HVIS MINNA FORSVINN!

10.01.2023, 15:27

17 kommentarer

       Kven er eg, hvis minnene forsvinner? Ingen fortid, ingen identitet?

     Me vekse til, som dei seie. Blir eldre, og kanskje pittelitt klokare. Men samtidig føles det som om hjernen, og sinnet, tar ein time-out  av og til.  Navn og ansikt, blir vanskeligare å huska. Minna blir nokre gongar utydlige, og eg lurar på om eg huska rett. Og kanskje er det fantasien min som spelar meg eit puss? Det har den gjort før, og det vil garantert skje fleire gongar...

     Kan godt tilstå, at eg blir nervøs når ting glipper i hovudet mitt. Eg vil så gjerne få lov til å huska, ha alle desse minna, på godt og vondt. Få lov til å huska familie og venner, sjøl om eg stadig opplever at eg helsar på folk to gongar før eg klarar å huska dei. Antagelig er eg ukonsentrert, eller så har eg ikkje kapasitet til å ta inn så mykje. Men klarar som regel å berga meg inn før eg introdusera meg for tredje gong!

    Altzeimer-light, eller slik eg er skrudd saman i toppen? Ane ikkje, men trur at minna mine er det viktigaste eg eig, dei som har forma meg, og er livet mitt.

     Så no når me skriv 2023, så tenkjer eg litt tilbake. Til desember 2022, til jul og nyttårsfeiringa her i Puerto Rico. Og heldigvis, så hugsar eg dei dagane, iallefall..Kortidsminnet fungerar altså enda!  Ei hyggelig julefeiring her i heimen i Puerto Rico. Med familie og gode venner. Pinnakjøtt og god drikka, juletre og julegaver. I 25 herlige grader. Eg savna slett ikkje snø og kuldegrader. Eller Vestlandets evinnelig vindkast og regn. Nei, savna eg noko, måtte det væra familie. Det kjente eg nok litt på. Men familie sim var her, og venner, var gode erstatningar. Så glad for dei!

 

     Og så var det eit nytt år. Januar måned, i Norge mørk og kald, her på øya mjuk og varm. Rekningane, som januar er kjend for, nedturen etter ein julemåned med overforbruk, kjem overalt. Strømrekninga er heldigvis ikkje uoverkommelig her i varmen, sjøl om det er blitt dyrare her og. Men heilt vanvittige prisar i Norge! Men også her på øya prøve me å spara på strømmen. Oppvask og vaskemaskin fyller me godt opp før me startar. Skrur av lys når me ikkje er i rommet. Prøve å væra litt miljøbevisste. 

     Med så mykje  turistar og langtidsgjester, er det ei stor belasting på øya. Me produsera enorme mengder søppel kvar dag, og ikkje mykje av dette blir sortert. Me forbruke enormt med energi, me forurensa. Elbilar er på veg inn, men stadig kjører det mykje bensin og dieselbilar i køar på dei flotte motorvegane. Turistbussar kjører i skytteltrafikk til og frå med eventyrlystne, og vel tilfredse turistar. Utrulig mange fly landar og tar av kvar dag. For øya tiltrekke enormt med folk. Det herlige klimaet, prisane, (som også stig), og vennligheten ein møter her, lokkar! Men miljøet er så viktig, og me bør kanskje tenkja oss om før me gjere dumme ting som å kasta søppel i naturen, sigarettsneipar på stranda eller i sjøen. 

     Mykje som lokkar av opplevingar på Gran Canaria. Og kvar mandag blir det her i sør arrangert noko som heiter "Rock the Mountains". Eit heilt fantastisk musikkoppleving, arrangert av ildsjeler, med Bob Gorman, ( alle kjenner til han) i spissen. Dei slår eit slag for den levande musikken, frå ballader, viser, rock og ikkje minst blues! 

     Camping el Pinillo ligger mellom Arguineguin og Cercado de Espino, ein liten campingplass med ein stor terasse, perfekt for musikkfest, mellom fjeltoppane. Buss går opp og ned igjen, så ein kan la bilen stå. Og rødvinen smakar veldig godt! 

     Her blir me servert grillmat med godt tilbehør, og ein flott musikalsk coctail, ofte gjesteartistar. Fantastiske Bob og eit knallbra band er oftast åpninga, og dei som ledar an det heile. Kelly, med si unike stemma og personlighet, er eit høgdepunkt. The Blues Hunters, sjarmerande og dyktige, spela sangar som me alle kan syngja med på! For ein ettermiddag, anbefalast til alle som er glad i musikk!

    Og når me blir invitert av gode venner, Susan og Hans, blir me sjølsagt med. For å dela ein kjekke opplevelse. Og greit med ein stabile sjåfør med bil og, ikkje sant vel, Hans?

     Musikk er ein viktig del av gode minner. Musikk er følelsar. Gode og triste. Musikk fører meg til stader eg vil væra. Musikk er det alltid inni meg, men godt å få den inn via øyregangane også. 

     Litt seint kanskje, men vil få ønskja alle eit godt nytt år. Må det bli nye sjanser, blanke ark. Må det bli lykka og kjærleik, ikkje bare krig og uro. Reknar med at Vårherre er einig med meg, det er nok no!

     

     

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler