ER DU REDD?

12.10.2023, 08:47

7 kommentarer

     Så er me mennesker i gong igjen. Med å terrorisera og myrda våre medmennesker.  Med å drepa barn. Med eit iskaldt hat og raseri. I Israel og Vestbredden  er det sorg og sinne. Eg har nok ingen forutsetning til å skjøna alle desse følelsane. Eg har aldri måtta kjempa for fridom. Har aldri måtta leva i angsten for morgondagen. Har aldri vore i krig. I mi beskytta verd er bekymringa kor stor straumrekninga blir, eller om bilen startar.

     Eg blir redd. Redd for kva me menneske kan gjera mot kvarandre. Redd for hatet. Redd for denne grusomme terroren som oftast rammar uskyldige. Dei som vil leva, arbeida og elska. Ikkje slå sin neste ihel.

     Her på Gran Canaria kjenner me oss ganske trygge. Her er nok ein og annan småkjeltring som vil ha pengane dine, og det gjeld å låsa dørane godt når ein går ut. Tjuvar og husokkupantar leitar etter ofre. Eindel som har opplevd å få leilighet og hus okkupert. Då føler ein seg rimelig rettslaus. Hjelpelaust sjå på at framande rasera det som er ditt! Og å få dei ut kan ta svært lang tid i det spanske rettssystemet.

     Det hender at eg må ta ein samtale med meg sjøl. Skal eg gå rundt og væra redd, bekymra meg for allt mulig? For helså, familien, økonomi? Nei! Eg svarar strengt meg sjøl. Du har kun eit liv. Prøv å finna dei små stunda med lykke. Eit smil, ei oppmuntring, ein klem. Ein lottopremie på 50 kr. Ei morgonstund med kaffi. Desse små tinga som er livet mitt. Også her på øya.

     Midt i hetebølgja her på Gran Canaria drog me på ein liten tur til Las Palmas. Og slik det ofta er forskjell på nord og sør her, var det meir behagelig i Las Palmas. Deilig når ein kan sitja på promenaden på Las Canteras kl 8 om kvelden, og betrakta eit fortsatt yrande strandliv. Fløyelsvarm kveld, glade mennesker. 

 

 

     Las Palmas er ein "storby", med utrulig mykje å by på. Ikkje så mykje me fekk tid til på eit lite døgn, men her er kultur, musikk, historie, strandliv og shopping. Masse gode restauranter. Koselige tapasbarer. Inni sidegatene finn ein eit heilt anna prisnivå enn her i Puerto Rico. På mat og drikka. Her er ikkje mange innkastarar. Her bur canarierer og turistar. Her er rikdom og fattigdom. Og utrulig mange hundar! 

     Me budde ei natt på hotell VEROL, via booking.com. Eit hyggelig hotell, lika ved Las Canteras, i nærleiken av Catlinaparken. Rimelig og reint. Nyrenovert bad, så nesten luksus!

    Håpar å kunna ta ei langhelg i Las Palmas, nyta og oppleva den flotte byen!

    Klokka her er no 08.30, og temperaturmålaren vise 28 grader. Trur ikkje me skal frysa i dag heller. Turistane sover vel enda, det er stille i denne vakre bygda. Eg tar ein kopp kaffi til,(nr 4?), vannflaska står også klar. For ekspertisen seier me må drikka mykje vatn i denne heten. 

     Ein ny dag, nye muligheter. Bekymringane vil alltid væra der, men eg prøvar å rydda litt i hjernen, bare væra klar for å leva. Takka Vårherre for det gode liv her på øya. Takka for at dei eg er glad i er ganske trygge!

HA EIN VARM OG FIN DAG!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler