PÅ ASIATISK VIS I ARGUINEGUIN

20.10.2023, 10:30

2 kommentarer

     Heldigvis litt kjøligare no her på Gran Canaria. Me lar jo ikkje heten stoppa oss heilt, men kjekkare å gå ut om kvelden når svetten ikkje piplar fram heile tida, og klærne føles eit nummer for trange. No ligger temperaturen rundt 30 grader på dagtid, litt mindre om kvelden.

     Mandarin i Arguineguin. Mange kjenner godt denne restauranten, som ligg lika ved bensinstasjonen. Drevet av utrolig hyggelige og flinke mennesker. Og maten? For oss som likar asiatisk mat, er den perfekt! Stor meny, men me har jo våre favorittrettar. Karagi, sukiaki, reker eller kylling i ingefærsaus. Biff med sterk saus, and i appelsinsaus. Får vatn i munnen av å skriva dette...det er som dei brukar ingredienser som er perfekt for ganen. Kokkane deiras bør dei stella godt med, for dei er bare heilt rå!

 

     Me er ofta ein stor gjeng med matelskarar som drar frå Puerto Rico til Arguineguin. Det store, runde bordet er heilt perfekt når me skal dela eit måltid. Med glassplata som kan snues etterkva ein vil smaka på. Me bestiller fleire retter, og så får me smaka litt av alt. Ingen krangling om maten, men det hender at me bestille meir. Me sukkar og stønner av velvære!  Servicen her er lynrask og hjertelig. Dei passar på oss som om me var kongelige. Ikkje så mykje blått blod rundt dette bordet, da..

     Denne restauranten har eksistert i mange år. Me har frekventert den ofte, og våre med-etarar blir begeistra, og nesten sjokkert over den gode opplevinga. Her beheld ein bordet til ein ikkje orkar meir, og servicen er ustoppelig. 

 

 

 

 

     Når ein er så mett av god mat og drikke, kva gjere ein då? Sjøl om magen står på spreng, og augene er tunge, er det tidlig å dra heim. Vel, på Ancorasenteret ligg Buster Bar. Nye Buster Bar. Her prøver Billy og Kati å skapa ein samlingsplass med masse bra musikk. For einkvar smak. Torsdag var øyas Crossfire på besøk, eit av øyas beste band,(synes iallefall eg). Dei har eit stort repetoar, frå balladar til rock and roll. Me storkoste oss! Billy og Kati gjere ein stor jobb. Frå mi tid som restauranteigar veit eg at det kostar mykje penger, svette og blod å driva ein utestad. Så all æra til dei. Gler oss til mange kjekke kveldar her!

     Eg er ikkje nattens dronning. Eg blir sliten, og lengtar heim til senga. Så før midnatt søv eg som regel. Tidlig opp, tidlig i seng. Ganske greit. Idag er det fredag, og byrjinga på helg. Dagane er jo stort sett like her nede. Må nokre gongar fintenkja for å finna ut kva dag det er. Her går utelivet sin gong, om det er søndag eller mandag. Bra med skandinavere her no. Mange frosne nordbuarar er på plass, og gjensynsgleda er stor. Stort sett smil og glede over heila linja...

     Liten oppdatering frå meg detta. Vil få ynskja alle ei gd helg. La oss ta vare på kvarandre, væra saman, og leva i nuet. For ingen kjenner morgondagen!

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler