DET LAKKAR OG LIR...

26.03.2023, 11:18

4 kommentarer

SNART ER MARS MÅNED HISTORIE, og april, og våren nærmer seg. Forhåpentligvis i nordlige land. Ikkje så veldig fristande å fly mot nord, når dei melder om snøkaos på Vestlandet. Her på øya, Gran Canaria, nyter me sol og sommar. Temperaturen har bikka 30 grader nesten kvar dag, og turisthjarta fryder seg. Brunfargen blir mørkare for kvar dag. Somme gløymer solkrem, og går rundt med ein blussande raudfarge, som lett flassar etter ei stund. Lett å gløyma seg ut, huska at den blåkvite kroppen kanskje treng litt beskyttelse. 

MEN EINDEL HAR LIKEVEL dratt mot nord. Overvintrande skandinavere vil heim for å feira påsken. Eg sjøl vil gjerne feira påske her, er ingen skigåar eller fjellgeit, elskar å væra her på øya. Men om eit par-tre veker, er det nok på tide å venda kursen nordover. Og klart, me gler oss stort til å treffa familie og venner igjen. Få litt tid med dei. Opna hytta på Moster, ut og fiska og nyta å væra på sjøen igjen. Ta ut Mr. Carver, bobilen, frå vinterlagring. Surra litt rundt med den. Mykje å gleda seg til!

 

 

 

MEN FOR NOKRE FINE MÅNEDAR ME HAR HATT på øya. Masse opplevelsar. Gamle og splitter nye venner. Fantastisk måltider. Masse glede, og stor sorg. For me har også mista nokon denna sesongen. Menneske me trudde me skulle møta igjen til hausten, brått er dei reist vidare. Sjokket er stort, men heldigvis har me gode minner å ta med oss vidare. Dei vil bli huska!

KVAR SØNDAG KVELD, har me vore ein gjeng som møttes på Mama Pino, denne sesongen. Denne restauranten er kjempebra, maten er god, og kelnarne fantastiske. Eigaren er alltid på plass, og ynskjer oss velkommen. Me har langbord, o her kan me sladra, kjefta, fortelja vitsar, eller bli kjente med andre. Som sagt så minkar det no på gjestene, men til hausten er me der igjen. Hvis me leve, og har helså!

 

 

ETTER EIT HYGGELIG MÅLTID, er ikkje vegen lang til " LILLEBRORS PIANOBAR".  Ca 10 skritt, så er du der. Senterets hyggeligaste uteplass, og her yter dei service! Dette konseptet er fantastisk, og drar mykje folk!  Lillebror bak pianoet, med sin lavmælte sjarm, og musikalske ferdigheter, kven kan motstå det?  Enterteiner i særklasse! Og ei stor stjerna er han, likavel ruslar han rundt, spør koss folk har det, høyrer på kva dei seier. Som ein hvermannsen. Ikkje rart me kjeme så ofta me kan!

 

 

 

 

 

JA,  HAR VORE EIN UTRULIG kjekke sesong. Turar med venner, besøk hos Paco i Barranco de Ayagaures,  kjekke dagar og kveldar. Besøk av familie. Og så heldige me er, som sleppe dei mørke og kalde vintermånadene i nord. Her vaknar me opp til sol og varme nestan kvar dag. Tusla ut på terassen med morgentryne og håret til værs. Ikkje bry oss med altfor mykje klær. Høyra på lydane frå bygda som vaknar til liv, og innta den viktige kaffien. Sakte vakna til liv når koffeinet byrjar virka. 

SOM EINDEL ANDRE godt vaksne folk, har eg ein litt pinlig angst. Ein angst for å gå til tannlege. Lukta, lyden, tanken på det som skjer, gir meg mareritt. Så, desverre, har eg ikkje prioritert tennene mine. Med dårlig resultat. Så etter mange samtalar med meg sjøl, internettsøk og sjelekvaler, tok eg i avgjerd. Eg må! Så no har eg oppsøkt den danske tannlegeklinikken i El Tablero. Det er mykje rimeligare å få tannlegebehandling her på øya, enn i Norge. Så tenk, eg vågde å møta opp til første time. Som var ein tøff tannrens. Heldigvis hadde eg forklart kor redd eg var. Men stakkars tannlege, han fekk sikkert traumer av ein slik pasient. Skjelvande, svettevåt, livredd, det var meg. Trur du eg overlevde? Yes, og svært kry av meg sjøl, med nyrensa tanngard. Så, då gjeld det bare å unngå å avbestilla neste timeavtale. Ikkje dikta opp inflensa eller vannkopper. Bare bita saman dei nyrensa, og møta opp. La meg klara det!!

PÅSKE SNART, og reknar med at det blir ganske fullt på øya. Då kjeme canarierne til Puerto Rico, og spanjoler frå fastlandet. Mange har leiligheter her. Fulle fly med påsketurister fr Norden, masse barnefamilier. Klin umulig å finna ledige parkeringsplasser, turistbussane står på fløytå for dei slite med å komma fram. Samma greiå kvar påske..

VIL YNSKJA ALLE EI GOD PÅSKE!

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler