VARME ! Varme er godt for ein skrøpelig kropp. Lette sommarklær, gylne lemmer, kroppen kosar seg. 25-30 gr er perfekt for oss nordboere som overvintrar på fantastiske Gran Canaria. Men iblant skjer det, gradestokken forset å stiga. Nærmar seg 40 gr. Då skjer det noko med nordboaren. Han byrjar å få svære svettetokter, drikk opp mesteparten av vatnet han kjøpte frå vannmannen, vatnet som skulle væra nok for ei veka..Han leitar etter skygge, riv av seg klærne, og klagar og stønner. Lengtar nesten heim til det kalde og våte nord!
DET ER SVÆRT VARMT på øya no. Litt calima også. Og varmen kom nok litt overraskande på oss som ganske nylig ankom øya. Oktober var fin og varm i fjor også, men ikkje slik som dette. Over 30 grader ved midnatt! Og utan aircondision, blir det svette netter, og merkelige draumar. Heite draumar, kan ein sei...
MEN DET ER HERLIG å væra her igjen! Møta menneskene me kjenner, eta fantastisk mat, og nyta den gode vin. Kjenna kroppen kroa seg av nytelse over at sola skin kvar dag, strandlivet blomstrar, og menneska er stort sett glade. Eg innsjår kor heldige me er som kan få lov til å bu her i måneder kvart år. Privligerte, heiter det vel!
ME ER JO GJESTER, likavel føles det som å komma heim. At det virkar som nokon er glad for at me kjem hit, rører meg. Og sjølvsagt handlar det også om at me er villige til å åpna lommeboka vår her. Bruka ørene våre på butikkar og restauranter. For mange lever jo av oss. Dette er ein stor turistdestinasjon, og tross prisstigning, er det forholdsvis rimelig å shoppa, gå ut og eta og drikka. Ting me ikkje kan gjera så mykje av i nord, der prisnivået er for høgt for vår lommabok.
SOM DEI FLESTE, har me våre favorittplassar. Restauranten Mama Pino er ein veldreven, hyggelig resturant, med veldig bra service! Så kvar søndag kveld er me ein gjeng som samlast der. Til eit godt måltid, latter og glede. Samhold og diskusjon.
OG RETT VED SIDEN AV, ligger Lillebrors restaurant, og Lillebrors party og pianobar. Lillebror, ja! Denne karen som dei fleste kjenner til, som har flytta ned hit, og fått til et utrolig bra konsept! Denne lille, store musikeren og kunstneren. Snart runder han 60 år (ser ikkje sånn ut, evig ung), og då blir det storstilt feiring. Me gler oss, ikkje minst til boka hans kjem. Som undertegnende har hatt ein finger med i..
DET FINNES MANGE BRA restauranter og barer. Masse bra musikere her. Så me gler oss til desse månadane her nede, til masse gode opplevingar. Turar til byar og fjell. Nyta tid med venner og familie. Lesa mange gode bøker. Og bare huska å leva. Me har mista altfor mange som aldri fekk sjansen til ein fin alderdom. Aldri fekk tid til sjølve livet. Så uansett vær, me må gripa dagen. Leva i øyeblikket.
OG SJØL HAR EG NÅDD den høge alder av 65 år. Desverre er det nok bare utanpå, inni er eg framleis ein unge. Til tider, iallefall. Og på bursdagen min i år, blei eg overraska med herlige kaka på Mama Pino. Aldeles nydelig! Tusen takk til gjengen der for ballongar og sang. Dåke er gode!
HA EIN FIN LØRDAG, HER PÅ ØYA OG INORD!