EG ER HEIMA!

21.10.2022, 10:54

8 kommentarer

     Kor høyre eg til? Kven er eg, utan andre? Kor er heima?

     God morgon frå Gran Canaria. Her sør på øya, i Puerto Rico, vakna me opp til ein ny, skyfri dag. Sol, vindstille, og snart rundt 30 grader. Ein ny dag i denne bygda, med hotellene som kransar dalen, glade turistar, og ein håndfull som ikkje er heilt oppegåande etter nattens utskeielsar.. 

     Eit vakkert paradis? Når ein har gått av flyet hit, fått bagasjen, og kjem ut og kjenner den søte, varme lufta, gir det lykkefølelse. Opphaldet lokkar med late, deilige dagar i solskinn, paraplydrinker, og opplevingar. Fot dette er ferie, langt borte frå kvardagen heima. Her gir ein slipp på bekymringane for krig, straumprisar,  og inflasjon som ledar til høgare renter. Her er det godt å væra.

      For mange. Nokon har flytta hit, lever det gode liv her, for pengane strekk lenger til her. Mat og drikka kan kjøpast for rimelig penge, og ein kan gå ut på restaurant og eta godt, utan at ein kjenner seg ruinert. Men er det heima?

     Me bur godt i leiligheten vår. I kort avstand frå det meste. Me har innreda slik at det føles som heimen vår. Når me låse opp porten, er me heima. Likevel alltid kjensla av å væra gjest, på eit langt besøk. Her fins ikkje barndomsminner, ingen stiar eg har gått på som ungdom. Ikkje familie i nabolaget. Ikkje heilt kjensla av å høyra til. Men så utrulig godt å væra her. Dagane er ikkje grå. Me slite ikkje med dårlig vær. Me er supersosiale. Me har utrulig kjekke venner.

    Men kven er eg, utan alt dette? Ting datt liksom litt på plass då me kjøpte hytta på Moster, Bømlo. Eg kom heim. Der alle dei gode minnene er. Der mamma og pappa, og mange av dei viktigaste i livet mitt kvile. Der barndommen og tenåra mine var, og der mykje minnar meg om dei. Der forfedrene mine budde. Så når me kjøre til hytta, reise eg heim. Når me kjøre ut av Bømlatunnellen, og eg ser Siggjo kneisa stolt mot himmelen, er det som om alt ynskjer meg velkommen heim igjen. Og det er sannelig ei god kjensle.

     Og då ser eg meg sjøl. Kven eg er utan alt rundt meg. Eg kan kalla meg mostring, sjøl om eg har vore borte lenge. Eg er Ann Kristin, jenta som vaks opp der, elska å væra på sjøen, var ein lesehest, og svært glad i å skriva. Glad i musikk. Og inni meg fins forsatt den jenta. Borte frå støyen, kjenner eg ho igjen. Finna seg sjøl, kallast det kanskje? 

 

     Desse fine morgonane på øya, dei er mine friminuttar. Då mange tankar sloss om plassen i hovudet mitt. Før sola stig på himmelen. Når bygda ligg der stille, men dei fleste søv i sengene rundtomkring. Tankevirksomheten min avtar litt utover dagen, må væra alderen...

 

 

    

     Ein stor del av det gode liv her på øya, er god mat. Me gler oss til kvart måltid! Og ein stor del av å nyta, er å gjera det saman med gode venner. No har Susan og Hans, som mange kjenner frå musikkopplevelsar og politikk, nesten blitt naboar med oss her nede. Har fått seg ein fantastisk "kåk", eit lite stykke frå oss. Susan måtte desverre reisa heim, men Hans, ein reale arbeidskar som pusser opp, er med oss på delig av måltider. Og verdens finaste naboer her,(me er råheldige med dei), Anne og Thor Magne, stiller alltid opp. Lindy og Steinar var desverre indisponert,( for eit flott ord!) I går.

     Me gjekk til TIPSY. Ligger i andre etasje på senteret der den nye Spar-butikken ligger. Me hadde bestemt oss for fish&chips. Og for eit godt måltid. Kjell og eg delte ein porsjon, for mykje mat. Og må væra ein av øyas beste! Og all ære til servitør og leder for ein fantastisk service! Sjøl om det var travelt, fekk me rask servering. Dei passa på at me hadde noko i glasset heile tida. Dei smilte, og fekk oss til å føla oss spesielle!

 

 

 

 

 

 

     Der me satt, var musikken frå anlegget høg. Og då saksofonisten byrja spela, sine melankolske, nervedirrande tonar, var det høgt og intenst. Men vidunderlig vakkert! Då eg byrja å lytta, kjente eg denne strengen inni meg, som bare musikk kan berøra. Den dirra, frå tonane som denne dyktige musikaren delte med oss. Men ein liten advarsel, velg heller eit bord lenger ute på terassen, hvis du vil føra ein samtale. Me litt tung-høyrte sleit litt med det...

 

 

     Det er verd eit besøk. Me kjem iallefall tilbake. Ikkje avskrekkande prisar, og menyen var fin og variert. Ingen masete innkastere. Bare smilande og god service. 

     Så er det snart helg. I mårå reiser nokon mot nord igjen, og nye turistar og overvintrande kjem. Klare for alt denne fantastiske øya har å tilby. Utanfor dei store turistplassane finn ein det canariske dagleglivet. Ein annan verden. Ein naturskjønn fjellheim, ein hovudstad , Las Palmas, med kultur og musikk. Så mykje å oppleva, om ein vil. Eller kanskje ein bare treng ein pause, tusla ned til stranda, kjenna den varme sanden mellom tærne. Duftande av solkrem finna ei solseng, lukka augene, og nyta, mens den grå huden sakte får ein gyllen teint. Eller ein hissig rødfarge..

 

 

 

   God helg, og god tur til dei som reiser. Buen viaje!

HEIMA ER DER HJERTA DITT ER, SEIER ORDTAKET!

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler