Ord. Bokstavar satt saman, framført av stemma vår. Ord kan gleda, såra, provosera. Ord er sanne, eller løgn. Ord kan endra liv, endra verda. Ord er makt.
Eg er ikkje alltid så flink med ord. Finne dei ikkje. Og nokre gongar kjeme dei ut heilt feil. Utan å tenkja over kva eg seier, kan ord lett misforstås. Og eg set igjen med følelsen av å høyrast ut som ein idiot. Og eg er redd for å dumma meg ut. Redd for å kommentera i samtalar. Redd for at meininga mi ikkje er den rette. Då er det enklare å tia. Den feige løysninga.
Dei gode orda eg skulle sagt, kjem heller ikkje alltid ut. Dei stoppar på vegen. Eg skulle fortalt mine kjære kor glad eg er i dei, men blir altfor sjelden. Eg skulle fortalt venner kor mykje eg set pris på dei, at dei godtar meg slik eg er. Men eg er taus. Eg er nok ein ganske privat person, og likar ikkje alltid at mennesker får vita for mykje om meg. At eg har mine demoner å slåss med, at livet ikkje alltid er så rosenrødt. Så eg tier om det meste.
Her ein dag snakka eg med ein canarier. Han fortalte at han hadde hatt kreftsjukdom i ti år, under kontroll, men ikkje helbreda. Han sa at positiv tenking hadde hjelpt han mykje. Han prioriterte familie og deira problemer, men alle andre problem skjøyv han til side, og gløymde dei. Livet skulle væra godt, sa han, og det var for kort til å la bekymringar overta. Bare væra i dagen, og prioritera å gå for det lyse. Ein kloke mann!
Det er tidlig morgon i Puerto Rico. Det lysnar svært fort her. Overgongen frå mørke til lys er svært kjapp. Mykje er annerledes i dagslys. Eg ser kor fint det er rundt meg. Åsane som grønast etter regnet. Naturen , blomar, trær vaknar til liv. Himmelen er vakker, lyseblå, med nokon fjærlette skyer. Og eg tenkjer at canarieren har svært rett. Prøver eg å fokusera på å tenkja positivt, er det enklare å skyva bekymringane til side. Det er enklare å tenkja på kor godt me har det. Enklare å takka for at venner bryr seg. Ta inn følelsen av glede!
Og her med kaffikoppen, i ei nydelige morgenstund, tenkjer eg at eg kvar morgon skal seia takk. Takk for at eg får væra her på denne fantastiske øya. Takk for at eg får væra ein del av ein fantastisk vennegjeng. Som bryr seg, og passar på meg, uansett kor mykje vrøvl eg klarar å seia. Takk for min kjære, som følger meg i opp-og nedturar. Seia takk for mine fine jenter, og barnebarn, som eg er så glad i. Takka for bonusbarn som eg har i hjerta mitt. Barnebarn der heima. Og det er stor lykke. Takka for familien min!
Eg sa at eg er ein privat person. Men på bloggen deler eg kanskje litt mykje om meg sjøl. Så skroll forbi om dette blir litt rart. Morgentankar, tida for meg sjøl, mens eg slår etter fluer. For det er mange av dei no. Irriterande, små terroristar, som benyttar einkvar anledning til å kitla tærne mine, eller ta ein smak av kaffien min. Me vurdere storinnkjøp av fluesmekkarar!
Forrige veka var me ein kveld i Arguneguin. Besøkte "Nirvana", som ligg på Ancorasenteret, rett ved brua over vegen. Ein svært positiv opplevelse. Og musikk! Musikk er viktig i livet mitt. Musikken gir følelsar og opplevelsar. På "Nirvana" fekk me oppleva Ruben Nobrega, fantastisk vokalist, med ei stemma som finne vegen inn i sjela. Framført med sjelden lidenskap!
Og nestemann var Kelly. Mannen, energibunten, sjarnøren, som mange kjenner frå Puerto Rico-senteret. Han har ei sjeldan kraft og utstråling, og musikken er rein energi. Ein får lyst til å kasta seg ut på dansegolvet,, rista på håret og ta inn musikken. Han er heilt rå!
Og ein hyggelig bar. Kjekke, kjappe, smilande kelnere. Så fristar til gjentagelse!
Snart er sola her. Snart kjem ho over åskammen. Eg kan sjå at dei første turgåarane er på veg mot Norskeplassen mens eg ete frokost. God ide å gå tidlig, midt på dagen er det svært varmt, og lett å bli dehydrert. Fortsatt over 30 gr på dagtid. Sola gir oss vitaminer og fin brunfarge, men kan også væra farlig. Så bruk god solfaktor, drikk mykje vatn og husk salt!
Håpar alle får ei fine veka, tross vår urolige verden. Eg trur Vårherre følger godt med på oss, han er nok øvegidde over alle problema me lagar, men held handi si over oss likavel. Carpe Diem!