NÅR DAGEN GRYR!

14.11.2022, 07:35

9 kommentarer

       Det er ein stille morgen her i Puerto Rico. Fortsatt mørkt, og alle lysa i bygda skin så vakkert. Skiltet på shoppingsenteret skiftar fargar, lyser i gønt, rødt og gult. I aust byrjar det å nærma seg soloppgang, over åsen. Og eit par småfuglar tar ein prøvande trall, for å fortelja at det nærmar seg ein ny, varm dag. For det er varmt her. Herlig, tenkjer kanskje du. 30 grader kvar dag må da væra som eit paradis? Men det er verkelig uvanlig. Klimaforandringar eller ikkje, november måned brukar væra kjøligare. Jakkene våre henge fint i skapet, dei blir ikkje utslitne. Her er det lite klær som gjelde. Og værmeldinga kan heller ikkje lova kjøligare dagar.

       Gjestene som kjem hit, frydar seg. Og det kjem mange. Overalt kryr det av ivrige, småbrente kroppar, på stranda er det stappfullt. På senteret spring kelnerane for å skaffe stolar til svultne og tørste turistar. Her treff ein kjente overalt, og språket er heller nordisk enn spansk. Hos "Lillebror" har dei knapt fått opna dørene før det er stappfullt. På " Heia Norge" er det til tider vanskelig å få plass. Det strømmer inn kapital i økonomien her nede, og det gler hjarta mitt. 

       På senteret finnes mange bra restauranter. Men nokre gongar er det greit å byta ut senteret. Dra til Arguineguin. Booka bord på favorittrestauranten vår der, Mandarin. Kinesisk/orientalsk mat. Mange bruker denne restauranten, som har vært der i mange år. Og når me, som var ein god gjeng, bestilte det store, runde bordet, var kvelden allerede ein suksess. Me blir tatt imot som kjære familiemedlemmer, og servicen her er bare utrulig. Alltid lynkjapp, alltid smilande. 

       Maten? Nokre gongar drøymer eg om maten her, er nesten blitt avhengig. Menyen er sjølsagt stor, men etterkvart finn ein sine favorittar. Og nyter måltidet med stor glede. Men pass på, her blir glaset aldri tomt. Påpasslige kelnarar fyller på. Og skåler, lika mykje som vår gode venn, Ingleif. 

 

 

 

       

       Det runde bordet gjer det mulig å sjå, og samtala med alle. Plata på toppen gjer det mulig å senda maten rundt slik at alle får smaka, og dela. Heilt genialt!

 

 

       For alle som er glad i kinesisk mat, kan me trygt anbefala Mandarin. Men kanskje lurt å bestilla bord, her er også stappfullt til tider. Mange har oppdaga matopplevelsen her.

       Me ete mykje ute. Gode måltider, og god drikke. Det er nokre gongar rimeligare enn å kjøpa inn og laga mat heima. Og mykje meir sosialt. For den er viktig, den omgangskretsen og vennene våre her. Mange av oss har nådd ein viss alder, som kanskje kallast godt vaksne. Iallefall utanpå. Skinnet vårt rynkar seg, henger og slenger litt. Håret grånar og fell av. Men inni lever fortsatt litt av barnet og ungdommen me var. Og me kan fortsatt fnisa og fjolla saman, som ein tenåringsgjeng.

       På tv og nett får me kvar dag verden inn i stova. Ein verden i krig og krise. Der mennesker drep kvarandre. Der mennesker er på flukt. Redde og desperate mennesker. For andre handlar det om straumkriser og drivstoff. Renter som svir økonomien. For mange som no kjem fykande til øya her, er det kanskje eit pusterom frå alt som gir angst i kvardagen heima. Få litt avstand, og mulighet til å verkelig få lov å nyta litt. Gløyma alt det triste. 

       Små endringar merkar me jo her og. Prisane stig på mat og drikke. Me sparar litt meir på straumen. Skrur av lys når me forlate eit rom. Fylle opp vaskemaskinen før me set den på. Men i det store og heile lever me godt. Og det er så viktig å huska å leva. Me har bare denne muligheten , ein dag er ein brått borte. Nesten daglig blir me minna om det. Mennesker me kjenner, blitt glad i, ein dag er dei ikkje der. Og denne sorgen ber me med oss kvar dag. Me kjenner på at me synes det er vondt å mista. Og at me aldri må utsetja å leva, men prøva å fylla livet med det som er viktigast. Ikkje dei materielle ting, men kjærligheten til alle våre kjære, vennskap som betyr så mykje, samvær med andre mennesker.  Det som gjer oss glade, og takknemlige!

 

       Og på Mandarin, i Arguineguin, er det godt å samlast. Så blir ikkje så lenge til me igjen tar turen hit. Sitja rundt det runde bordet, og kjenna på at det er godt å leva, og få dela. 

 

       No lysnar det, dagen har begynt. Gradestokken har passert 25 grader. Så det gjenstår å ønska alle ein fin mandag. Og til øyas turistar, husk solkremen....

 

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler