DER MUSIKKEN ER

16.01.2023, 19:05

7 kommentarer

TENK Å VÆRA SÅ HELDIG, å få bu vinterhalvåret på ei nydelig øy ved Afrikakysten, der sola skin, og temperaturen er stabil rundt 25 grader mesteparten av tida. Der kveldsmørket er fløyelsmjukt, og lufta er full av blomsterduft. Ei øy, der ein kan vakna til sola, og fuglesong om morgonen, gå ut og møta dagen uten å rundkle seg. Dette er nesten paradis på jord. Og ja, gjett kva for ei øy eg beskrive. Gran Canaria. Denne øya, som byr på så mykje. Vakker natur, steile fjell og vanvittige steinformasjonar. Små landsbyar, der canarierne har kvardagen sin. Store tomat og bananplantasjar. Lange sandstrender og ein liten ørken. Temaparkar og underholdning. Og hovudstaden, Las Palmas, som er ein blanding av lokale og  turistby, og ein plass for mange kulturar. Og kultur.

ME KAN STADIG FINNA NYE TING VED ØYA. Utforska. Bli enda meir glad i, og væra takknemlig for, at me kan væra her. For det er jo ikkje sjølsagt. I arbeidslivet har ein bare eit visst antall feriedagar, og då begrensar det tida her. Men sjukdom og "kondemering" kan setja ein stopp for karriera og arbeidsliv i Norge. Og då er livet lettare her. Kroppen fungerar bedre her, og ein veit aldri, kanskje hovudet og...

DEI SOM KJENNER MEG GODT, veit at eg er glad i musikk. Ikkje all musikk. Men musikk som eg kjenner i sjela, og som kling godt i hjarta mitt. Musikk som fortel meg noko, eller trøystar og oppmuntrar meg. Som gir meg energi! Noko musikk er bare bakgrunnsmusikk, mens annan musikk engasjere meg.

DET FINNES MANGE LOKALER der me får levande musikk. Restauranter, pubar, barer. I Arguineguin, på Ancorasenteret, ligg "Nye Buster bar". Ancorasenteret må væra tegna av ein arkitekt som elskar labyrintar. For å finna fram på senteret, må ein ha tunga rett i munnen. Mange av lokala er dessutan desverre stengt. Men like ved den eine inngongen, finn ein "Nye Buster Bar".  Dette har vore ein samlingsplass for musikkelskarar i mange år. Knut og Solveig sin innsats her, blir aldri gløymt. Sorga var stor då Knut reiste frå oss. Han var ein svært sjarmerande kelner, og Soveig var den som dirigerte det heile frå baren. Me hadde mange fine stunder der.

MEN DET KOM NYE tider. Solveig gjekk vidare i livet. Etter ein periode, kom to idealistar, med vyer om å videreføra arven etter Solveig og Knut. Skapa på nytt eit sted med den levande musikken. Ein stad der me kunne samlast, få god service, og der musikarane trivdes. Kati og Billy har jobba hardt. Oppdatert lokalet, slik at der er mange behagelige sitjeplasser.

DEI SATSAR TØFT! Levande musikk, for einkvar smak, nesten kvar dag. Store artistar, men også dei meir ukjente. Så eg antar det blir mange timar på jobb for dei, kvar einaste dag. God mat lagar Kati også. Eg er full av beundring for desse to, for det kostar å yta god service mange timar i døgnet!

KARMØY, ØYA I HAVGAPET , på Vestlandet, blir også representert her. Tre vaksne "gutar", svært dyktige musikarar, presenterar ein Bruce Springsteen-kavalkade. Vidar Stueland,  Jostein Bergfjord, og Jan Inge Kvilhaugsvik, stolte karmøybuar, gav oss ei fantastisk musikalsk oppleving. Vidar si stemma er intens og kraftfull, og smyge seg innforbi huden. Onsdag 18 januar, kan ein igjen oppleva dei på "Nye Buster Bar". Dei som fekk med seg forrige konsert, var nok utrulig imponert.

 

DET BLIR EIT UTRULIG langt blogginnlegg om eg skulle fortelja om alle konsertane ein kan oppleva her. For det er mange. Vidar Johnsen, også vestlending og tidligare Vampvokalist, hadde ein rå og vakker opptreden her. Skal også ha ein ny konsert denne veka. Fredag 20 januar. Denne bør du få med deg!

SÅ JA, ME ER GLADE for at Kati og Billy orkar å gi oss gode opplevingar. Servera oss gode artistar. Musikken som gjer meg dei beste opplevingane, er nok blues. Den treff meg rett i hjerterøtene, og er som meg, gammal, rusten og rå....

I DAG BLIR DET KANSKJE ein liten gåtur, med gode venner, Lindy og Steinar. Dei er rå på å gå, så eg blir vel kanskje hengande litt etter. Dei skal visa meg ein ny sti, så blir spennande. Blir godt å bevega meg litt, er ikkje alltid så flink til det. Blir ofte sitjande med ei god bok, som eg ikkje klarar leggja frå meg..

SÅ ER DU HER på øya, få med deg musikkopplevingar og god servering på "Nye Buster Bar". Etter soling og bading, er det hyggelig å ta turen hit. Bare ikkje rot deg vekk på Ancorasenteret!

Ynskjer alle ein fin tirsdag, må Vårherre passa på oss alle!

Del artikkel:

Relaterte artikler