BLANT STEIN OG KUNST!

22.10.2022, 18:17

4 kommentarer

GÅ TUR! Virkar nesten som favorittsysselen til mange av nordmennene her på øya. På med trimskoa, her skal det gåast! Canarierne ristar litt på hovudet av dei sprø nordbuarane, i steikjande varme strevar dei seg oppover, som geiter som vil til fjells. Svært spreke er mange, uansett alder. Musklane får kjørt seg. Kilometrar tilbakelagt. Og det er mange flotte turar å gå, mange valgmuligheter. Også organiserte turar, med erfarne ledarar. Ofte lurt å høyra på dei som er kjent her, fjellet kan gi utfordringar. Og det viktigaste, gode sko og mykje vatn!

EG LIKAR GODT å gå. I bedagelig tempo. Rusla, kallast det vel. Og mi gode venninne, Lindy, er og ein rusleperson. Men som kan gå langt og lenge! Etter veker med vonde ribbein, var eg rastlaus, og det blei planlagt tur saman med Lindy. Antar eg tenkte at ho bar meg heim hvis det blei for tøft....

 

OG TO TØFFE DAMER gjekk på tur. Strevde oss opp bakkar og svingar, sjølsagt med innlagde pausar. Prata og nytte utsikten, og heilt plutselig var me oppe, og fekk verkelig nyta synet av dalen og det vakre havet! Og så kry! Klarte det eg aldri hadde trudd, etter omtrent 4 veker sitjande i ein stol, bandasjert stramt rundt ribbeina.

MEN TRUR DU me stoppa der? Oh no! Ørten trapper ned mot Nye Puerto Rico-dalen, og deretter opp igjen. Opp mot plazaen, som er norske Mariannes domene. Vakre, tøffe, kunstneriske Marianne, som bur der ingen skulle tru, at nokon kunne bu.

 

 

 

 

HER PÅ Plaza de la Cueva, bur Marianne. Ei rå dama som har trossa fordommar og bakvaskelsar. Ei dama med ei facinerande historia, som eg kanskje får mulighet til å fortelja ein gong. Ho er som ei hulder, vakker, og sterk. Ho bygger. Stein på stein. Plazaen skiftar stadig karakter, nye steinar dukkar opp. Men ho er også kunstnar. Dei vakraste smykke blir til under dyktige fingrar. Smykker som fortel ei historia, smykker som snakkar til ein. Dei vakraste fargar. 

HER BUR HO, i ei vakker grotta. Saman med hunden sin. Kjem du opp hit, tar ho godt imot deg. Stadig utvidar ho kolleksjonen sin, snart kjem det nye smykker, som foresten burde væra bra julegave-idear. Desse er laga ved grotta, på plazaen her ovanfor Balito Beach.

 

HO GJER INNTRYKK på oss. Ho snakkar med lidenskap om å bu her, bygga stein på stein. Ho er råslank, ikkje mykje fett der i gården. Brun som ein canarier. Ho smiler og ler, men bak ligg , trur eg, ein vilje av stål. Me digge deg, Marianne!

ME KUNNE GÅTT ned til Balito, og videre, langs sjøen, til Arguineguin. Men me valgte retur, ned mange trapper til nye-dalen. Her såg me mykje spor etter regnværet som vaska øya for ein måneds tid sidan. Grus og gjørme, og vegen full av sår. Store steinar hadde flytta på seg. Men det blomstra så vakkert no! 

 

OG BRÅTT VAR me heima igjen. 8 km viste appen på telefonen. Rikare på naturopplevelsar, møte med flotte Marianne, og sjølsagt løyste me eindel verdensproblem undervegs. Som bare to damer kan gjera...

DET ER BRA å bevega seg litt. Og her slepp ein å rundkle seg for å gå tur. T-skjorte og shorts held lenge. Me er heldige som har desse mulighetene!

OG SNART BYRJAR ei ny veke. Med alle sine muligheter, og også utfordringar. Ein legg planer, men ikkje alltid det blir slik ein har tenkt. Eg ser kor skjørt livet er, kor viktig det er å gripa dagen. Me må leva i dag, ikkje tenkja at me skal byrja neste veka, eller neste år. For som det seies, ingen kjenner dagen. Væra i nuet, seia det som må seiast. Leva draumane så godt me kan. Me strever og kavar, etter penger, materielle ting, større hus enn naboen, nyare bil. Men det bør ikkje væra det viktigaste. Når tida vår kjem, blir dette fullstendig uviktig. Pengane på kontoen, eller den nye sofaen får me ikkje med oss. Bare gode minner og kjærleik er det som betyr noko. 

SÅ MORGONENS SAMTALE med Vårherre handlar om dette. Eg takkar for at eg har det godt, og takkar for ein ny dag. Og ønskjer familie, venner og ukjente , får ein dag å minnast. Gode minner. Og skal du på tur, uansett kor hen, så håpar eg du får ei fin oppleving!

 

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler