Så skjer det igjen. Sjokket, sorgen, tomrommet. Tårene. Eit ungt menneske snudde seg og blei borte. I eit lite sekund. Og eg merkar at det eg er mest redd for, å forsvinna, dø, kjem så nært. Eit menneske, kjært for så mange, som pusta, lo og gråt, levde, er bare eit tomt hylster no. Eit menneske som hadde planer, ønsker, kjærlighet til sine. Så ville sjela fly. Åleina, og lot oss sitja tilbake. Spørja oss sjøl om meininga. Tørka tårene hos kvarandre. Vårherre, fins det ei meining?
Døden er her på solskinnsøya også. Den tar ofta dei beste og kjæraste. Dei umistelige. Og dei som sit tilbake, kan føla på store utfordringar i forbindelse med dødsfall om ein er på ferie her nede. Då er det godt at Sjømannskjerka stiller opp for sjokkskdde etterlatte. Konsultet hjelper til med det praktiske. Språkproblem kan væra ei barriera. Så heldigvis fins det help å få. Og ein treng varme og omsorg når ein blir forlatt.
Trist tema, men det sikraste i livet, er at me alle dør. Derfor vil me så gjerna føla på at me lever, mens me er her. Me vil så gjerna væra lykklige, elska og bli elska. Føla tilhørighet til andre mennesker. Få væra ein del av felleskapet. Nyta,og oppleva. Få følga barn og barnebarn i livet. Ha tid! Me kavar mykje etter materielle goder, sikra ein god alderdom. Me vil ha stort hus, der me slite oss ut på å halda det "på strekk". Me vil ha hytta, bil og båt. Men alt blir igjen etter oss. Tomhendt kjem me inn i livet, og me drar utan å få noko med oss. Ettermæle, tenkjer kanskje du. Me vil jo ikkje bli gløymde. Væra anonyme i rekkja av mennesker som er borte. For me vil jo så gjerna væra eit midtpunkt i andres liv. Leva i minna deiras når me drar på vår ukjente ferd videre. Me vil så gjerna setja spor etter oss. Bli huska!
Det er mykje å gleda seg over. Føla meg heldig som er ein overlevar. Ein seig bømling. Som får lov til å besøkja denne fantastiske canariske øya når den kalde vinteren er i nord, der me bur. Her er me sosiale, her nyte me solskinsdagar. Og ikkje minst, gode, lange måltid med venner. Som eg er glad i, og føle meg nær. Eg er nok litt reservert, og treng litt tid med mennesker rundt meg. Men det er godt å kunna åpna seg for andre. Fortelja korleis ein har det inni seg. Føla kontakten. Vita at nokon faktisk likar meg som eg er!
Her er jo masse turistar no. Vinterferie i Norge gjere at vintertrøtte mennesker drar sørover. Flyprisane er høge. Overalt på resturanter, barer, butikkar, er det ganske fullt. Puerto Rico blomstrar. Glade og brune feriegjester overalt. Då er det lett å gleda seg. Over at turistbransjen får ny, etterlenga kapital. At dei kanskje har ein buffer til dei magrare månedene som kjem. Me gler oss over å føla oss velkommen her, sjøl om me innvadere øya til canrierne, medvårt levesett og vår kultur, eller nokre gongar, ukultur!
Rart blogginnlegg i dag, tenkjer du kanskje. Trist og kjedelig? Livet vårt her nede er så mange ting. Gode og triste ting. Me elskar livet her, men blir ganske berørt når triste ting skjer. Men eg løftar blikket når sola kjem over åskammen her om morgonen, kjenner den livgivande varmen og lyset, og takkar for livet mitt. Eg skjønnar ikkje alltid meininga med alt, det klarar ikkje min stadig meir reduserte hjernekapasitet å fatta, men eg har ein god tone med Vårherre, og sender opp ein stor takk!
Så håpar eg snart å koma attende med eit kjekt blogginnlegg! Nyt dagen på øya, dåke som er her!
GOD HELG ALLE!