MENS DET LYSNAR

02.02.2024, 07:31

14 kommentarer

     Klokka er 6.30 her i Puerto Rico. Eg får som vanlig ikkje sova om morgonen, så no er kaffien på kok, og eg nyter stillheten i bygda. Temperaturen på terassen er behagelige 20 grader, det held lenge med t-skjorte og shorts.

     Fuglane søv visst frampå, og bare ein og annan bil kan høyrast. Og folka som hentar bosset. Så mykje folk som det er her nede no, vert det nok svært store mengder søppel. Her blir ikkje mykje sortert heller, det meste går i samme søppelcontainer. 

    Me går alle på do. Me dusjar,  brukar vatn. Tenk på den belastninga det er på vatn og kloakksystemet i bygda! Tusener av innfødde og turistar som gjere sitt fornødne, og dusjar oftare sidan det er varmt. Ikkje rart at det ofta luktar kloakk rundtom!

     Eg bekymrar meg kanskje for mange ting, men kloakksystemet overlet eg til fagfolk,  og går lykkelig på do når behovet melde seg. Men tenkjer nok på korleis me som gjester brukar øya. På kor mykje me belastar naturen, menneska , helsevesen. På korleis med oppfører oss. Nokre av oss seier øya "vår", noko den slett ikkje er. Eg applaudere "øya i vårt hjarta", for det er den jo for mange. Men øya tilhøyrer canarierne, me er bare gjester. Heldige gjester, som får lov til å leva og bu i dette fantastiske klimaet!

 

     Havet, sola, palmene, maten , den gode vin, gode dagar. Dette er Gran Canaria. Naturopplevelsar, byferie, gjestfrihet. Bare å velga og vraka. Og skyggesida? Den finn du. Fattige mennesker, kriminalitet, døddrukne turistar, narkotika. Folk dør. Av sjukdom, overdoser, mishandling. Slik livet er over heile verda. 

     Og hit kjem dei. Flyktningar. Frå Afrika, frå krig, fattigdom, redsel, med håp. Håp om ei framtid, håp om eit godt liv. Dei kjem i åpne båtar, mange dør før dei når land. Barn, kvinner og menn. Brukt sine siste ører på å betala for ein båttur dei ikkje har store sjansen ti å overleva. Me, i trygghet og med pengar i lommeboka, grøssar, og klarar ikkje  ta det inn over oss. Me skal jo tross alt tenkja på kor me skal shoppa i dag. Eller kva for ein restaurant me skal velga i kveld. 

     Sannheten er, me klarar ikke å forstå. Magane våre er altfor velfødde, me har frihet. Desse menneska som dør der ute på havet, i angst og redsel. Som mistar sine umistelige. Som oppever større sorg enn me kan skjøna. Og klart flyktningsstrøymen skapar problemer på turistøya. Mottaksapparatet blir sprengt. Løysningar er ikkje lett å finna. 

     Men eg håpar me kan visa empati. Ikkje bare "send dei tilbake". Prøva å skjøna at livet er vanskelig for desse menneska, dei er redde og desperate. Håp er det einaste dei har.

     Denne sesongen har det vore veldig varmt. I forhold til kva me kan huska frå tidligare sesongar. Calima har me på andre veka no, denne fine svevesanden frå Sahara. Som dekker terassar, snik seg inn i leilighetar og hus, og legg eit brunt sandlag overalt. Som trøblar med luftvegar og lunger, og gir oss slitsom hoste heile nettene. Ein bør beskytta seg om ein har dårlige luftvegar. 

 

     Bilde frå stranda i Patalavaca, litt calima.

 

     Onsdag tok med turen til Europasenteret. Levande, hyggelig senter på Europatoppen. Med ei fantastisk utsikt. Eit god måltid, med god service, blei inntatt på "GRILL GAROE". Me var virkelig storfornøyde!

 

 

    Det fins fleire pubar der ein kan høyra levande musikk. Slik me likar å gjera. Så gjengen vår toga, etter herremåltid og med fulle magar, ned på irske  "THE TEMPLE BAR", for å høyra "CROSSFIRE" spela. Hyggelig bar, flink betjening. 

 

 

     Og bandet? (Litt amputert denne kvelden, dei var 3 stk). Alltid vanvittig bra,stort repetoar, og gitaristen er et geni på gitar. Bandet skapar alltid stemning, og folk er stadig på dansegolvet. 

 

 

    Som regel kan ein høyra dei har onsdagar, og nokre torsdagar på " Buster Bar" i Arguineguin. Gå ikkje glipp av desse, dei spelar også på "Rock the Mountains" på mandagar.

     No er det snart lyst her, og dagen byrjar. Kaffien har eg snart drukke opp, så eg får finna doen og kvitta meg med væska som skvulpar i nedre region. Alle dogåarane har nok ikkje stått opp enda. Nokre blei seine i natt, høyrde eg då eg vakna. Lyden bære godt her mellom steinknausane.

    Ha ein fin dag alle, på godt og vondt! Må Vårherre passa på alle!

 

Del artikkel: Del på X

Relaterte artikler