MOSTER. DU ER SÅ VAKKER. Rommar så mange minner. No ligg du der, så frodig og grøn. Sola skin på deg, på menneska som høyrer heima der. Sjøen blenkjar, og lokkar. Holmar og øyar. Fiskeplassar. Sommardagar med høgt gras og vakre blomar. Fuglane syng til ære for deg. Mostringane balar og slite som andre, men naturen gjev fred og ro. Stunder med ettertanke
.
Eg er ein mostring. I hjarta mitt. Vel har eg budd lenge andre plassar, men her kjem eg heim. Det søkkjer i meg når me kjøre over brua , og eg ser Siggjo. Landemerke for sjøfarande og villfarne. Me kjøre forbi Røyksundskanalen, som er ei vakker lei. Passere kjerkå på Eikjeland, og snart kan me svinga av til Grindheim. Forbi skulen på Skimmeland, det gamle bygget der eg gjekk på skule i 9 år. Ni gode år. Der lærde eg å lesa og skriva, og måtte pugga Luthers katekisme. Trur eg kan deler av den enda..
Og så kjøre med den smale vegen ned mot Hammaren og Grindheimsvågen. Her vaks eg opp. Huset er borte no. Huset som romma minnene om dei som budde der. Bestemor Emma og bestefar Lars. Halvards-Larsen blei han kalla. Eg hugsar han så godt, bestefar med eit glasauga. Han spelte trekkspel, og bestemor spelte fela og piano. Det var alltid godt å væra i stova deira. Me budde i eine enden av huset, mamma Gerd og pappa Halvor med barneflokken. Så me levde tett på kvarandre. Mamma og pappa reiste frå oss så altfor tidlig. Dei fekk aldri oppleva å bli pensjonistar. Kreften tok dei begge i ung alder. Og når eg er på Moster, er det som dei er nær meg igjen. Luktar, lyder, stader, alt minnar meg om dei som har reist frå oss. Savnet blir aldri borte.
Ved sjøvegen ned mot Grindheimsvegen og Klassvikjå ligge hyttå. Hyttå som tante Millan og onkel Jens bygde for mange år sidan. Nedi Eikjehaugen. Enkel og koselig. No er også tante Millan og onkel Jens borte. Og me var så heldige å fekk kjøpa hyttå. Ein liten flik av garden der eg vaks opp. No sit eg i morgonsola på terassen. Og tenkjer på det som var. Dess eldre eg blir, til tider føle eg meg voldsomt gammale, bare så det er sagt, dess meir tenkje eg på dei som ikkje er her lenget. Dei som eg aldri tenkte på skulle dra så snart. Herfrå terassen ser eg bort på huset til tante Klara og tante Tilly. Pappas tanter, men me kalla dei og for tanter. Dei gifta seg aldri, og levde saman. No er dei også hos Vårherre, dei var sterke i trua.
Bestefar Lars og bestemor Emma.
Pappa Halvor
Mamma Gerd
Eg har alltid trivst på sjøen. Me var alltid ute i båt som ungar. Bada og fiska. Og forsatt kjenne eg på at å væra på sjøen er skjære terapien. Heldigvis har me ein steingammale Viksund her, og er så heldige å få låna båtplass. For å væra på Moster utan å kunna gå på sjøen ville vore tragisk for meg. Me elskar å fiska, og setja krabbateiner. Spenninga er altid lika stor, og me blir lika ivrige som småungar..
No har Moster eit stort jubileum som kjem opp, 1000 års jubileum for kristenretten. Det blir masse kultur, underhalding, musikk for stor og liten. Og eg reknar med at mange mostringar er svært stolte av heimplassen sin og historia si. Så det blir travelt for arrangørane. Får håpa Vårherre ordnar finvær til jubileumsveka. For dette blir magisk!
Grindheim er framleis ei levande bygd. Ein god stad å væra. Eg er vært takksam for at me kan tilbringa dagar her. Og takksam for at me alltid blir tatt godt imot. Glad for alt hjelp me får.
GOD SOMMAR, MOSTER!