NÅR MAN HAR JUBILEUM.

11.01.2024, 14:49

15 kommentarer

     Tenk kor heldige me er. Me som er på vakre, solfylte, varme Gran Canaria. Som kan stå opp om morgonen, rusla ut på terassen i shorts, nyta dagens første (av mange) kaffikopp. Mens ein nyter soloppgangen. Eller, avhenger av nattelivet, legga seg på ei solseng og la seg grilla. Bada i sjøen eller bassenget. Og det er masse turister her på øya. Mange nasjonaliteter. Forståelig at mange ønske seg et "friminutt" frå kulde og mørke i nord.

     Rett nedenfor oss, på "gamlesenteret" i Puerto Rico, har ein dansk restaurant "Den hyggelige Kro" åpna dørane. Dessuten også "Rob & Haileys Country Pub". Her samles mange dansker, særlig på dagtid. Du verden, som dei kosar seg! Du veit,  det verkar som dei fleste dansker er utrolig blide og hyggelige! Frå terassen vår får me med oss det mesta. Og levande musikk har dei enkelte dagar, noko ein del pensjonistar på denne sida av dalen ikkje set så stor pris på midt i middagskvilda deiras....Men det meste av musikken passar godt for den eldre garde!

     Nokre reiser nok hit ned for å feira bursdager, bryllup etc. Kjekt å kunna feira utan å bekymra seg for mykje om vær og vind. Gå til dekka bord. I Puerto Rico kan ein treffa ein kar som verkelig jubilerer. Han har nådd den anseelige alder av 60 år, og feirar samtidig 40 år som artist og underhaldar. Mange veit kven eg meinar. The one and only; Lillebror Sande Larsen.

 

     Når han no jubilerer, gjere han  det med stil! Då var det jo naturlig med ei bok frå ein svært kjent og kjær artist. Ein som verkelig har ei historia å fortelja. Ein som vågde å stola såpass på meg, at han fortalde meg mykje om seg sjøl. Lot vennene sine fortelja. Lot meg sy dette saman, skriva boka. Eg , som amatør, er jo gruelig stolt da! Og historiane hans er fcinerande. Denne lille, store mannen med utrulige talentar. Som tar oss med på ei reisa gjennom eit liv og ei karriera få har opplevd. Så eg synes jo sjølvsagt at mange burde lesa boka. Du får den hos " Lillebrors piano og partybar". Og kanskje Lillebror sjøl signera den!

     Eg er nok over gjennomsnittet glad i musikk. Særlig blues, da. Men no i jubileumsåret, hos Lillebror, presenterar han ei rekkja med artistar, kjente og ukjente. Noko for einkvar smak. Og sjøl er han som oftast å finna i baren eller bak pianoet. Ikkje så veldig glamorøs, denne karen. Preikar med gjestene, tuslar rundt med caps og t-skjorte. Serverer og vasker bordet. Eller tar ein drøs med kjente.

     Ein må væra  tidlig ute for å få bord i pianobaren, eller på terassen. Mange kjem igjen, kveld etter kveld. Alltid fin atmosfære her, og rådyktige ansatte. Ikkje byens billigaste bar, men heila budsjettet ryke nok ikkje. Lillebror og Steinar har eit svært levedyktig konsept. Og me gler oss til fortsettelsen!

Sa eg at eg anbefaler boka?......

 

   

Kari og Lillebror er gode venner. Kari "trekkspill", har bodd her på øya ei god stund. Helsa har vore litt sviktande, men ho har vore fantastisk dyktig på trekkspillet, derav kallenavnet. Ho er nok ein æresgjest i baren!

     Været? Ikkje så mykje å fortelja om, ikkje så mange skyer på himmelen. Stødige dagtemperaturar på 25- 28 grader. Nettene er nok eindel kjøligare, og me tar jakka med ut om kvelden. Kan me ha det bedre?

 

 

     Alt det triste som skjer i verda, påverka oss her og. Terror og krig, mord og flyktningtragediar. Alt det vonde me mennesker klare å gjera mot kvarandre. Det verkar håplaust. Men i kvardag og fest, saman med venner og familie, prøve me å finna glede i dagen vår. Gleda nokon andre. Tru på at dei fleste av våre medmennesker ikkje vil noko vondt. Bare leva eit godt og anstendig liv!

GOD TORSDAG!

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler