me innvadere med vår kultur, vår væremåte. Viser kanskje ikkje alltid respekt for dei som eige øya, som er fødde her. Me har lett for å klaga over utlendingane i Norge, same regel bør vel gjelda oss her? Me er bare gjester, la oss respektera det!

GRIP DAGEN!

       

Del artikkel:

Relaterte artikler